Hopp til innhold

Denne bygda skal få lov til å flytte

Bryggja får lov til å lausrive seg frå Vågsøy kommune og bli ein del av den nye kommunen med Selje og Eid.

Bryggja

BRYGGJA: Fylkesmannen har sagt ja til søknaden frå Bryggja om å flytte frå Vågsøy kommune til den nye kommunen mellom Eid og Selje.

Foto: Stig Silden

Det er tilrådinga frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fleirtalet av bygdefolket ville ut av Vågsøy og inn i Stad. No har dei blitt høyrt.

– Vi tilrår at Bryggja-område blir flytta frå Vågsøy kommune til Selje og Eid som skal slåast saman til Stad kommune, seier fylkesmann Anne Karin Hamre til NRK.

– Vi har lagt avgjerande vekt på at flytting av Bryggja vil gjere nye Stad kommune til ein meir funksjonell og samanhengande kommune når det gjeld planlegging, arealutvikling og det å yte tenester til innbyggarane. Og så har vi lagt stor vekt på folkeviljen, at eit stort fleirtal ynskjer å høyre til nye Stad kommune, seier Hamre.

Maurstad lite nøgd

Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy er ikkje samd med Fylkesmannen.

– Vågsøy kommune har heile tida meint at det beste for Bryggja er å bli verande i Vågsøy, med bakgrunn i at det framleis vil vere god tilgang til tenester i den nye kommunen.

– Vi saknar fleire fagleg argument for konklusjonen til Fylkesmannen. Vi ser ikkje så mange andre argument enn at Selje og Eid blir samanhengande geografisk, seier Maurstad.

Ordførar Alfred Bjorlo (V) i Eid er positiv.

– Dette er eit naturleg vedtak med bakgrunn i at eit fleirtal av folket på Bryggja vil flytte. Økonomiske argument er ikkje relevante, sidan inntektene og utgiftene flytter med innbyggarane. For dei råka kommunane er det eit nullsumspel, seier Bjørlo.

Glad leiar

Leiar Øystein Hessevik i Bryggja bygdeutviklingslag er glad.

– Dette er veldig gledeleg nyhende. Dette har vi håpa på, og jobba for, heile vegen, seier Hessevik.

Øystein Hessevik

GLAD: Øystein Hessevik i Bryggja bygdeutviklingslag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I snart eitt år har bygdeutviklingslaget fronta bygdefolket sitt ønske om å få flytta kommunegrensene. Målet var å lausrive krinsane Totland, Bryggja og Maurstad frå Vågsøy kommune og bli del av den nye kommunen med Selje og Eid.

Skulestrid

Debatten om kvar Bryggja skal høyre heime skaut for alvor fart etter at skulen i bygda vart føreslått nedlagt. Seinare har Eid og Selje slått seg saman til Stad kommune, medan Flora og Vågsøy har bestemt seg for å bli Kinn kommune.

9. november stadfesta kommunestyret i Vågsøy i samband med vedtak av kommunedelplan at Bryggja og Holvik skular skal leggast ned.

I januar sende bygdelaget inn flyttesøknad. I ei innbyggjarundersøking var 79 prosent positive til å bli del av Stad, medan 84 prosent var negative til å bli ein del av Kinn.

Ifølgje ein rapport frå Telemarksforskning vil Vågsøy kommune tape 29,5 millionar kroner på at Bryggja forlèt kommunen, medan nye Stad kommune vil auke inntektene med 29,2 millionar.

Ordførar Kristin Maurstad (Ap)

TAPT: Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap) under folkemøtet i januar om kva kommune Bryggja skulle høyre til. No mister Vågsøy Bryggja.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Samling i grendehuset

Øystein Hessevik seier bygdefolket skal samle seg i kveld.

– Vi har eit bygdemøte på grendehuset der vi tek ei oppsummering og får inn innspel på korleis vi jobbe vidare. Vi har mellom anna fått lovnad om uttalerett og møterett i rådet som førebur samanslåinga av Selje og Eid, seier Hessevik.

Rådet frå Fylkesmannen om å flytte Bryggja blir sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.