Hopp til innhold

Renate mista broren til rusen: – Fekk ikkje den hjelpa eg hadde behov for

Dei som mister sine nære til rus møter stigmatisering i samfunnet, viser forsking. No får dei sin eigen interesseorganisasjon.

Renate Larsen mista bror sin til rusen.

ETTERLATT: Renate Larsen er styremedlem i den nystarta foreininga for etterlatne.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

«Dette var vel som forventa».

«Det må no vere ein lette og».

«Det må no vere godt for han å sleppe meir».

Utsegna over er eksempel på korleis menneske som nettopp har mista ein av sine næraste vert møtt av vener eller kollegaer.

Folk som meiner godt, men som ikkje har grunnlag for å forstå at det er like sjokkerande og sorgfullt å miste ein son, ei dotter, ein bror eller ei syster, som har slite med rus.

– Desse dødsfalla er stigmatiserte. Samfunnet aksepterer ikkje at dette er ei stor sorg for dei pårørande. Med det er det, seier professor emerita på Høgskulen på Vestlandet, Kari Dyregrov.

Krisepsykologen står bak eit stort forskingsprosjekt som har sett på korleis det er å vere pårørande etter eit rusrelatert dødsfall.

No er ho ein av initiativtakarane til ein nystarta organisasjon som skal hjelpe denne gruppa.

Kari Dyregrov, krisepsykolog og professor emerita, HVL.

Kari Dyregrov er ein av initiativtakarane til Landsforeningen for etterlatne ved rus.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Folk forstår ikkje

I 2018 mista Renate Larsen broren sin.

I mange år hadde han kjempa mot avhengigheit til rus. Larsen skildrar kampen som knallhard.

Men det var likevel eit stort sjokk då håpet om at han kunne bli betre, vart knust.

– Ein møter jo på folk som meiner ein burde ha vore førebudd. Men det var eg ikkje. Det var uventa og brått. Eit sjokk!

Etter dødsfallet opplevde ho at få kunne forstå korleis ho hadde det. At det var mykje stigmatisering kring rusavhengige.

Difor trakk ho seg unna med sorga si.

– Eg fekk ikkje den hjelpa eg hadde mest behov for. Eg skulle verkeleg ha ønska det var nokon eg kunne snakke med som hadde same erfaring som meg. Og så er det ikkje alle som får tilbod om krisehjelp, dessverre.

Larsen seier det er vanskeleg å få hjelp for dei som mister sine til rusrelaterte dødsfall, at det er behov for nokon som forstår.

Difor har ho no engasjert seg i styret til den nystarta organisasjonen Landsforeningen for etterlatne ved rus.

– Folk manglar kunnskap om korleis det er å vere etterlatt etter ein rusavhengig. Vi vil vere ei stemme. Ei stemme som manglar i samfunnet i dag.

Renate Larsen seier dei allereie opplever stor interesse for organisasjonen.

Les også Hvorfor fikk ikke ti år gamle Tina hjelp?

Tina som ung.

Komplisert sorg og likepersonsstøtte

Kari Dyregrov har doktorgrad i sorg. Ho seier dei gjennom forskingsprosjektet har avdekt at sorgreaksjonen til dei etterlatne etter rusrelaterte dødsfall ofte er komplisert og samansett.

Dei har difor behov for hjelp både frå fagfolk, dei sosiale nettverka sine og menneske med like erfaringar.

Det er særleg det siste foreininga skal hjelpe med, det som vert kalla «likepersonsstøtte».

I tillegg skal den vere ein interesseorganisasjon for menneske som er tett på rusavhengige.

Dyregrov meiner denne gruppa har blitt oversett.

– Dei oppfyller dei krav som Helsedirektoratet har sett for å få hjelp etter brå og unaturlege dødsfall. Men likevel er det akkurat som om desse menneska har gått i gløymeboka.

Landsforeininga vart presentert tidlegare denne månaden, og har enno ikkje fått si eiga nettside.