Hopp til innhold

Villrein-melding: Vil sette grenser for folk, hytter og stigar

Turstiar i fjellet kan bli lagt om eller stengt, og det blir strenge restriksjonar for nye hytter i villreinens kjerneområde.

Villrein

SKY TYPE: Villreinen er ekstremt sky og vàr for menneske. Nå foreslår regjeringa 50 tiltak for å gjera det betre for ur-dyret.

Foto: Runar Tufto

Dette kom fram da Klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen la fram Stortingsmeldinga om villrein i dag.

Heile 50 tiltak er foreslått. Villreinen er truga og regjeringa har som mål å snu den dårlege utviklinga innan 2030. Og innan 2100 skal bestanden vere sikra.

Les også Her flyr helikopteret samtidig som villreinen sliter med å trekke sørover

Stibygging Rondane

Høg terskel for inngrep

Klima og miljøministeren la spesielt vekt på to tiltak.
– Vi må ha ein veldig høg terskel for naturinngrep i villreinområda. Og vi må kanalisere ferdsel bort frå område som villreinen lever i, sa Bjelland Eriksen.

Han streka under at det gjeld både motorisert ferdsel og menneske, men han ville ikkje si kva turstiar som kan bli stengde. Men enkelte ferdselsårer kan bli varig stengde.

– Alle avgjerder og aktivitetar i villreinfjellet skal sjåast i samanheng, og omsynet til villrein må i større grad lyftast fram og vektleggjast, sa Bjelland Eriksen på pressekonferansen.

Klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

– I dag finn vi nesten heile den europeiske bestanden av villrein i Noreg. Noreg har eit stort ansvar for å ta vare på arten, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen på ei pressekonferanse i dag. 

Foto: Tom Balgaard

Neppe stenging av turisthytter

Det var knytt store forventningar til Stortingsmeldinga Ein forbetra tilstand for villreinen, som vart lagt fram i dag.

Tidlegare har det komme konkrete forslag om alt frå å stenge turisthytter og legge store vegar som E6 over Dovrefjell og Rv7 over Hardangervidda i tunnel for å verne villreinen.

– Det skal veldig mykje til før vi stenger turisthytter, sa statsråd Bjelland Eriksen på pressekonferansen i dag.
Men omlegging av stiar inn til hyttene kan komme på tale.

Villrein Hjerkinn

Reinflokken i Snøhetta/Dovrefjell er truga. Det er foreslått å legge E6 i tunnel over fjellet for å beskytta reinen

Foto: Geir Olav Slåen

Stortingsmeldinga går ikkje inn på konkrete tiltak for dei enkelte villreinområda. Men statsråden streka under at den samla belastninga for villreinen er for stor.

– Dersom vi skal lykkast med å snu den negative utviklinga, og på sikt forbetra tilstanden til villrein, er det heilt avgjerande med ny og målretta politikk, med gode og kraftfulle tiltak, seier Bjelland Eriksen.

For lite konkrete tiltak

Jan Olav Solstad

Eg veit at ein lyt jobbe langsiktig med villrein, men her kan hjelpa koma for seint. Det seier leiar av Villreinforum Rondane-Sølnkletten, Jan Olav Solstad.

Foto: Lars Erik Skrefsrud

Jan Olav Solstad er leiar i Villreinforum for Rondane og Sølnkletten. Han meiner ministeren her sender ut gode signal på eit overordna nivå, men at det er for lite konkret

Det eg er mest kritisk til er at det er litt for langsiktige målsetningar her. Fleire av villreinområda mellom anna i Rondane er på overtid.

Leiar i MDG, Une Bastholm, er ikkje nøgd med det som vart lagt fram i dag. Den er full av gode tiltak som skal vurderast, men manglar konklusjonar og ryggrad. Det blir ein viktig jobb for MDG framover å styrke Stortinget sitt arbeid for å klare å redde villreinen.


Den norske turistforening er dei i all hovudsak nøgde med det regjeringa legg fram i dag.
I ein kommentar seier eigedomssjef Jan Erik Reiten i DNT Oslo og omegn, at prinsippet om å mest mogleg kanalisere ferdselen i staden for å stenge område for folk, er noko dei er glade for.

Dei fleste følgjer ein merka sti på tur, og vi meiner difor at DNT og vårt arbeid med å styre kvar folk går tur, er ein del av løysinga.

Ser 76 år fram i tid

Forvaltninga av villreinen i Noreg er organisert i 24 villreinområde. Halvparten av områda i Noreg med villrein har dårleg kvalitet, mens 11 har middels kvalitet. Berre eitt av dei mindre villreinområda har god kvalitet.

I stortingsmeldinga legg regjeringa fram eit konkret mål om å snu den negative utviklinga i alle dei 24 villreinområda innan 2030.

Innan 2050 skal det vere minimum middels kvalitet for alle villreinområde, og innan 2100 er målet god kvalitet for alle nasjonale villrein­område

Dårlegare vilkår for reinen

Villreinen er blant dei mest unike ville dyra vi har i Noreg, og den står på raudlista. Reinen i Snøhetta og Knutshø og i Rondane og Sølnkletten er også siste rest av opphavleg vill fjellrein i Skandinavia.

Noreg har et særskilt ansvar for å ta vare på desse unike villreinstammene.

Snøheim

Snøhetta og DNT-hytta Snøheim. Villreinen som held til her blir uroa av menneske som ferdast i fjellet.

Foto: Jan Erik Reiten/DNT Oslo og Omegn



Men villreinen har vorte stadig meir utsett for påverking frå menneska dei siste åra.
Fjellturisme og hyttebygging er dei største trugslane. I tillegg til at stammene i Nordfjella og Hardangervidda er truga av skrantesjuke.

Les også Håper ny forskning skal stoppe sjukdom med hundre prosent dødelighet

Forskningsprosjekt mot skrantesjuke

Det siste året har statsforvaltarane i fylka med villreinstammer, samla innspel til Stortingsmeldinga. Innspela har komme frå naturvernhald, lokale styresmakter i kommunane som har villrein, forskarar og ikkje minst frå DNT, andre turistforeiningar og frå næringshald.

Les også Foreslår at turgåarane må vike for å redde den raudlista villreinen

Gunhild Dalaker Tuseth, Statsforvaltaren i Oslo og Viken

Det har komme til dels radikale forslag for å sikre framtida til villreinen, spesielt i Dovrefjell. Alt frå å legge E6 og jernbanen i tunnel. Til å regulere fri ferdsel i delar av området. Og fjerne turstiar. Og dette er tiltak Statsforvaltaren i Trøndelag har stilt seg bak.

Her kan du lese alt om kva tiltak som er foreslått for Rondane og Dovrefjell tidlegare.

Villreinen er truga

Diskusjonen om korleis ein skal ta vare på dei unike villreinstammene i Noreg har gått i fleire tiår, men har spissa seg til dei siste åra. Spesielt etter at reinen er raudlista.

I 2022 kom villreinforskarane i NINA (Norsk institutt for naturforsking) med ein rapport om levekåra til reinen. Den avslørte at den hadde for dårlege levekår i fleire område:

  • Snøhetta (Dovrefjell)
  • Rondane
  • Nordfjella
  • Hardangervidda
  • Setesdal Ryfylke
Kart over villreinområde

Her er villreinområda merka av. Stammene i dei raude områda har for dårlege levekår.

Les også Håper ny forskning skal stoppe sjukdom med hundre prosent dødelighet

Forskningsprosjekt mot skrantesjuke

Flere saker fra Innlandet