NRK Meny
Normal

Bryggja sender flyttesøknad

BRYGGJA (NRK): Under folkemøtet i kveld bestemte Bryggjaværingane seg for å sende flyttesøknad. Håpet er å gå frå utkant i Vågsøy til å bli ei sentral bygd i den planlagde kommunen Eid/Selje.

Folkemøte Bryggja

STORT OPPMØTE: Det var tilhengarane av flyttemelding som hausta mest applaus under folkemøtet i samfunnshuset på Bryggja.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I løpet av to timar vart over hundre underskrifter sanka inn av bygdeutviklingslaget på Bryggja.

Folkemøtet var for å lodde stemninga blant innbyggjarane, men alt før møtet var underskriftslistene lagt ut. Bakteppet er at kommunestyret i Vågsøy før jul bestemte at Bryggja og Holvik skular i Vågsøy kan leggast ned frå hausten 2018. I tillegg har Eid og Selje blitt samde om ei intensjonsavtale om samanslåing, den saka skal endeleg avgjerast denne månaden.

Bryggjaværinga håpar å gå frå å vere ein utkant til å bli sentral i ei framtidig ny kommune, men fyrst av alt lev håpet om å få behalde skulen.

Tone Hessevik

SPENT: Tone Hessevik trur Bryggja vil bli mindre interessant å busette seg i utan skule.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Femten år gamle Tone Hessevik meiner det ikkje finst garantiar for at Eid/Selje vil behalde Bryggja skule:

– Men blir vi verande i Vågsøy er det endå meir garanti for at vi mistar den, seier ho.

Søknad innan kort tid

Øystein Hessevik

SENDER SØKNAD: Øystein Hessevik som er leiar i bygdelaget fekk stor respons på å sende søknad om utflytting til Fylkesmannen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Innan neste veke er truleg søknaden til Fylkesmannen postlagd. Av dei vel 130 frammøtte hadde godt over 100 skrive under på lista etter kort tid. Bygdelagsleiar Øystein Hessevik seier listene vil ligge ute nokre dagar til. Bygda har nær 600 innbyggarar.

– Det ser ut til å bli bra med underskrifter, seier Hessevik.

Meiner kommunen høyrer til i Vågsøy

Viviann Midtbø

VIL BLI VERANDE: Viviann Midtbø trur ikkje at graset er grønare på andre sida av kommunegrensa.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Den eine røysta som kampklar gjekk inn for at Bryggja bør bli verande i Vågsøy var Viviann Midtbø. Ho har vore rektor ved Bryggja skule, og er tidlegare folkevald for SV.

– Det er ingen garanti for at vi får behalde skulen. Eid la for få år sidan ned Kjølsdalen skule, åtvara Midtbø.

Midtbø har fått fleire førespurnader frå folk vest i kommunen som er lei seg for at bygda kan reise. Ho vil helst ha Vågsøy samla inn i den nye kommunen Eid/Selje, men Vågsøy-politikarane har ikkje akseptert premissen om Nordfjordeid som kommunesenter.

Lokalpolitikarar støtta utflytting

Fleire lokalpolitikarar støtta søknad om utflytting. Mellom dei Reiel Fagerlid og Betty Hessevik frå Sp. Også Einar Midtbø frå Tverrpolitisk liste støtta grensejustering, medan Hogne Bleie frå Frp ikkje tok stilling.

Ordførar Kristin Maurstad (Ap)

MOTBØR: Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy strevar med kommunereforma. Fyrst har nabokommunen Selje vraka Vågsøy, no kan Bryggja forlate kommunen

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ordførar Kristin Maurstad frå Ap var til stades på møtet, utan å ta ordet.

– Eg må respektere det bygde bestemmer seg for, men her er det viktig å ta inn over seg alle sidene ved saka, sa ho til NRK.

Maurstad trur ikkje kommunestyret vil snu i skulesaka. Om Bryggja går ut av kommunen vil Vågsøy miste vel 10 prosent av innbyggartalet og 30 prosent av arealet. Kommunane Eid og Selje vil få felles grense.

Men for Tone Hessevik og venene er det å behalde skulen viktigast av alt:

– Det har vore store diskusjonar på skulebussen. Det er både for- og motargument når det gjeld kommune, men alle står fast på at vi vil ha skule på Bryggja.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.