Jan Olav Fretland føre Høgskulebygget i Sogndal

GAMLEREKTOREN PÅ VIPPEN: Jan Olav Fretland var rektor i 1994 då ein nyfusjonert Høgskulen i Sogn og Fjordane skulle byggjast opp. 22 år etter blei Fretland avgjerande i ein ny fusjonsstrid: ein vestlandshøgskule eller sjølvstende?

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det ukjente dramaet om høgskulen i vest

– Dagen før fusjonsvedtaket skulle gjerast, byrja det verkeleg «krudla» seg til for meg, seier Jan Olav Fretland.

SOGNDAL (NRK): Tysdag opnar den nye Høgskulen på Vestlandet. Samanslåinga var langt meir dramatisk enn tidlegare kjent, med tårer, tvil og sterk strid. NRK kan òg fortelja om ein lobby-framstøyt i tolvte timen som til slutt var med på å knekkja fusjonsmotstanden.

– Det er den klart vanskelegaste avgjerda eg har teke, seier Jan Olav Fretland.

Det har gått eit halvt år sidan den tidlegare høgskulerektoren stod i sitt yrkeslivs største dilemma: På spel stod framtida til Høgskulen i Sogn og Fjordane – arbeidsplassen til Fretland gjennom tre tiår. 66-åringen og resten av høgskulestyret måtte 9. juni i fjor seia ja eller nei til å gå inn ein ny stor høgskule på Vestlandet saman med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Dagen før det avgjerande fusjonsmøtet møttest dei seks høgskuleinterne styremedlemmene frå campusen i Sogndal for å finna ut kvar dei stod i saka: Alle - utanom Fretland - såg ut til å vera skeptiske til samanslåinga.

Då det frå før var klart at tilsetterepresentanten frå den andre campusen i Førde og dei fire eksterne i styret syntest å vera for ein fusjon, var styret dermed delt på midten - fem for og fem mot - med Fretland som den 11. og sterkt tvilande styrerepresentanten.

For den tidlegare fylkespolitikaren med «haugar og dungar» av styreverv, kom denne utviklinga overraskande:

– Eg hadde oppfatta at det kom til å bli eit forholdsvis klart fleirtal for ein fusjon i styret, og då kunne eg stemma nei. Det hadde gått greitt. Men då eg forstod at det var eg som kom til å vippa denne saka, blei det vanskeleg.

Smsar frå to Sp-dronningar

Her kunne altså SV-politikaren, som var ideologisk mot for store einingar, bikka høgskulen over i nettopp ein mastodont av ein høgskule. Det var nesten til å flira av – på fretlandsk vis.

Liv Signe Navarsete

SP-NEI TIL FUSJON: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete

Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Men for hovudpersonen sjølv var det lite å glisa for: Inni han reivst det kraftig desse junidagane: Den rotfesta og prinsipielle skepsisen hans mot storfusjonar, som i alle dagar hadde lege til grunn for den politiske tenkinga hans, fekk verkeleg prøva krefter mot dei høgskulepolitiske realitetane og dei store omkalfatringane som hadde funne stad på nyfusjonerte universitet og høgskular over heile landet, berre i løpet av det året Fretland hadde sete i høgskulestyret.

Fretland var i sterk tvil, og påtrykket frå omverda var sterkt: Gamlerektorane, gamledirektørane og den tidlegare utdanningsdirektøren i Sogn og Fjordane sende han velgrunna og balanserte synspunkt, og alle meinte det var lurt å gå for fusjon.

Men det var òg andre med god nase for politikk som hadde fått ferten av at det var Jan Olav Fretland som truleg kom til å avgjera fusjonssaka:

Jenny Følling

SP-JA TIL FUSJON: Fylkesordførar Jenny Følling

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dei artigaste innspela kom frå dei to Senterparti-dronningane i Sogn og Fjordane, humrar Fretland:

Fyrst kom det melding frå éi – eg skal ikkje seia kven, men det kan henda folk greier å gjeta det – som meinte at no var det ein historisk augneblink for høgskulen: Eg måtte visa at Sogn og Fjordane hadde verdi, og eg måtte stemma nei til fusjon. Så gjekk det eitt minutt, før det kom melding frå den andre Sp-dronninga om at det no var ein historisk augneblink, og eg måtte passa på at fylket framleis måtte vera samla, og eg måtte røysta for fusjon.

