Hopp til innhold

Gler seg over ja til sjødeponi

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp gler seg stort over at regjeringa opnar for bruk av sjødeponi. Med det går det mot realisering av planane om gruvedrift i Naustdal, seier han.

Frank Willy Djuvik

NØGD: Frank Willy Djuvik i Frp er godt nøgd med det partiet hans har fått til i den nye regjeringserklæringa.

Foto: Alf Vidar Snæland

I går kveld la Høgre og Framstegspartiet si felles politiske plattform for dei neste fire åra. I grovskissa over kva dei to partia har tenkt å gjere i regjering blir det lagt opp til åtte hovudsatsingsområde.

I Sogn og Fjordane gler fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, seg over at partiet hans har fått gjennomslag for mykje av sin politikk. Skal han trekkje fram ei sak blir det regjeringa si haldning til sjødeponi.

«Åpne for at mineralnæringen kan benytte sjødeponi, men stille strenge krav og sikre miljøovervåkning».

Høgre og Frp sin politiske plattform

«I mange deler av Norge kan mineralnæringen føre til økt aktivitet og sysselsetting. Det er store verdier i fjellene våre. Mineralnæringen vil derfor være et viktig satsingsområde».

Høgre og Frp sin politiske plattform
– Eg har veldig mange saker eg er ekstra nøgd med, men eg er spesielt glad for at vi er så tydelege i forhold til mineralnæringa og at ein godtek fjorddeponi og at planane i Engebøfjellet ser ut til å bli realisert, seier Djuvik.

– Med det gir vi eit tydeleg signal allereie før regjeringa tiltrer og det er eit signal som betyr mykje for Sogn og Fjordane og Sunnfjord, seier Frp-politikaren.

Selskapet Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet i Naustdal, og planane betyr deponering av overskotsmasse i fjorden, eit såkalla fjorddeponi. Planane har vore omstridde og i vår sa Miljøverndepartementet førebels nei. No opnar altså den nye regjeringa slike deponi.

Gjennomslag for mykje

Under pressekonferansen i går var Frp-leiar Siv Jensen klar på at ein i slike forhandlingar må gi og ta, og det har partiet også gjort. Djuvik ser likevel ingen grunn til å ikkje seie seg nøgd med det Frp har fått gjennom.

– Vi gjekk til val med eit 96-siders fullspekka program med politikk, og vi har slik det ser ut fått gjennomslag for 75 av dei.

– For eit parti på 16,3 prosent så er det ikkje så gale å få så mykje gjennomslag som vi har fått i desse forhandlingane, seier Djuvik.

I tillegg til ja til sjødeponi trekkjer han også fram infrastruktur, innovasjon og utvikling som viktige felt der partiet har fått gjennomslag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjorddeponiet i Førdefjorden

DEPONI I FJORDEN: Nordic Mining vil drive gruvedrift i Engebøfjellet, og vil i den forbindelse demponere overskotsmasse i eit fjorddeponi i Førdefjorden.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Spent på oppfølging

Jenny Følling (Sp) som er KS-leiar i Sogn og Fjordane seier dokumentet er omfattande.

– Det e saker vi einige i, og saker vi er ueinige i. Det er viktige satsingar på eldre, skule, veg og kunnskap.

– Men det som blir spennande er i kva grad ein greier følgje opp dette, seier ho.

– Ein vil satse tungt på viktige område, og samtidig skal ein gje skattelette og redusere bompengeandelen. Difor er vi spente på korleis dette vil gå i hop, seier ho.

I sakene der den nye regjeringa vil lovfeste rett til ulike tilbod er Følling oppteken av at det kjem pengar som gjer at kommunane kan gjennomføre dette.

– Fryktar du at det ikkje følgjer pengar med lovnadane?

– Det som er tydeleg i dokumentet er at handlingsregelen skal følgjast, og at ein må greie følgje opp planen innanfor den, seier Følling.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jenny Følling

SPENT: KS-leiar Jenny Følling (Sp) er spent på korleis den nye regjeringa skal gjennomføre alle lovnadane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Har trua på gjennomføring

Djuvik på si side trur den nye Høgre-Frp-regjeringa på sikt vil ha nok pengar til å gjennomføre det dei har lagt opp til.

– Ein skal hugse på at det er saker som skal gjennomførast på kort sikt, og det er ein del store reformer som vil ta noko meir tid. Alt skal ikkje gjennomførast i 2014, seier Djuvik.

Han meiner det er spesielt viktig at regjeringa no i større grad vil skilje mellom investeringar og drift.

– Vi får eigne investeringsfond på både veg og sjukehus, og også for at kommunane i større grad skal kunne investere utan at det skal gå utover drifta.

– Må ha pengar til oppgåvene

– Vi seier at vi skal styrke kommuneøkonomien, og vi skal ha ein heilskapleg gjennomgang av inntektene til kommunane.

– Noko som blir framheva er at kommunane skal gjerast økonomisk i stand til å handtere dei oppgåve som både det førre og det nye stortinget pålegger dei, seier Djuvik.

Dette er noko også KS-leiaren i Sogn og Fjordane er oppteken av.

– Kommunane treng samsvar mellom dei oppgåvene dei skal gjennomføre og dei pengane dei får til å gjere det.

Skuffa over bompengar

I prosessen med å gi og ta er det også noko Frp sin fylkesleiar er skuffa over. Han gjekk til val på å få slutt på bruk av bompengar ved bygging av nye vegar, men her har ikkje partiet fått fullt gjennomslag.

Dei to partia har berre lova å redusere bompengeandelen i nye vegprosjekt.

– Vi er ærlege på at vi gjerne skulle fått redusert bompengeandelen endå meir, og i stor grad fått fjerna bompengar.

– Men dessverre er det slik at 83,7 prosent av veljarane har stemt på parti som ønskjer å auke bompengeandelen. Hadde ein ikkje fått Frp i regjering hadde vi ikkje fått redusert det i det heile teke, seier han.