Hopp til innhold

Ber jegerane dekke til slakteavfallet

Hjortejakta starta ved midnatt, og under årets jakt ber Mattilsynet jegerar ta omsyn til den dødelege dyresjukdomen skrantesjuke som er påvist i fylket.

Hjortejakt i Norddalsfjorden

HJORTEJAKT: Mattilsynet vil ha hjelp frå jegerane i samband med registreringane av skrantesjuke på hjortedyr.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi håpar at jegerane ute i felt kan dekke til slakteavfallet, slik at ein kan hindre at rev og fuglar spreier dette. For det kan vere smittefare knytt til slikt avfall, seier Myklatun.

I Gloppen, Flora, Lærdal, Aurland og Årdal skal hjortehovuda leverast inn til inspeksjon.

– Der skal det takast prøvar i fem veker framover, og det skal takast prøvar som av hjort som er over eitt år, seier Myklatun.

Omfattande testing

Aldri før har det vore gjennomført ei så omfattande testing for sjukdom på norske hjortedyr. Målet er teste over 15 000 hjortedyr . I over 50 kommunar frå Troms i nord til Vest-Agder i sør har dei rigga seg for å ta imot hovud frå elg og hjort skotne under jakta.

I Heggjabygda i Eid vart dei første hjortane skotne i morgontimane torsdag.

– Det har gått svært bra. To av jegerane i jaktlaget skaut seg kvar sin unghjort seier jaktleiar Oddbjørn Frislid.

– Fryktar de skrantesjuke som ein skal teste for i haust?

– Det høyrest skummelt ut. No får vi ta prøvar og få dei undersøkt, og så håpar eg at det få dyr som er smitta, seier Frislid.

Viktig registrering

– Dette registreringsarbeidet er heilt avgjerande. Vi har fått ein stygg dyresjukdom, seier Myklebust.

Rune Myklatun, seniorinspektør i Mattilsynet

TESTAR HJORT: Rune Myklatun er seniorinspektør i Mattilsynet.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Til no er det registrert to tilfelle her i fylket, begge på reinsdyr i Lærdal . I tillegg er det og funne smitte på elgar i Trøndelag.

– I haust skal vi ta masse prøvar av dyr som vert skotne i samband med jakta. Desse prøvane håpar vi skal kunne gi oss svar på kor utbreidd sjukdommen er.

Fryktar du at de skal oppdage mange nye tilfelle?

– Eg må vere så ærleg å seie at det gjer eg. Vi har smitte på fire dyr til no. Så langt har vi ikkje funne det på hjort, men frå Nord-Amerika veit vi at det hjorteviltet som har vore mest smitte utsett, seier Myklebust.