Den fyrste dronninga var sjølvsagt stortingsrepresentant og tidlegare partileiar Liv Signe Navarsete, og den andre fylkesordførar Jenny Følling.

«Ikkje så enkelt å vera Fretland no»

9. juni 2016: Alle hadde forstått at det stod og fall på han, men få visste kvar dei hadde Jan Olav Fretland då høgskulestyret i Sogn og Fjordane skulle gjera det endeleg vedtaket i den betente fusjonssaka.

Oddmund Hoel og demonstrerande studentar

PROTESTAR FØR MØTET: Studentane og styrerepresentant Oddmund Hoel var blant dei som argumenterte sterkast mot ein høgskulefusjon.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Spenninga steig difor i møterommet i Høgskulebygget i Sogndal for kvar styrerepresentant som kunngjorde standpunktet sitt. Då ti hadde sagt sitt, var fem for ei samanslåing, og fem var mot. Alle i rommet venta på Fretland.

– Eg var veldig spent. Eg visste ikkje om han ville landa på det eine eller det andre, sa styreleiar Trond Ueland etter møtet.

Til slutt tok jokeren ordet, slik ein Julius Caesar eller ein Lars Sponheim hadde gjort det før han, i eigen høge tredje person:

Det er kanskje ikkje så enkelt å vera Fretland no, sa Fretland.

Etter at den tidlegare høgskulerektoren hadde drøfta sju argument for ein fusjon, og seks mot, var han komen fram til konklusjonen. Men før han summerte opp, sette han styret på tolmodsprøve enno ei lita stund:

Då han hadde irettesett dei andre styrerepresentantane, utanom Åse Neraas, for å leggja fram ubalanserte innlegg, og gitt tilsetterepresentant Oddmund Hoel ein liten reprimande for å vera «ideologisk» mot ein høgskulefusjon, var Fretland klar til sleppa katten or sekken:

Jan Olav Fretland

GAMLEREKTOREN PÅ VIPPEN: Jan Olav Fretland var rektor i 1994 då ein nyfusjonert Høgskulen i Sogn og Fjordane skulle byggjast opp. 22 år etter blei han avgjerande i ein ny fusjonsstrid: ein vestlandshøgskule eller sjølvstende? Dekan Wiggo Hustad bak til høgre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Eg hallar mot eit ja, og så må eg skunda meg å seia at eg ser det som nesten organisatorisk umogleg å vera med på å vippa denne fusjonen til eit fusjons-ja med eit 6-5-vedtak når fem høgskule-interne styrerepresentantar seier nei. Då viser ikkje eg dei den respekten dei fortener, sa Fretland, før han bad om ein pause og eit særmøte med dei sju interne representantane.

Tilsetterepresentantane i styret reiste seg: fusjonsmotstandarane Oddmund Hoel, Åse Neraas og Inger Auestad, fusjonsforkjempar Ole Kleiven, joker Fretland og dei to studentrepresentantane Magnus Nordrum Brøste og Trine Ludvigsen Rygg, som alle rekna med ville stemma nei til fusjon, men som – påtakeleg nok – var dei einaste i styret som ikkje hadde sagt dette uttrykkeleg i møtet.

I det dei gjekk alvorstunge forbi viserektorane, dekanane, journalistane og dei særs fusjonsskeptiske studentleiarane, som sat langs veggane i styrerommet, kunne ingen sjå dei sterke indre rivningane i dei to studentrepresentantane.

Medan dei sju gjekk inn på eit grupperom, måtte resten av styret venta i nervepirrande uvisse.

Høgskulen i skrustikka

Januar 2014: Om det historiske styremøtet i Sogndal hadde utvikla i høgdramatisk lei, var den lange opptakten ikkje så mykje mindre spennande:

– Eg hugsar eg tenkte «oi», minnest Åse Løkeland, høgskulerektor i Sogn og Fjordane frå 2007 til 2015.

Løkeland sat i konferansesalen på Grand Hotel i Oslo 14. januar 2014. Det var «Kunnskapsministerens kontaktkonferanse med universiteter og høyskoler», og på talarstolen stod den ferske statsråden Torbjørn Røe Isaksen (H) og la fram sju punkt for høgare kvalitet på forsking og høgare utdanning.

