Hopp til innhold

Naudnettet utsett nok ein gong - uheldig, meiner Helse Førde

Utbygginga av det nye digitale naudradionettet er nok ein gong forseinka i Sogn og Fjordane og Hordaland. Ikkje før tidlegast til hausten, kan naudetatane ta i bruk det nye systemet.

Nødradio

NY UTSETJING: Dei nye naudradioane skal gjere kommunikasjonen mellom dei ulike blålysetatane mykje enklare og betre.

Foto: Jørn Tveter / NRK

– Det er sjølvsagt uheldig at dei ikkje klarer å følgje den framdriftsplanen som er lagt her. Det det viser er at når dei kjem ut skal setje opp alle desse mastene så er ikkje det så enkelt som ein trur, bak skrivepulten ein eller annan plass, seier beredskapssjef i Helse Førde, Jan Petter Sæbø, til NRK.

For gjennomføringa av eit nytt naudnett har blitt utsett fleire gonger i Sogn og Fjordane. I desember 2013 blei det varsla at det skulle kome på plass innan desember 2014. No er det lova at utrykkingsetatane skal få sin nye, digitale måte å snakke saman på innan desember 2015.

Hevdar det er tekniske årsaker

Det er direktoratet for naudkommuikasjon, DNK, som har ansvaret for å byggje ut og drifte det nye digitale nettet. Utbyggingsdirektør Dagfinn Sjøvik forklarar at det er tekniske årsaker til at utbygginga har teke betydeleg lenger tid enn planlagt her i fylket.

Beredskapssjef Jan Petter Sæbø i Helse Førde

I BEREDSKAP: Jan Petter Sæbø i Helse Førde.

Foto: Johan Moen

– Den konkrete årsaka går på ferdigstilling av radionettutbygginga. Det skal byggjast 189 stasjonar i Sogn og Fjordane for naudnett, og det tok litt lenger tid enn det som var planlagt frå leverandøren si side. No er vi i god driv, og er ferdige med 75 prosent av stasjonane i dag, og vi er i god rute for å ferdigstille dei resterande fram til midten av andre kvartal i år.

Dei nye naudradioane er teke i bruk, mellom anna i Oslo. Men Sjøvik meiner at fylke som mellom anna Sogn og Fjordane og Hordaland ikkje har blitt nedprioritert.

Vil vere godt rusta

– Vi orienterte naudetatane i fjor om at det var ei utsetjing av utbygginga av radionettet i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det blei kommunisert ut på vårparten i fjor, og det blei endra planar i høve det.

Styret i Helse Førde blir i dag orientert av beredskapssjef Jan Petter Sæbø om status for beredskapsarbeidet i helseføretaket.

– Med naudnett på plass frå hausten og betre samhandling med andre etatar og kommunar vil Helse Førde vere godt rusta til å møte daglege hendingar, men også dei store katastrofane, meiner han.