Hopp til innhold

Det nye naudnettet er på plass om eitt år

Det nye, digitale naudnettet skal vere på plass i Sogn og Fjordane frå desember 2014. Men styremedlem i Helse Førde, Trude Brosvik, er uroa for at ikkje heile fylket vert tilstrekkeleg omfamna av det nye naudnettet.

Styremøte Helse Førde

UROA: Styremedlem i Helse Førde, Trude Brosvik (i midten) er uroa for om alle kommunane i fylket for godt nok utbytte av det nye naudnettet. T. v. kommunikasjonssjef i Helge Førde, Terje Ulvedal og til høgre styremedlem Anny Felde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er uroa fordi eg veit at det er mange av tunnelane på våre vegar i Sogn og Fjordane som anten er for korte eller har for låge trafikktal til at dei vert utbetra og får naudnett installert frå starten av, seier Brosvik.

Snart skal politi, brann og helsevesen få seg nytt digitalt naudsamband. 12 nye vegtunnelar i Sogn og Fjordane får naudnett, men dei eldste og lengste tunnelane står ikkje på lista.

Ho peikar på at spesielt frå Sogn og mot Førde så er det fleire av desse tunnelane.

– Og då vert det mange minutt utan dekning, så det uroar meg, seier Brosvik.

Usikker på dekningsgrada

I Norge er det 974 tunnelar med ei samla lengde på over 1000 kilometer. Nesten halvparten av dei er i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Brosvik er ikkje åleine om å vere uroa for at det nye avanserte naudnettet ikkje skal vere godt nok for distriktsfylket Sogn og Fjordane.

Styremedlem i Helse Førde og kommuneoverlege Knut Cotta Schønberg i Luster er usikker på korleis dette vil slå ut.

– Vi veit framleis ikkje kor stor dekningsgrada vert. Eg bur i ein grisgrendt og svært vidstrekt kommune. Det er framleis uvisst om alle kommunale vegar vert dekka, eller dei områda der kommunehelsetenesta prioriterer ekstra samband, seier Schønberg.

Han legg til at ein mellom anna har ein krevjande fjellovergang på fylkesveg 55 over Sognefjellet der ein ikkje har fullgod dekning av vanleg mobilsamband i dag.

Må leggje fram rette fakta

– Dette er eit politisk spørsmål, så Helse Førde sin jobb må vere å leggje fram fakta. Det fekk vi beskjed om at dei har vore pro-aktive på. Så må alle gode krefter dra i lag, slik at også tunnelar med lite trafikk, også får same tilbodet, seier Brosvik.

Beredskapssjef i Helse Førde, Jan Petter Sæbø, er uansett overtydd om at eit nytt naudnett vil vere viktig for ein betre alarmberedskap i Sogn og Fjordane.

– Det blir vurdert heile vegen i forhold til dekningsområde og korleis vi kan utnytte dette best mogleg. Det er andre som er inne og ser på dette. Vi får desse rapportane og ser på dette, og gir tilbakemeldingar, seier Sæbø.

Vil krevje dei mastene som trengst

Han legg til at det heile er ein omstendeleg prosess, og at slett ikkje alt er endeleg bestemt endå.

– Eg har tru på at vi bør kunne klare å dekke det meste av Sogn og Fjordane når dette kjem, seier Sæbø.

Schønberg er klar på at dei kjem til å følgje prosessen med argusauge.

– Vi skal gi innspel og vi skal hengje på for å krevje opp dei mastene som er naudsynte, seier Schønberg.