Åse Løkeland

STOD FAST PÅ SJØLVSTYRE: Tidlegare rektor Åse Løkeland prøvde i 2014 å få til ei slags samanslåing av høgskulane på Vestlandet og Universitetet i Bergen, med eit felles styre, men der einingane elles hadde stor grad av sjølvstyre. Det blei for laust i fisken for kunnskapsministeren.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Fyrst snakka han om finansiering (han varsla ein gjennomgang av finansieringssystemet), så kom struktur (han varsla ei stortingsmelding om struktur i høgare utdanning). Eg tenkte at her kjem det til å skje noko, fortel Løkeland.

Det hadde altså ikkje gått tre månader frå Røe Isaksen blei utnemnd til kunnskapsminister, før han sette høgskulane i skrustikka: Slik statsråden såg det, var det «en del bekymringsfulle kvalitetsproblemer ved en del institusjoner og ved en del utdanninger».

– At me måtte gjera noko med høgskulane og universiteta, forstod me før me kom inn i regjeringskontora, seier Bjørn Haugstad (H), statssekretæren til Røe Isaksen i Kunnskapsdepartementet:

– Forgjengarane våre Tora Aasland (SV) og Kristin Halvorsen (SV) hadde sett i gang eit arbeid for å få til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåingar i sektoren, men dei var ikkje komne i mål. Me måtte gå meir målretta til verks.

– Slå dykk saman

Bodskapen til Haugstad og Røe Isaksen var ikkje til å misforstå i Sogn og Fjordane, Volda, Stord/Haugesund, Molde, Lillehammer og mange av dei andre mindre og mellomstore høgskulane i landet: Slå dykk saman – berre slik kan de gjera undervisninga og forskinga betre.

Torbjørn Røe Isaksen vitjar Sogndal 27. januar 2015

FAST I KLYPA FRÅ DAG ÉIN: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meinte Høgskulen i Sogn og Fjordane var for liten og sårbar til å stå åleine. Her frå eit besøk i Sogndal 27. januar 2015 med stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) og dåverande styreleiar for høgskulen, Heidi Katrin Osland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

For Høgskulen i Sogn og Fjordane var statsråden spesielt kritisk til dette:

  • Dei tilsette fekk for lite forsking på trykk i vitskaplege tidsskrift og låg langt under landssnittet.
  • Høgskulen hadde for få tilsette med doktorgrad eller forskingserfaring tilsvarande ein slik grad. Skulen låg langt under landssnittet. At det stod spesielt dårleg til ved lærarutdanninga, var alvorleg med tanke på den nye femårige lærarutdanninga som skulle gjelda frå 2017. Der kravde Regjeringa nemleg at halvparten måtte ha denne kompetansen, noko høgskulen den gongen var langt unna å innfri.
  • Høgskulen var dessutan dårlege på internasjonal utveksling av studentar og tilsette. Inn- og utreisande utvekslingsstudentar utgjorde berre vel to prosent av alle studentane. Landssnittet var over fem.

Høgskuleleiinga i Sogn og Fjordane meinte lenge at dei kunne løysa desse utfordringane – på eigen kjøl: Høgskulen vedtok mellom anna å prioritera forskinga i budsjetta sine og å styrkja lærarutdanninga med fleire toppstillingar både i norsk og matematikk.

I det dåverande høgskulestyret var det djup skepsis mot ei samanslåing. Dei meinte at:

  • Ein fusjon ville svekkja nærleiken til og samarbeidet med arbeids- og samfunnslivet i regionen
  • Ein fusjon ville sentralisera viktige fellestenester og etter kvart truga studietilboda
  • Ein fusjon ikkje ville styrkja høgskulane fagleg
  • Ein fusjon på sikt kunne tappa distrikta for kompetanse

Røe Isaksens fem påtrykk

Desse argumenta gjorde lite inntrykk på Røe Isaksen. Spørsmålet var korleis han ville gå fram for å få «den kvaliteten på høyere utdanning og forskning som vi trenger for å nå ambisjonene våre».

Laster kart, vennligst vent...

