Hopp til innhold

– Høgskulen kan bli ribba for makt og mynde

SOGNDAL (NRK): Fusjonsavtalen for Vestlandshøgskulen får kritikk for ikkje å avklara kvar sjefane skal sitja. Det kan bety at leiinga hamnar i Bergen, fryktar fleire i styret.

Magnus Brøste

SKEPTISK TIL VESTLANDSHØGSKULEN: – Den framforhandla fusjonsplattforma bør vera ein varseltrekant for høgskulestyret, seier studentrepresentant Magnus Nordrum Brøste. I morgon skal styret ta stilling til avtaleutkastet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er fare for at campusane i Førde og Sogndal misser avdelingsleiinga (dekanar) og at me blir sentralstyrt frå Bergen.

Slik kommenterer Magnus Brøste, økonomistudent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og studentrepresentant i HiSF-styret, det framforhandla avtaleutkastet for å slå saman høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund til ein ny vestlandshøgskule.

Brøste og fleire andre styremedlemmer åtvarar mot denne fusjonsplattforma, som dei meiner skyv dei vanskelege problema føre seg, til dømes kvar leiinga skal sitja.

Rektor i Bergen

– Dette er ein fusjon som vil flytta mykje makt og mynde vekk frå fylket, seier styremedlem Oddmund Hoel.

Avtaleutkastet for ein eventuell vestlandshøgskule slår fast at:

  • Rektor skal sitja i Bergen
  • Dei tidlegare høgskulane i Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen skal ha kvar sin prorektor
  • Det skal vera få avdelingar
  • Leiarane skal tilsetjast etter kvalifikasjonar, og ikkje etter geografi
Trond Ueland og Oddmund Hoel

USAMDE: Styremedlem og fusjonsmotstandar Oddmund Hoel er kritisk til å skyva dei vanskelege fusjonsproblema føre seg. Styreleiar og fusjonsforkjempar Trond Ueland ønskjer ikkje å kommentera avtaleutkastet før styremøtet i morgon.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fusjonsplattforma er ikkje konkret på:

  • Kvar dei andre i leiinga skal sitja
  • Korleis avdelingane skal organiserast, noko som kan vera avgjerande for framtida til dei einskilde faga, ikkje minst dei faga som ikkje sorterer under dei tre store yrkesutdanningane (lærar, sjukepleie og ingeniør), men som HiSF har mange av (som geologi, fornybar energi, økonomi og administrasjon, historie og sosiologi)

Leiarstrid i mange fusjonar

– Avtalen utset alle dei krevjande spørsmåla, som har valda dei største konfliktane i andre fusjonar, og som er avgjerande for kor sterkt dagens HiSF vil stå i ein eventuell vestlandshøgskule, seier Hoel og viser til følgjande samanslåingar, der fagleg organisering og leiarstruktur har skapt strid:

  • Høgskulane i Harstad og Narvik og Universitetet i Tromsø
  • Høgskulane i Nord-Trøndelag og Nesna og Universitetet i Nordland
  • NTNU og høgskulane i Sør-Trøndelag, Ålesund og Gjøvik
  • Høgskolen Stord/Haugesund og Universitetet i Stavanger, der fusjonen havarerte, fordi dei ikkje blei samde om organisering og leiing

– Look to Helse Førde

I HiSF-styret er det truleg fleirtal for fusjon. Éin av styremedlemmene som ser med velvilje på ein ny vestlandshøgskule, er Hans Johan Breidablik.

Hans-Johan Breidablik

MÅ VISA TILLIT: – Når fusjonsforhandlingane har skjedd i ein god tone og mellom tre jambyrdige partar, har eg vanskar med å forstå kritikken mot avtaleutkastet, seier HiSF-styremedlem og fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fagdirektøren i Helse Førde er overraska over kritikken mot avtaleutkastet, spesielt når rektor i si saksutgreiing skriv at forhandlingane «har vore gode og konstruktive og prega av ein felles vilje til å lykkast»:

– Går ein inn i slike prosjekt med mistillit, kan ein aldri koma vidare. Føresetnaden må vera at den andre vil ein vel, og ikkje vil ein til livs.

Breidablik har det siste tiåret vore med i ein annan organisasjon, som femner om Vestlandet – Helse Vest. For veslebror Helse Førde har det vore avgjerande å høyra til ein større helseregion, meiner han.

Sjølv om organiseringa er annleis, er erfaringa frå helsevesenet i vest relevant òg for HiSF, seier Breidablik:

Leiar for speidargruppa i Sogndal

STYRET MÅ KREVJA FLEIRE AVKLARINGAR: – Er fusjonsavtalen like ullen på avgjerdsdagen 9. juni som han er no, er eg ikkje trygg på at ein fusjon vil styrkja og utvikla HiSF, seier styremedlem Inger Auestad.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Når Helse Førde, som det minste føretaket, kan vera kvalitetsvinnaren på Vestlandet, viser det at viss dei små er flinke, gir samarbeid moglegheiter, ikkje avgrensingar.

– Misser innverknad

NRK har vore i kontakt med ein annan fusjonsforkjempar, styreleiar Trond Ueland. Ueland ønskjer ikkje å kommentera saka før i styremøtet i morgon.

Ei som har røysta ja til fusjonsutgreiing, er styremedlem Inger Auestad. Men fyrsteamanuensen vedgår at avtaleutkastet ikkje er spesielt freistande.

– I tillegg til rektor (leiarnivå éin), kan me få tre dekanar (leiarnivå to) i Bergen. I verste fall kan me lokalt få leiarar nede på tredje nivå. Då kjem representantane våre langt frå der avgjerdene blir tekne. Det gir grunn til uro, seier Auestad.