NRK Meny
Normal

Har ikkje påvist funn av skrantesjuke på hjort

Nær 1800 hjortar i Norge er til no testa for den dødelege sjukdommen skrantesjuke. Verken i Sogn og Fjordane eller resten av landet er det gjort funn så langt.

Kronhjort hjort bukk frønningen

HAR TESTA 615 HJORTAR: Hjortejegerane har vore med på ein veldig dugnad denne hausten. Berre her i fylket er det testa over 600 dyr.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ifølgje Mattilsynet sine tal var det før helga analysert 1792 prøver frå hjortar som er skotne i løpet av jakta. Sogn og Fjordane er eit av dei store hjortefylka, og så langt er det testa for sjukdommen på til saman 615 hjortar her.

– Alle har vore negative, så det er veldig bra, seier Terje Ramstad, seniorinspektør i Mattilsynet i Sunnfjord og Sogn.

Mattilsynet sine tal viser at det per 7. oktober er analysert hjerneprøver frå 5634 hjortedyr på landsbasis. Det er påvist funn av skrantesjuke på to elgar og tre villrein. Alle dei tre smitta villreinane var i Nordfjella villreinområde.

Omfattande kartlegging

Både forskarar og jegerar vart uroa då det i april vart påvist at ei død reinssimle i Lærdalsfjella var smitta av den alvorlege hjernesjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD). Månaden etter vart same smitte påvist på to elgar i Trøndelag.

Sjukdommen, som i Norge har fått namnet skrantesjuke, er tidlegare berre kjent frå USA og Kanada. Men med tre tilfelle på norske hjortedyr på kort tid, frykta ein at smitten hadde spreidd seg.

Ei omfattande kartlegging vart starta opp, der målet er å teste 15.000 hjortedyr for sjukdommen før 2016 er over.

Her i fylket vart kommunane Flora og Gloppen, i tillegg til Lærdal, Aurland og Årdal, plukka ut til å vere med på kartlegginga.

Dei tre sognekommunane vart valde ut fordi dei ligg i nærområdet til Nordfjella villreinområde.

Held fram testing i Sogn

Terje Ramstad, Mattilsynet

NØGD: Terje Ramstad seier Mattilsynet er veldig nøgde med at det ikkje er påvist funn av skrantesjuke på hjortar i Sogn og Fjordane. – Så blir det andre enn meg som må analysere desse tala og konkludere med korleis ein skal jobbe vidare for å overvake dette, seier han.

Foto: Privat

I Flora og Gloppen er det testa vel 200 dyr i kvar av kommunane. Der har ein no avslutta prøvetakinga, seier Ramstad. I Lærdal, Aurland og Årdal vil ein halde fram med testinga, iallfall ut oktober.

– Dette er fordi ein ønskjer å teste fleire dyr, seier Ramstad.

Ifølgje tala frå Hjorteviltregisteret er det også testa dyr frå andre kommunar enn desse fem. Ramstad seier dette gjeld dyr som anten er påkøyrde eller som har blitt selde som mat.

Skal teste 10.000 dyr til

For å nå målet om å teste 15.000 dyr, er det 10.000 prøver som må takast før nyttår.

I tillegg til at Mattilsynet ønskjer å teste fleire dyr i Indre Sogn, vil det også bli gjort testar på alt av såkalla fallvilt, i heile fylket ut året.

– Det er vilt som har omkome anten av påkøyrsler, dei kan vere drukna eller blir funne døde i skogen. I tillegg blir det teke prøver av hjortedyr som viser avvikande oppførsel. Også det gjeld for alle kommunane.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå