Hopp til innhold

Satsar mot verdstoppen i skiskyting med trening i kjellaren og trappeløp

FØRDE (NRK): Mangelen på standplass og rulleskianlegg gjorde at hardtsatsande skiskyttarar frå Førde måtte vera kreative i treninga. Karoline Erdal (19) vart juniorverdsmeister.

Utan rulleskianlegg og skyttarstadion har skiskyttarane i Førde vore kreativ i treninga.

– Det er mange som skyt innandørs for basisskytinga, men det å ha det som einaste alternativ er det ikkje mange som har, seier Karoline Erdal.

NRK er med ho, storebror Ole Martin (24) og Håvard Gutubø Bogetveit (25) på ei normal treningsøkt for skiskyttarane i Førde.

Den føregår på denne måten:

I klubbhuset ved skytebana i Kråkenesmarka er det ei 15 meter lang skytebane i kjellaren, sjansane for å få konkurranseretta trening er avgrensa. Men med litt kreativitet har dei funne ut at ved å springe opp dei tre etasjane i huset, får dei opp pulsen før skytetreninga.

Karoline Erdal

JUNIORVERDSMEISTER: Karoline Erdal.

Foto: Kaia Viki / NRK

Vart ledd av

Trass i at dei ikkje har fått kombinert skitrening og skyting har dei alle hevda seg i toppen nasjonalt, sjølv om dei fleste konkurrentane har hatt betre tilrettelagde treningsanlegg.

– Eg hugsar spesielt då eg byrja på Norges toppidrettsgymnas (NTG) på Geilo, då var det fleire som lo av måten vi hadde trena på, seier Ole Martin Erdal med eit smil.

– Mange syntest det er ubegripeleg at vi heldt på med dette her, legg Gutubø Bogetveit til.

Ole Martin Erdal

HAR STAFETTGULL I NM: Ole Martin Erdal.

Foto: Kaia Viki / NRK

Og sjølv om treningskvardagen ikkje har vore den beste har dei solide merittar å vise til.

Gutubø Bogetveit tok NM-gull på stafett førre vinter, saman med Ole Martin Erdal. I tillegg har han NM-sølv og bronse, samt ein siger i IBU-cupen (nivået under verdscupen).

Karoline Erdal er juniorverdsmeister, både på stafett og individuelt. Ho vart også beste norske under opninga av førre sesong på Sjusjøen med ein fjerdeplass og var med på laget som tok sølv i senior-EM.

– Det viser at det går å hevda seg sjølv om ein ikkje har dei beste treningsfasilitetane, seier ho.

Håvard Gutubø Bogetveit

HAR STAFETTGULL I NM: Håvard Gutubø Bogetveit.

Foto: Kaia Viki / NRK

På veg

For i Stryn, der verdsmeistrane Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø kjem frå, har dei topp moderne anlegg med rulleskiløype og standplass. Det same har dei i Vik.

Men no er rulleskiløype på plass i Sunnfjord etter at asfalten vart lagt på Langeland førre veke. Til neste år kjem det også skyttarstadion.

– Det vil bety mykje, både for oss og rekrutteringa. Då kan vi reise oftare heim, utan å føle at vi ikkje får trena skikkeleg, seier Karoline.

For dei er berre tre aktive som satsar i Førde, og sjølv om alle tre no bur på Austlandet skjønner dei at folk har vore skeptiske til å satsa på skiskyting i Sunnfjord.

– Det har vore til stor hjelp å vera tre. Det hadde ikkje vore noko særleg å springe opp og ned trappene i klubbhuset her åleine, seier Ole Martin Erdal.

Langeland rulleski

NY KVARDAG: Med rulleskiløypa klar til bruk er ei brikke på plass for at dei tre kan få betre treningstilhøve heime i Sunnfjord.

Foto: Kaia Viki / NRK