Hopp til innhold

«Chidi» med praktscoring då Sogndal fekk pusterom i nedrykkskampen

SOGNDAL (NRK): «Chidi» Nwakali fekk draumetreff frå 25 meter og sikra 2–0 sigeren for Sogndal. Men dei siste vekene har vore tøffe for nigerianaren.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Kristiansund.

«Chidi» Nwakali jublar etter scoringa.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Mor mi er sjuk, men ho er betre no. I morgon reiser eg heim og besøker familien, seier Nwakali til NRK.

For tre veker sidan vart mora sjuk, men Nwakali har blitt verande i Sogndal og kjempa om poenga for laget som ikkje hadde vunne sidan 1. juli. No ventar ein tre vekers lang pause før neste eliteseriekamp og då har han fått ei veke fri til å reisa heim til Nigeria.

– Ein må skilje mellom jobb og kjensler. Laget hadde bruk for meg og eg har fått utruleg bra støtte frå dei, seier han

For etter 76 minutt tok Gilbert Koomson eit kjapt frispark til «Chidi» Nwakali på 25 meter. Ingen Kristiansund-spelarar pressa og då lada nigerianaren skotfoten. KBK-keeper Sean McDermott fekk ei hand på den, men ikkje nok til å hindra skotet.

– Det er moro for han og skotet er bra. Eg syns han speler bra og jobbar hardt, spesielt med dei utfordringane han har hatt med familien i det siste, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Iskald

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Kristiansund.

JUBEL: Gilbert Koomson og Bendik Bye feirar 1-0-scoringa.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Etter eit kvarter tok heimelaget leiinga etter at Gilbert Koomson var iskald frå straffemerket. Victor Grodås kom rundt på kanten og på veg mot mål vart han dradd ned av Joakim Bjerkås. Dommar Trygve Kjensli hadde ingen andre val enn å peika på straffemerket.

Og etter halvspelt første omgang var Sogndal nære å dobla leiinga. Bendik Bye vart spelt åleine gjennom med KBK-keeper Sean McDermott, men keeperen slo til med ei strålande redning og hindra 2–0-scoringa. Etter ein halvtime hadde heimelaget ein ball til i nettet, men Taijo Teniste si scoring vart annullert for offside.

– Vi skulle hatt ei scoring til, for det var ikkje offside, seier Bakke.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Kristiansund.

INGEN FEIL: Gilbert Koomson var iskald frå straffemerket og sende heimelaget i føringa.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Hoseth comeback

Sogndal var det beste laget i første omgang og heldt fram etter kvilen. I løpet av det første kvarteret var både Bye og Koomson nære ved å scora, men KBK-keeper McDermott varta opp med gode redningar.

– Vi er ikkje nøgd med denne prestasjonen. Framstår vi som dette i kampane framover vert det ikkje mange poeng utover hausten. Vi mangla gløden, men eg nektar å tru vi vil sjå sånn ut utover hausten, seier KBK-trenar Christian Michelsen.

Tidlegare Molde, Vålerenga og FC København-spelar Magne Hoseth vart klar for Kristiansund for nokre dagar sidan, og fekk sine første minutt i for KBK då han kom inn etter 72 minutt. Det er første gong på 22 månader at han speler i eliteserien.

– Eg hatar å tape. Det er ikkje noko kjekt. Men no må vi berre børste av oss støvet og komme oss tilbake på vinnarsporet, seier Hoseth til NRK.

Lag i dårleg form

For Sogndal måtte Kjetil Wæhler og Per-Magnus Steiring stå over med karantene, noko som gjorde at Bjørn Inge Utvik (21), Reiss Greenidge (20) og Ulrik Fredriksen (18) danna forsvarstrioen. Det gjev ein snittalder på 19,6 år.

Utvik starta sin første kamp sidan han braut ankelen mot Haugesund, 7. mai i år.

Før kampen låg Kristiansund på kvalifiseringsplassen mot nedrykk frå Eliteserien med Sogndal eitt poeng framfor seg. Sogndal hadde tre strake tap på dei siste kampane, medan Kristiansund berga uavgjort i på overtid mot medaljejagande Sarpsborg 08 sist helg.

Sist Sogndal vann ein kamp var mot Aalesund 1. juli, medan Kristiansund ikkje har vunne sidan dei slo Stabæk 4–1 i slutten av juli.

Laster innhold, vennligst vent..