Hopp til innhold

Sogndal fekk ein draumestart på kampen, men topplaget slo tilbake

SOGNDAL (NRK): Både Sogndal og Molde trengde tre poeng i botnen og toppen av tabellen, men måtte ta til takke med poengdeling.

Stanisa Mandic og Chidi Nwakali

STJERNETREFF: Chidiebere Nwakali jubla hemningslaust etter at han sette inn 2–0 på eit langskot.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Etter ein første omgang med fire scoringar, roa det seg etter kvilen og kampen ebba ut i poengdeling. Det er eit resultat ingen av laga var strålande nøgd med, då begge hadde trengt tre poeng.

– Vi hadde kontroll og så slepp vi inn på corner og frispark. Det er altfor enkelt og skuffande at vi slepp inn slike mål, seier Sogndal-kaptein etter kampen.

Molde låg på sølvplass i dryge to timar, før Sarpsborg 08 tok med seg eitt poeng frå møtet med Rosenborg på Lerkendal. (sjå tabell lengre nede i saka)

Sølv er målet

Molde har vore i god form og stod med tre strake sigrar i eliteserien før kampen mot Sogndal, men måtte sjå at draumen om cupfinale rauk etter eit 3–0-tap heime mot Lillestrøm for knappe to veker sidan. Med uavgjort i Sogndal har dei sanka ti poeng på fire kampar.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Molde.

GODE VENER: Ole Gunnar Solskjær (t.h.) har vore trenar for Even Hovland då han var Molde-spelar. Etter kampen var det god stemning mellom dei.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Spelarane har byrja å kome i form, systemet sitt betre og vi viser god lagmoral. No er det sølv som er målet for vi vil ut att i Europa, seier Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær.

Ein av dei tøffaste utfordrarane til Molde på vegen mot ein eventuell sølvmedalje er Brann, som dei møter på heimebane i neste runde.

– Det er eit toppoppgjer og innbyrdes oppgjer er viktige. Vi tapte mot dei i Bergen, men vinn vi heime har vi nulla ut den og tatt eit stort steg mot medalje, seier Solskjær.

Brann på si side tapte 4–0 heime mot Kristiansund på fredag.

Sogndal på si side ligg no berre to poeng frå direkte nedrykk.

– Vi fekk tre poeng mot Aalesund borte sist og eitt poeng her. Vi har ein liten flyt og det er viktig å ta med seg inn i innspurten, seier Even Hovland.

For i neste serierunde skal Sogndal til Åråsen for å møte Lillestrøm. Det vert ein utruleg viktig kamp som kan avgjera kven som rykker ned og ikkje.

Ellevill førsteomgang

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Molde.

DEBUT: Even Hovland headar ned til Stanisa Mandic (nærast kamera) som scora 1-0-målet.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Den første omgangen på Fosshaugane hadde alt, så her er det berre å henga med.

Stanisa Mandic debuterte frå start for Sogndal og etter 11 minutt scora han på heading, etter at Even Hovland vann ein duell i feltet.

2–0 kom etter at Chidiebere Nwakali fekk ballen på 25 meter og førte ballen med seg eit par meter før han lada skotfoten. Med eit stjernetreff av ei anna verd sende han ballen rett i krysset bak ein sjanselaus Andreas Linde i Molde-målet. Ikkje ulikt det han scora i mot Kristiansund for ein dryg månad sidan.

– Eg trenar aktivt på det. Det handlar meir om teknikk enn om å skyta hardt, seier Nwakali om scoringane.

Det andre kremmarhuset for kvelden var signert Petter Strand og Molde, som fekk frispark på hjørnet av 16-meteren, ut mot sidelinja. Bergensaren lada skotfoten og banka ballen i krysset.

Stanisa Mandic og Chidi Nwakali

STJERNETREFF: Chidiebere Nwakali jubla hemningslaust etter at han sette inn 2–0 på eit langskot.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Molde.

STJERNETREFF: Her fyk frisparket til Petter Strand i vinkelen, bak ein sjanselaus Mathias Dyngeland.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Redusering sørga måltjuven Bjørn Bergman Sigurdarson for då han dukka opp på bakre stolpe og sette inn reduseringa, ti minutt før pause.

På stillinga 2–1 hadde Sogndal ein enorm sjanse til å gå opp i 3–1, då Bendik Bye kom åleine gjennom med keeper. Men avslutninga gjekk på innsida av stolpen og ut.

– Eg fekk god tid og følte eg gjorde det rette heile vegen, men det er snakk om millimeter om at den går inn eller ikkje, seier Bye om bommen.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Molde.

REDUSERING: Björn Bergmann Sigurdarson (t.h.) jublar over å ha sett inn reduseringa for Molde, 35 minutt ut i kampen.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..