Hopp til innhold

Her herjar skrantesjuka – kallar til krisemøte i Lærdal og Hallingdal

Vakthald langs to aust-vest vegar skal hindre at den frykta skrantesjuka spreier seg blant villreinen i Nordfjella.

Skrantesjuke m /namn - Kart

Den frykta dyresjukdomen er nemleg å finne mellom Rv 52 på Hemsedalsfjellet og Fv 50 Aurland-Hol.

Det er det foreløpige resultatet etter at alle villrein som har testa positivt på den svært smittsame dyresjukdomen, har hatt tilhald i fjellområda mellom riksveg 52 Hemsedalsfjellet og fylkesveg 50 Aurland og Hol.

– Til no er det funne tre positive prøvar av hjernesjukdomen CWD på rein. Alle er i ein avgrensa villreinstamme i Nordfjella mellom riksveg 52 og fylkesveg 50, stadfestar seniorrådgjevar Julie Enebo Grimstad i Mattilsynet til NRK.

Villrein i Lærdalsfjella

UVISS FRAMTID: Skrantesjuke kan i verste fall truge eksistensen til villreinen og andre hjortedyr i Norge.

Foto: Jan Christian Jerving

Set inn reingjetarar

Eit av strakstiltaka som miljøstyresmaktene set inn, er vakthald langs desse vegane.

Langs riksveg 52 over Hemsedalsfjellet skal reingjetarar sørge for at villreinen i vinter held seg på vestsida av vegen, og at tamreinen som held til på austsida, blir verande der.

Langs fylkesveg 50 Aurland-Hol blir det passa på at dei ulike villreinstammane ikkje omgår kvarandre.

– Vi er bekymra for denne sjukdomen på hjortevilt, seier Grimstad.

Mange prøvar

Det var i april i fjor at hjernesjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD) – skrantesjuke på norsk – vart påvist på ei død reinssimle i Lærdalsfjella.

I mai vart det påvist det same på to elgar i Trøndelag. Tidlegare var sjukdomen berre kjent frå USA og Kanada, og den var aldri før blitt påvist på rein.

Dette var startskotet for uttak av nesten 8 000 prøvar frå rein, hjort og elg i løpet av storviltjakta 2016. Berre to nye tilfelle vart påvist – alle på villrein.

Hjerneprøver av villrein drept av lynnedslag

STORSTILA PRØVETAKING: Nær 8000 prøvar av avliva hjortedyr vart teke i 2016. Her blir det teke hjerneprøver av villrein drepne av lynnedslag på Hardangervidda.

Foto: Jan Christian Jerving

Likevel set styresmaktene inn tiltak. Mellom anna på grunn av erfaringane frå Nord-Amerika, der det har vore naudsynt å utrydde heile stammar for å unngå at sjukdomen spreier seg.

Skrantesjuke er uansett dødeleg for dyra, og svært smittsam.

– Vi er vant med å tenkje føre var i Norge. Og vi er vant til å setje i verk tiltak mot dyresjukdomar. Mellom anna er dette blitt gjort med stort hell mot gyro i Lærdalselvi og mot skrapesjuke på sau, seier Grimstad.

Julie Enebo Grimstad

FAGPERSON: Julie Enebo Grimstad er veterinær og seniorrågjevar i Mattilsynet.

Foto: Privat

Krisemøte

Eit anna tiltak er informasjon. Onsdag og torsdag denne veka skal miljøstyresmaktene halde møter i Lærdal og Ål.

Hit kjem representantar frå Mattilsynet, Miljødirektoratet, Statens naturoppsyn, NINA og veterinærinstituttet.

Lars Nesse, som leiar villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen, seier fagfolka vil møte lokalbefolkninga og kommunane for å understreke alvoret med sjukdomen, som skuldast forhold i cellene og som difor ikkje spreier seg på vanleg måte via virus, bakteriar eller parasittar.

Sjukdomen skal ikkje vere farleg for menneske, ifylgje Mattilsynet.

– Resultatet av innsamling av prøvar under storviltjakta vil bli presentert, pluss kva tiltak som kan bli aktuelle for å overvinne sjukdomen, seier Nesse til NRK.

Prøvetaking for skrantesjuka

PRØVAR: Skrantesjuke er ein hjernesjukdom og blir difor berre påvist av prøvar frå hjernen. Seniorinspektør Rune Myklatun i Mattilsynet tek prøvar av ein hjortehjerne.

Foto: Arne Stubhaug / NRK