Hopp til innhold

Kommunestyret i Vågsøy vedtok å legge ned to skular

MÅLØY (NRK): Nokre frykta at kommunestyret i Vågsøy skule leggje ned fem skular, men det vart med dei to skulane Bryggja og Holvik.

Varaordførar Nils Myklebust (Sp) diskuterer

SKUFFA: Nils Myklebust (i midten) frå Senterpartiet er skuffa over skulevedtaket i dag.

Foto: Synne Ulltang / NRK

– Det er ingen som legg ned skular med glede, men vi må også prioritere andre delar av kommuneøkonomien, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Korpselevar frå Holvik skule, ein av skulane som skal leggast ned, opna lagnadsmøtet for skulane i Vågsøy torsdag. Kommunen har ein trong økonomi, og fleire har argumentert for å samle dagens fem skular i ein ny sentrumsskule i Måløy.

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) i diskusjon saman med Morten Hagen (H)

NØGD: Ordførar Kristin Maurstad er nøgd med dagens vedtak.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Høgre, Venstre og Arbeidarpartiet sikra eit fleirtal for å greie ut dette alternativet vidare, men inntil vidare held skulane Skavøypoll, Skram og Raudeberg fram som eigne skular.

– Vi må ha tru på morgondagen

Ikkje alle var fornøgde med dagens vedtak. Varaordførar Nils Myklebust (Sp) skulle helst ha sett at dei to skulane fekk halde fram som i dag.

– Vi har meint at fem desentraliserte skular er ein ressurs i seg sjølv, det har vi meint i mange år, seier Myklebust.

Vågsøy kommunestyre reiste seg for å legge ned skular

GOD DEBATT: Ordførar Kristin Maurstad (Ap) tykkjer debatten om skulestruktur var god.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Han meiner at nedleggingsvedtaket er lite optimistisk på vegner av kommunen.

– No seier vi at vi ikkje kan ta i mot fleire foreldre som har lyst til å slå seg ned og stifte familie her, slik at talet på born kan auke. Det er faktisk ei fallitterklæring. Vi må ha tru på morgondagen.

Ordføraren er nøgd med debatten

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) var derimot nøgd med både vedtaket og debatten i kommunestyret.

– Det er litt feil å seie at ein er nøgd med å legge ned skular. Den økonomiske situasjonen tilseier at vi må legge ned desse tre skulane. Vedtaket i dag viser at kommunestyret er ueinige, men vi var sakleg ueinige. No ser eg for meg at vi får sett i gang arbeidet som må gjerast for å legge til rette for desse elevane, og så går vi vidare, slår Maurstad fast.

Også Høgre tolka situasjonen slik at dette var den moglegheita kommunestyret hadde.

– Det er ikkje alltid ein kan gjere det ein vil, av og til må ein gjere det ein har råd til, sa Morten Hagen (H).

Myklebust i Senterpartiet seier at desse haldningane syner kor splitta kommunen no er.

– Vi er ein kommune som burde vere rigga for vekst. I staden er vi no ein kommune som ikkje kan ta i mot fleire folk.