Hopp til innhold

Gruvedrift i Engebøfjellet er lønsamt

Gruvedrift i Engebøfjellet vil gje ni kommunar samla skatteinntekter på 40 millionar kroner og 300 arbeidsplassar.

Sysselsettingsverknadar i Engebøfjellregionen

SYSSELSETTINGSVERKNADAR:

Foto: SINTEF

Ein rapport utarbeidd av SINTEF for Sunnfjord Næringsutvikling AS syner at gruvedrift i Engebøfjellet vil vere svært lønsamt. Det skriv avisa Firda i dag.

Dei 40 millionane omfattar både gruvedrifta og leverandørindustrien.

Dette kan variere med tre millionar pluss minus alt etter framdrifta og kor stor del av forsyningar som kjem frå lokale bedrifter.

Dei ni kommunane som vil dra nytte av gruvedrifta er Flora, Bremanger, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Gaular, Jølster, Førde og Naustdal.

Alle desse er tekne med som felle bu- og arbeidsregionar i omlandet til Engebøfjellet.

Engebøfjellregionen

ENGEBØFJELLREGIONEN: Desse kommunane vil få ei samla skatteinntekt på 40 millionar kroner.

Foto: SINTEF

Mange arbeidsplassar

Nordic Mining sitt prosjekt vil sysselsetje170 personar i sjølve gruvedrifta.

Rapporten til SINTEF syner at mineralindustrien totalt vil skape 300 arbeidsplassar i 2017.Dette vil skje dersom 40 prosent av underleveranse kjem frå lokale bedrifter og 225 arbeidsplassar om 20 prosent kjem frå lokale bedrifter.

Vidare i syner rapporten at prosjektet vil gje ei direkte avkasting på 473 millionar i 2017.

Med ringverknadar vil anlegget bidra med 530-570 millionar kroner årleg i samfunnsmessig verdiskaping i Engebøfjell-området, 600 millionar i Sogn og Fjordane/Hordaland og 760 millionar i heile landet, skriv Firda.

Fleire tilflyttarar

SINTEF reknar med folk vil strøyme til regionen etterkvart og gje ei auke i innflytting til området.

– Eg visste at dette var ei god næring, men ikkje så god. Både kjerneverksemda og underleverandørar vil få ei imponerande verdiskaping og inntening, seier Jan Støfring, dagleg leiar i Sunnfjord Næringsutvikling (SNU), til avisa Firda.

I 2022-2023 vil 50 prosent av dei sysselsette vere rekruttert via pendling og 50 prosent via busette med 150 på kvar.

I 2030 vil 60 prosent av dei sysselsette vere busette i regionen. Der tilflyttarar vil utgjere 200 medan pendlarar vil vere 160.