EIN HØGSKULE - FEM CAMPUSAR: Høgskulen på Vestlandet held til i Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde - og har om lag 16000 studentar.

Jo, han byrja å dreia om stonga på skrustikka, slik at Høgskulen i Sogn og Fjordane raskt skulle kjenna presset auka monaleg.

På dei vel to åra det gjekk frå Røe Isaksen la fram dei sju punkta sine i 2014 til det dramatiske fusjonsmøtet i høgskulestyret i 2016, gjorde statsråden – med god hjelp av statssekretær Haugstad – iallfall fem omdreiingar på stikka, som alle skulle visa seg å bli avgjerande for lagnaden til Høgskulen i Sogn og Fjordane:

1. I 2014 sette statsråden i gang arbeidet med ei ny stortingsmelding. Røe Isaksen bad då høgskulane og universiteta sjølve vurdera om det dåverande høgskule- og universitetskartet gav god nok forsking og utdanning, eller om det måtte samanslåingar til. Svaret frå Høgskulen i Sogn og Fjordane var å tala Oslo midt i mot: Høgskulen ville stå åleine.

2. Røe Isaksen sitt svar på sjølvstendestandpunktet til høgskulestyret var å kalla dei inn på teppet. Tre møte mellom den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet og høgskuleleiinga fann stad rundt årsskiftet 2014/2015. Bodskapen var klar: Det blei for krevjande for høgskulen å halda fram åleine. Men høgskulestyre stod fast på vidare åleinegang.

3. Våren 2015 la Regjeringa fram stortingsmeldinga som inneheldt nye tøffe krav, og som slo fast at større fusjonerte høgskular måtte til for å betra utdanninga og forskinga. Eit fleirtal i Stortinget støtta meldinga, og dermed hadde høgskulestyret ikkje berre kome på kant med ein statsråds vilje, men også med den vedtekne nasjonale politikken.

4. Røe Isaksen skifta sommaren 2015 ut dei fire eksterne representantane i det gamle styret – som alle hadde vore mot fusjon – med fire nye, som alle skulle koma til å røysta ja til samanslåing. Den nye styreleiaren Trond Ueland kom inn i styret mellom anna på grunn av eit press frå Sunnfjord om ein sterkare representasjon frå den regionen, der fusjonsiveren var sterk.

Statssektretær Bjørn Haugstad

RIKKA DEI UROKKELEGE: Statssekretær Bjørn Haugstad (H) fekk høgskulane på Vestlandet til å greia ut storfusjon. Det lokka fram smilet hjå statssekretæren under «vestlandstoppmøtet» i Bergen 7. september 2015.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

5. Medan ein fusjon på Vestlandet lenge stod i sju steinar, hadde ei rekkje høgskular og universitet i Nord-Noreg, Midt-Noreg, på Austlandet og Sørlandet slått seg saman, eller var i ferd med å gjera det. Dessutan hadde fusjonsforhandlingane mellom Høgskolen Stord/Haugesund og Universitetet i Stavanger stranda våren 2015. Dette medverka til at Regjeringa i september same år fekk høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund til å greia ut ein stor vestlandshøgskule i fellesskap. Høgskulen i Sogn og Fjordane sa ja til å bli med på ei slik storfusjonsutgreiing to veker etterpå.

Ja til fusjonsforhandlingar

Trond Ueland

EIT LINJESKIFTE: Styreleiar Trond Ueland og resten av høgskulestyret sa i septembermøtet i Solvorn 2015 ja til å greia ut ein storfusjon på Vestlandet, men det var ikkje lenger eit vilkår at Universitetet i Bergen var med.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Hausten 2015 og vinteren 2016: No hadde Høgskulen i Sogn og Fjordane hoppa på fusjonstoget. Difor trengde ikkje Røe Isaksen og Haugstad lenger å trykkja så hardt på, som dei til no hadde gjort.

Men ei beinveges reise til endestoggen på styremøtet 9. juni kom dette på ingen måte til å bli. Fleire krossvegar måtte passerast: fyrst omfattande interne og eksterne utgreiingar, deretter eventuelle forhandlingar for å koma fram til ein felles avtale for å slå saman dei tre høgskulane, før styret altså skulle seia endeleg ja eller nei til ein ny vestlandshøgskule.

