NRK Meny
Normal

Fryktar at hjort og rein må utryddast

Forskarane fryktar for framtida til hjortedyra våre dersom den sjeldne sjukdomen CWD har spreidd seg. Akkurat no går det føre seg ei storstila prøvetaking av rein felt under reinsjakta for å avdekke omfanget.

Villrein i Lærdalsfjella

USIKKER FRAMTID: Her går villrein i Lærdalsfjella sommaren 2016, men dei går ei usikker framtid i møte med tanke på omfanget av den sjeldne sjukdomen CWD.

Foto: Kåre Rudningen

I april vart hjernesjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD) påvist på ei død reinssimle i Lærdalsfjella. I mai vart det påvist det same på to elgar i Trøndelag. Tidlegare er sjukdomen berre kjent frå USA og Kanada.

– Kunnskapen om sjukdommen har vi frå dei to landa. Finn dei eit tilfelle av sjukdomen der, skal alt hjortevilt på ein radius på 20 kilometer ut. Får dei to eller fleire tilfelle skal radiusen auke til 70 kilometer. Det vil få enorme konsekvensar i Norge dersom vi må ty til liknande nedskyting, seier Lars Nesse, leiar av villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen.

Ulækjeleg

Forskar Bjørnar Ytrehus ved Norsk institutt for naturforsking seier sjukdomen er ein prionsjukdom og ulækjeleg. Den skuldast forhold i cellene og ikkje virus, bakteriar eller parasittar. Lettast kan den samanliknast med skrapesjuke hjå sau eller kugalskap.

– Eit av hovudproblema er lang inkubasjonstid som kan vare i fleire år. I denne tida skil dyra ut smittestoff gjennom avføring og urin og smitten er motstandsdyktig og kan ligge i naturen i mange år. Det kan binde seg til jord og støv og takast opp i planter som dyra et, seier Ytrehus.

Reinsdyr

MÅ PASSE SEG FOR SJUKDOM: Under årets reinsjakt er det storstila prøvetaking av felt rein for å avdekke omfanget av sjukdomen CWD.

Foto: Jan Christian Jerving

Stor undersøking

For å finne ut kor utbreidd sjukdomen er har styresmaktene inngått eit samarbeid med reinjegerane under årets haustjakt. Veterinær Kåre Rudningen i Lærdal tek hjerneprøvar av hovuda som jegerane tek med seg ned att i dalføret.

– Vi har ein ambisjon om å få undersøkt det aller meste av det som blir skote under jakta, seier Rudningen.

Kåre Rudningen

TEK HJERNEPRØVAR: Frå hovuda til skotne reinsdyr tek veterinær Kåre Rudningen i Lærdal hjerneprøver.

Foto: Jan Christian Jerving

Forskarane fryktar for framtida for hjortedyra i Norge dersom sjukdommen har stor spreiing.

– Forskarar i Nord-Amerika meiner at dersom sjukdomen først er etablert i ein hjorteviltbestand så vil det ramme mange av dyra i sin beste alder og gå utover produksjonen av kalvar og etter kvart fører til at stammen døyr ut lokalt, seier Ytrehus.

Truleg fleire smitta

Rudningen trur sjukdomen alt har spreidd seg.

– Det er liten sannsyn for at vi har oppdaga dei einaste tre smitta i Norge med over 30 mils luftline i mellom, seier Rudningen.

Han tykkjer tiltaka i Kanada er for drastiske og meiner vi først bør finne ut kva vi står overfor.

Fagdirektør Kristina Landsverk i Mattilsynet seier sjukdomen ikkje er farleg for menneske.

– Med den informasjonen vi har om sjukdomen per i dag så er det ingen som har blitt sjuke av å ete dyr som har Chronic Wasting Disease, seier Landsverk.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast