Hopp til innhold

Krav om naudnett i tunnelar

Fleire etatar i Sogn og Fjordane uttrykkjer i eit brev uro over at så få tunnelar i fylket får naudnett.

Frudalstunnelen på Rv 5 Sogndal-Fjærland

UTAN NAUDSAMBAND: Den 6,7 kilometer lange Frudalstunnelen på rv5 er mellom tunnelane som blir utan naudsamband.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkesmannen, fylkeskommunen, politimeisteren, Helse Førde og KS i Sogn og Fjordane har skrive brev til Justis- og beredskapsdepartementet om saka, skriv Bergens Tidende.

Det er 95 tunnelar i Sogn og Fjordane som er over 500 meter lange, mindre enn ein tredel av desse får samband i det nye naudnettet. Og tunnelane oppfyller ikkje eitt av kriteria for å få naudnett, at dei har ein årsdøgntrafikk på over 5000.

«Vi meiner at trafikktal ikkje kan vere avgjerande for om det skal installerast naudsamband. Når ulukka er ute er konsekvensen den same anten tunnelen har høg eller låg trafikk», heiter det mellom anna i brevet.

I brevet til departementet blir det mellom anna lagt vekt på at mangelen på naudnett kan skape store problem for ambulansetenesta.

«Ved pasienttransport til dømes langs riksveg 5 frå Sogndal til Førde vil det vere uråd å kommunisere på store delar av den ti mil lange strekninga. Korkje i Frudalstunnelen (6,7 km), Bergstunnelen (2,6 km) eller i Fjærlandstunnelen (6,4 km) er det planlagt dekning», skriv dei fem etatane i brevet til Justis- og beredskapsdepartementet.