Ein som opplevde denne tida som krevjande, var høgskulerektor Rasmus Stokke:

– Eg skifta regelrett standpunkt - frå å stå på sjølvstendelinja sommaren 2015 til å tilrå fusjonsforhandlingar mindre enn eitt år etter, seier Stokke i dag.

Dei to fusjonsutgreiingane som kom rett før og etter nyttår 2015/16 var viktige forklaringar på snuoperasjonen:

– Dei gjorde at me kom i djupna av problematikken og byrja å sjå konturane av ein annan vestlandshøgskule enn me trudde, og som ville bli sterk på dei yrkesretta utdanningane, og som skulle satsa på dei regionale studiestadane. I tillegg slo risikoen for lærarutdanninga sterkt ut og blei eit slags vendepunkt for meg.

Rasmus Stokke

SNUDDE: Rasmus Stokke byrja rektorgjerninga si som fusjonsskeptikar, men enda opp som forkjempar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Høgskulen måtte òg inn på eit sidespor: Styret hadde heile vegen halde døra på gløtt for ei samanslåing med Volda. I Sogndal hadde fleire i fagmiljøet sans for tanken om ein slik «Ivar Aasen-høgskule»: Begge høgskulane ligg i kjerneområdet for nynorsken, og begge er bygdehøgskular som tek eit regionalt ansvar for bygderegionane.

Der det for ein Bergen/Stord/Haugesund/Sogn og Fjordane-fusjon altså var skrive ein stor utgreiingsrapport, var det same ikkje gjort for ein fusjon mellom Volda og Sogn og Fjordane, fordi Volda ikkje ønskte det.

– Høgskulestyret må frysa forhandlingane med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund og syta for at dei veit like mykje om moglegheitene ved eit samarbeid med Høgskulen i Volda, oppmoda professor Oddbjørn Bukve 9. mars i fjor, dagen før Volda og Sogn og Fjordane skulle finna ut om det var grunnlag om å skipa ein høgskule på Nordvestlandet med ein motmaktvisjon tufta på nynorsk og Bygde-Norge.

Høgskulestyret lytta ikkje til Bukve: Det sa nei til å gå i forhandlingar med Volda åleine og ja til forhandlingar med Bergen og Stord/Haugesund. Det siste ønskte ikkje Volda å bli med på.

Opphoping av sjefar i Bergen

Mai 2016: – Høgskulen og Sogn og Fjordane kan bli ribba for makt og mynde.

Salva kom frå student Magnus Nordrum Brøste og fleire andre medlemmer i høgskulestyret, dagen før dei skulle gi siste løypemelding på avtaleutkastet som var forhandla fram for å slå saman høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund.

Magnus Brøste

OTTE FOR BERGENS-MAKTA: Opprøret frå studentrepresentant Magnus Nordrum Brøste og dei tilsette ved campusen i Sogndal gav Sogn og Fjordane-interessene større musklar i innspurten av forhandlingane med Bergen og Stord/Haugesund.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Denne avtalen slo fast at:

  • Rektoren skulle sitja i Bergen
  • Dei tidlegare høgskulane i Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen skulle ha kvar sin prorektor
  • Det skulle vera få avdelingar
  • Leiarane skulle tilsetjast etter kvalifikasjonar, og ikkje etter geografi

Men avtaleutkastet sa ingenting om kvar dei andre i leiinga skulle sitja og heller ikkje korleis avdelingane skulle organiserast. Det siste kunne vera avgjerande for framtida til dei einskilde faga, ikkje minst dei faga som ikkje sorterte under dei tre store yrkesretta utdanningane (lærar, sjukepleie og ingeniør), men som Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde mange av, som geologi, fornybar energi, økonomi og administrasjon, historie og sosiologi.

Fleire markante fagpersonar frå desse miljøa gjekk før styremøtet ut og kravde at det skulle opprettast ei fjerde avdeling for desse faga.

Styret lytta til protestropa frå Sogn og kravde ei slik fjerde avdeling, men berre i form av ei utgreiing, vel å merka. Styret stilte òg som vilkår for forhandlingsinnspurten at det ikkje skulle hopa seg opp med sjefar i Bergen.

