NRK Meny
Normal

Hallen med alvorsord til «fusjons-ministeren»

SOGNDAL (NRK): Yngve Hallen åtvarar mot at fusjonsbølgja ved norske høgskular skal øydeleggja den store styrken, det tette samarbeidet med næringslivet og kommunane.

Torbjørn Røe Isaksen og Yngve Hallen

KRAFTFULL PÅMINNING: – Kunnskapsminister Røe Isaksen er stolt over dei gode skuleresultata i Sogn og Fjordane, og då må han vera klar over fundamentet for dette, seier idrettsleiar Yngve Hallen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er særs viktig med leiarar med lokalkunnskap og som kjenner heile området sitt. Og desse sjefane må vera gode i den totale leiargruppa, slik at leiinga tek gode beslutningar på vegner av alle regionane som høgskulen dekkjer, seier Yngve Hallen.

Dei siste åra har kartet over norske høgskular og universitet blitt teikna heilt om. 33 statlege institusjonar er blitt slått saman til 21. I fleire av fusjonane har dei mindre campusane vore redde for ei opphoping av sjefar i dei store byane.

Høgskulevedtak

DRAMATISK FUSJONSVEDTAK: Høgskulestyret i Sogn og Fjordane sitt ja til Vestlands-fusjon i fjor er éi av mange universitets- og høgskulesamanslåingar dei siste fire åra.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Hallen, tidlegare fotballpresident og ein av hovudarkitektane bak den store utbyggingssuksessen rundt høgskulen og fotballklubben i Sogndal, har vore uroa for at den omstridde høgskulefusjonen på Vestlandet skulle øydeleggja den tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane sin store styrke, den tette kontakten med verksemdene og kommunane.

– Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er stolt over Høgskulen på Vestlandet (HVL), som han har vore ein viktig pådrivar for. Han er stolt over dei gode skuleresultata i Sogn og Fjordane, og då må han vera klar over fundamentet for dette, seier Hallen.

Godt lagspel

Onsdag vitja Røe Isaksen den campusen med størst fusjonsmotstand i vest, Sogndal. Der fekk han høyra alvorsordet av Hallen:

Den mangeårige fotballeiaren åtvara mot at fusjonsbølgja ved norske høgskular skal øydeleggja den gode lokalkunnskapen som mange mindre høgskular har hatt, som Hallen meiner er avgjerande for å skapa vekst og løfta fram nye prosjekt.

I Sogn og Fjordane har dei gode skuleresultata mellom anna kome av tett samarbeid mellom høgskulen og kommunane rundt.

Utviding av Fosshaugane Campus

SAMARBEID OM MILLIARDUTBYGGING: – Fundamentet for Fosshaugane Campus i Sogndal har vore lokal kunnskap og lokalt engasjement i leiinga i dei ulike private og offentlege aktørane, som høgskulen, seier ein av hovudarkitektane Yngve Hallen.

Foto: Rodeo Arkitekter AS / Sogndal kommune

Godt lagspel var òg avgjerande for den storstila utbygginga av høgskulebygg, idrettsanlegg og skulebygg til 1,5 milliardar kroner på Fosshaugane i Sogndal – eit samarbeid mellom fotballklubben Sogndal, kommunen, fylkeskommunen – og ei høgskuleleiing som kjende, og hadde tillit til, dei lokale aktørane, seier Hallen.

Viktig påminning

– Det er ein viktig påminning, men poenget med fusjonen er ikkje å flytta noko herifrå, men heller å gi styrke til å utvikla det regionale ansvaret meir, svarar Røe Isaksen.

Men ved HVL er ni av ti toppsjefar på plass, og ingen av dei kjem frå den neste største campusen, Sogndal.

Torbjørn Røe Isaksen vitjar Sogndal, 26. juli 2017

VARSAMT SIGNAL: – Høgskulen på Vestlandet er nøydd til å sikra at heile området er representert i dei organa som er viktige, seier Torbjørn Røe Isaksen (H), som her blir teken i mot av stortingskandidat Frida Melvær (H) og ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Prorektoren som skal ha ansvaret for Sogn og Fjordane i den nye høgskulen, Bjørg Kristin Selvik, skal ha kontorplass i Sogndal, men kjem frå Høgskulen i Bergen, der ho har arbeidd i nesten tretti år. Røe Isaksen ønskjer ikkje å kommentera leiarkabalen konkret:

– Dette må HVL bestemma sjølv, men eg meiner Sogn og Fjordane ikkje treng vera redde for å bli forbigått. Like fullt er det rett og rimeleg at miljøet her slåst for representasjon.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.