Hopp til innhold

Klar for å byte ut mosjonisttrening med konkurransar mot dei aller beste

FØRDE (NRK): På det mørkaste vegra Karoline Erdal seg for å gå ned ei trapp, fordi ho også måtte gå opp att. Gjer ho alt rett framover, kan ho bli blant dei aller beste i verda, trur skiskyting-ekspert.

Karoline Erdal

VIL TIL TOPPEN: Karoline Erdal er ein del av rekruttlandslaget, som er laget med dei nest beste kvinnene i norsk skiskyting. Gjer ho det godt i vinter kan ho konkurrere saman med Tiril Eckhoff og Synnøve Solemdal i verdscupen – mot verdas beste.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Ola Lunde

TALENT: Ekspertkommentator i NRK, Ola Lunde, seier det er fullt mogleg for Karoline Erdal å kome tilbake til toppen. Gjer ho seg tida, får trent bra og gjer alt rett, kan ho bli blant dei aller beste kvinnelege skiskyttarane i verda, trur han.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Potensialet hennar er veldig stort, men ho må bruke tid. Kanskje to, tre år for å jobbe seg opp og vere topp ti i verda. Men det har ho absolutt moglegheit til – dersom ho gjer alt rett framover og ikkje blir for ivrig, seier NRK-ekspert i skiskyting, Ola Lunde.

Liv Grete Skjelbreid, Tora Berger og Tiril Eckhoff. Og kanskje Karoline Erdal. 20-åringen frå Førde kan bli ein av dei aller beste skiskyttarane i Noreg, og i verda.

Vinteren for halvanna år sidan leverte ho sin beste sesong. Ho vart beste norske i den nasjonale opninga på Sjusjøen , og tok stafettgull i junior-VM og EM-sølv på stafett for senior.

Fekk høg puls av ingenting

Siste året som junior ville ho gje litt ekstra på trening. Men litt ekstra vart for mykje. Smellen kom brått og brutalt.

Karoline Erdal under normalprogramet, junior-VM 2017

JUNIOR-VM 2017: Som junior tok Karoline Erdal gull på stafett i 2017, medan ho året før tok eit individuelt juniorgull i VM på sprint.

Foto: Rene Miko / Norges Skiskytterforbund

– Eg vil nesten ikkje tenke på det. Det var skikkeleg tøft, fysisk og mentalt. På eit tidspunkt var eg der at eg ikkje ville gå ned trappa fordi eg visste eg måtte gå opp att.

Treningstimane vart erstatta med timar på sofaen. Det og søvn var alt ho orka tenke på.

– Trening fekk kroppen til å reagere med høg puls, eg vart andpusten og fekk syre berre eg jogga.

Frå august til mars har ho nesten ikkje trent. Aktiviteten ho har drive med kallar 20-åringen sjølv for mosjonisttrening.

– Det har vore dagar der eg har sett mørkt på det å kome tilbake. Det verste har vore tanken på kor lang tid det vil ta.

Karoline Erdal

LANGT NEDE: – Eg meiner sjølv at eg har vore flink til å tenke positivt. Eg veit kva eg vil og kva eg er god for, seier Karoline Erdal. Bildet er teke i vinter då ho måtte sitte heime og sjå lagvenninnene konkurrere.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vil sette meg mål eg ikkje har nådd før

I april byrja ting å fungere. Mai vart betre, og i juni og juli har stortalentet trent nesten optimalt. Tankane om at ho har gått glipp av over eit halvt år med trening har plaga ho innimellom.

– Men eg kan ikkje tenkje på det. Eg må byggje stein for stein.

Med nedturen like bak seg, har ho likevel ikkje vore forsiktig når ho har sett seg mål for sin første sesong som senior.

– Eg håpar å kvalifisere meg til, og ta pallplass i IBU-cupen. Eg vil og ta pallplass i senior-EM, og så har eg lyst å kvalifisere meg til å gå verdscuprenn. Eg veit kva kroppen min er i stand til.

Lunde har trua.

– Overgangen frå junior til senior er veldig tøff, men Karoline har vist at ho har eit veldig høgt nivå. Med solid og god trening håpar eg ho kan prestere i toppen i IBU, og kanskje frå prøve seg i verdscupen. Det hadde vore eit veldig bra steg i rett retning.