Det var difor ein letta styreleiar Trond Ueland som etter møtet kunne konstatera at høgskulestyret hadde fatta eit samla vedtak, som gav Sogn og Fjordane-interessene større tyngd i dei siste nappetaka med Bergen og Stord/Haugesund.

Men det Ueland ikkje kunne sjå føre seg var den konfliktsaka som var under oppsigling, og som hadde kraft i seg til å velta heile fusjonen.

Krisemøte i departementet

8. juni 2016: – Kunnskapsdepartementet er veldig oppteken av å landa høgskulefusjonen på ein skikkeleg måte, sa statssekretær Bjørn Haugstad dagen før det verkelege slaget om vestlandsfusjonen skulle stå.

8. juni måtte Haugstad halda krisemøte. Der skulle han berga samanslåinga på Vestlandet etter at det på oppløpssida hadde blussa opp open strid rundt studentsamskipnadane. Til kontoret hans i Oslo kom leiinga for høgskulane og studentsamskipnadane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund.

Bjørn Haugstad

KRISEMØTE DAGEN FØR DAGEN: Statssekretær Bjørn Haugstad prøvde å unngå at striden rundt studentsamskipnadane i vest skulle velta høgskulefusjonen på oppløpssida.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

I skuggen av fusjonen mellom dei tre høgskulane i vest hadde det gått føre seg konfliktfylte fusjonssonderingar mellom dei tilhøyrande studentsamskipnadane. Men der høgskulane i fellesskap hadde forhandla fram ein fusjonsavtale, hadde storebror blant studentsamskipnadane – Studentsamskipnaden i Bergen – avvist å klargjera viktige spørsmål, som fordeling av makt og mynde. Studentsamskipnaden i Bergen skulle derimot ha sett fram krav om at sjefane og den strategiske makta i samskipnaden skulle blir verande i vestlandshovudstaden.

Dette bekymra mange i Sogn og Fjordane. For høgskulen var studentvelferda – som studentbustader, barnehagar og kantine – så viktig for studentrekrutteringa og omdømet, at manglande forsikringar til studentsamskipnaden kunne vera det som bikka styrefleirtalet over til eit fusjons-nei.

Dagen etter møtet med Haugstad – under det avgjerande fusjonsmøtet – forsikra rektor Rasmus Stokke høgskulestyret om at «det kjem heller ikkje til å bli gjort ein fusjon mellom samskipnadene før det ligg føre ein avtale som også Studentsamskipnaden (i Sogn og Fjordane, journ.merk.) kan godta».

Styreleiar Trond Ueland følgde opp forsikringa frå rektoren med å seia at «eg går ikkje for dette (høgskulefusjonen, journ.merk.) for ein kvar pris. Blant anna dette vi hadde på møtet med departementet om studentvelferda i går var avgjerande. Vi fekk full skår på det; vi får det inn i den kongelege resolusjonen», sa Ueland.

I etterkant av fusjonsmøtet blei ikkje dei tre studentsamskipnadane samde om ei avtale gjennom forhandlingar. Samskipnaden i Sogn og Fjordane tykte ikkje at avtalen var god nok for dei. 19. september i fjor slo likevel Kunnskapsdepartementet saman dei tre samskipnadane – med tvang.

Dette blei det hausten 2016 eit bittert etterspel rundt, men det fann altså stad lenge etter dramatikken som spelte seg ut i Høgskulebygget i Sogndal 9. juni:

Smilet til Ole Kleiven

9. juni 2016: Smilte styremedlem Ole Kleiven? Smilte fusjonsforkjemparen frå Førde?

25 minuttar var gått, og særmøtet til Jan Olav Fretland, Kleiven og dei fem andre høgskuleinterne styrerepresentantane var over. Kleiven hadde saman med dei andre i styret funne plassen sin rundt langbordet att – og smilte. Det var på ingen måte ein sigerstolt og ovmodig smil, men ein liten og kanskje letta smil: Det kunne like fullt berre bety ein ting.

Me har hatt ein fin diskusjon, byrja Fretland:

Jan Olav Fretland

LAGNADSSTUNDA: Jan Olav Fretland fortel at han kjem til å røysta for ein høgskulefusjon.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men der har kome fram veldig mykje meir tvil enn det diskusjonen her har tyda på. Det er kome fram ein del frustrasjon over at ja-folka har selt bodskapen altfor, altfor mykje. Men det at det er såpass mykje tvil i den samla gruppa, har gitt meg ein type fullmakt til å seia ja til fusjon, sa Fretland.

