Hopp til innhold

Har ikkje gitt opp kampen om Bryggja – no skal ho i møte med kommunalministeren

Bygdefolket, Fylkesmannen og nabokommunane har sagt ja til at Bryggja får bytte kommune, men Vågsøy-ordføraren håpar flyttinga stoppar i Kommunaldepartementet.

Kristin Maurstad

TIL OSLO: Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) møter kommunalminister Jan Tore Sanner (H) på fredag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– På fredag reiser eg til departementet for å snakka med Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) for å legga fram Vågsøy sitt syn i saka om grensejustering for Bryggja, seier Kristin Maurstad (Ap), ordførar i Vågsøy, som sjølv bru på Bryggja.

I januar sende Bryggja søknad om å få flytte frå Vågsøy kommune til Nordfjordeid, for å bli ein del av Stad kommune frå 2020.

Fredag tilrådde fylkesmannen i Sogn og Fjordane at bygda fekk bytte kommune.

Til Oslo

Bakgrunnen for flyttinga frå Vågsøy til nabokommunen Eid er at Vågsøy frå 2020 vert slått saman med Flora til Kinn kommune. Frå 2020 vert Eid og Selje slått saman med til Stad kommune, og Bryggja har i eitt års tid ønska ei grensejustering.

No ligg avgjerda om grensejustering hjå Kommunaldepartementet, og Maurstad håpar å at dei skal seie nei til flytting.

– Eg har bedt om møte for å få legge fram kva som er Vågsøy sitt vedtak og kvifor vi har gjort det. Vi ønsker å behalde Bryggja, seier Maurstad.

Og legg til.

– Vi meiner at ei eventuell grensejustering må handle om tenestene til innbyggjarane og dei meiner vi er godt varetatt i Vågsøy og det som etter kvart vert Kinn kommune, seier ho.

For to veker sidan vedtok Vågsøy kommune å legge ned to av fem skular i kommunen, blant desse skulen på Bryggja.

– Er det gode tenestetilbod å legga ned skulen på Bryggja?

– Eit godt tenestetilbod handlar om mykje. Vi må gje eit godt tilbod til alle sektorar i Vågsøy kommune og det er bakgrunnen for at vi må kutte i skulen. Det er ikkje ein ønska situasjon, men vi må forholda oss til slik situasjonen er for kommunen, seier Maurstad.

Møtet med Sanner i Oslo skjer fredag denne veka og Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) vert også med.