Hopp til innhold

SV-Johnsen trur på utjamningsmandat - trass berre delsiger i Engebøsaka

Ho har bada seg gjennom 14 kommunar for å syne fram kampen for fjordar fri for gruvedeponi. Men ho vil få det tøft i kampen om stortingsmandat frå Sogn og Fjordane.

SV-Johnsen trur på utjamningsmandat - trass berre delsiger i Engebøsaka.

Val 2013: Utspørjing av Vibeke Johnsen (SV som seier nei til fjorddeponi er hennar fanesak.

I ettermiddag var Vibeke Johnsen frå SV andre toppkandidat ut i NRK Sogn og Fjordane sine valutspørjingar denne hausten. I utspørjinga var det liten tvil om at miljøsakene er det ho ønskjer å flyte på fram mot valet 9. september.

– Den viktigaste miljøsaka her i Sogn og Fjordane er å ha ein deponifri Førdefjord. Eg synes kanskje at dei som er forkjemparar for gruvedrift i Vevring snakkar om dei arbeidsplassane som kanskje skal kome, medan vi som står på miljøet og naturen si side står saman med dei arbeidsplassane som er knytt til fjorden i dag, sa Johnsen.

Den viktigaste miljøsaka her i Sogn og Fjordane er å ha ein deponifri Førdefjord

Vibeke Johnsen (SV)

Kallar utsetting ein delsiger

Ho meiner at det er ei kopling i denne saka, der fiskarane og havbruksnæringa står saman med miljøorganisasjonane og eit parti som SV som motstandarar av gruvedrift i Engebøfjellet. Men hennar partikollega, miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, har ikkje fått gjennom noko anna enn ei utsetjing av denne betente saka i regjeringa.

– Vedtaket som er fatta no er jo ei utsetting. Er det eigentleg ein miljøsiger?

– Det er i alle fall ein delsiger. Det er sjelden saker er vunne for evig og alltid, det gjeld også Lofoten , Vesterålen og Senja. Det er så sterke interesser som ønskjer å utnytte naturen uten å ta omsyn til den, så vi er heile tida nøydde til å jobbe for å forsvare miljøsigrane våre, slår Johnsen fast.

Eg har store problem med å sjå at dei opplysningane som ligg føre kan forsvare eit fjorddeponi

Vibeke Johnsen (SV)

Trur på deponi-nei

No skal saka om fjorddeponi i Førdefjorden ut på ny høyring, og ny informasjon skal hentast inn før regjeringa fattar eit vedtak. Om det blir ei regjering med SV i posisjon er etter meiningsmålingane å dømme, eit høgst usikkert prosjekt.

– Eg har store problem med å sjå at dei opplysningane som ligg føre kan forsvare eit fjorddeponi. Då tenker eg at dei som skal hente fram meir informasjon, får god dokumentasjon frå Havforskingsinstituttet, frå fiskeriorganisasjonane, frå næringane i Førdefjorden, blant anna havbruksnæringa. Då har eg tru på at vi framleis skal ha ein deponifri Førdefjord, meiner SV sin toppkandidat.

Tevlar mot heiltidspolitikarar

SV har lenge fått låge tal på meiningsmålingane, og i einskilde målingar er dei heilt ute av Stortinget. Under utspørjinga onsdag var det likevel ei kampklar Vibeke Johnsen som vart grilla.

– Eg opplever at det er ei stor interesse for dei sakene SV slåss for. Så er det sjølvsagt ein jobb for meg å bli kjend på vegner av partiet, i og med at eg er ein lokalpolitikar frå Sogndal med ein heilt vanleg jobb til dagleg. Veldig mange av dei eg tevlar om plass på Stortinget med er heiltidspolitikarar.

Veldig mange av dei eg tevlar om plass på Stortinget med er heiltidspolitikarar

Vibeke Johnsen (SV)

– Stort potensiale

Ho hevdar hardnakka at det er ein voldsom entusiasme i SV-organisasjonen i Sogn og Fjordane no nokre få veker før valet.

– Meiningsmålingane går opp og ned og dei har vore lågare no ei stund enn det vi ønskjer oss. Men så er det sånn at om lag ein tredjedel av velgjarane bestemmer seg i siste del av valkampen. Det tyder at det er eit stort potensiale for å nå fram med vår politikk.

– Burde SV gått ut av regjeringa?

– Det var eit samla landsmøte som stilte seg bak at vi skulle søke makt. Det er jo den store endringa for SV i nyare tid at vi frå 2005 har vore med og styrt landet.

Har du meiningar om dette? Bruk emnemerket #nrkvalg og #nrksf på Twitter eller på NRK Sogn og Fjordane si facebookside.