Dermed var det avgjort, men den profilerte høgskuledosenten heldt fram:

Me kom fram til at det var rett at eg som er gamal og røynd kan ta den belastninga som er verre for andre. Det betyr at i den gruppa som har vore ute, er to for fusjon og fem mot, sa Fretland.

Såleis var det eit knapt fleirtal på seks, som røysta ja til fusjon. Og då utfallet i høgskulestyra i Bergen og Stord/Haugesund same dag ikkje overraskande blei samrøystes for samanslåing, var Høgskulen på Vestlandet ein realitet.

Fusjonsvedtaket

HISTORISK: Eit fleirtal på seks i høgskulestyret i Sogn og Fjordane seier ja til å fusjonera med Bergen og Stord/Haugesund. Fem røysta mot ved å retta opp handa.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

«Eg har det litt ilt»

– Me sprett ikkje sjampanje i Kunnskapsdepartementet, men letnaden for at dette gjekk i orden, var betydeleg, fortel statssekretær Bjørn Haugstad i dag.

Haugstad følgde ikkje det direktesende styremøtet sjølv, men fagfolka hans gjorde det, slik at han kunne få oppdateringar undervegs.

– Det var eit nervepirrande møte, med ein carlsensk dramatikk, seier Haugstad og viser til storhendinga over eit sjakkbrett i New York i november i fjor.

– Eg har det litt ilt, sa Fretland rett etter styremøtet.

Då hadde han allereie fått tekstmeldingar med kjeft frå kollegaer, men òg skryt, som frå ordførar Olve Grotle i Førde, som hadde sendt ein sms, der det stod «Respekt!». Frå Årdal og fylkesleiar Hilmar Høl i Arbeidarpartiet hadde det òg kome tekstmelding: «Kamerat!».

Tause studentar

Om Fretland hadde hatt det ilt, var det truleg andre i styret som hadde det verre. For kven av dei høgskuleinterne styrerepresentantane var det som sat med – slik Fretland skildra det – stor tvil i diskusjonen, men utan å seia noko om dette?

Ole Kleiven hadde argumentert sterkt for fusjon og truga med at eit nei ville kunne sprenga høgskulen i to, noko også fylkesordførar Jenny Følling - ifølgje Fretland - hadde ymta om i smsen ho hadde sendt til han i framkant av styremøtet.

Åse Neraas, Inger Auestad og Oddmund Hoel hadde alle tre vore tydelege mot i møtet. Fretland hadde ettertrykkjeleg gjort greie for tvilen sin.

Då var det berre dei to studentrepresentantane Magnus Nordrum Brøste og Trine Ludvigsen Rygg som ikkje uttrykkjeleg hadde sagt kva dei meinte om sjølve fusjonsspørsmålet.

Hans Johan Breidablik og Anneli Nesteng

FEKK DET SOM DEI VILLE: Fagdirektør i Helse Førde, Hans J. Breidablik og kraftverkssjef Anneli Nesteng argumenterte sterkt for ein høgskulefusjon: – Går ein inn i slike prosjekt med mistillit, kan ein aldri koma vidare, sa Breidablik

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Styreleiar Ueland, som fleire gonger hadde etterlyst at styremedlemmene tydeleg – og tidleg – skulle flagga standpunktet sitt, hadde ikkje purra på Brøste og Rygg, truleg fordi han – som dei fleste andre i rommet – tok det for gitt at dei to var mot fusjonen.

Det var det òg gode grunnar for å tru: Studentane i Sogn og Fjordane hadde heile vegen vore dei som var mest høglydte mot fusjonen, og før styremøtet hadde den markante studentparlamentsleiaren Ingrid Moe Albrigtsen gitt styret ei lang underskriftsliste med ei siste oppmoding om å seia nei, før ho hadde funne plassen sin ved veggen, rett bak dei to studentrepresentantane.

Var det likevel Brøste og Rygg som var komne i tvil om dei verkeleg skulle røysta nei til samanslåing - ei uvisse som Fretland kunne bruka for å rettferdiggjera sitt ja til fusjon?

Tvilen kom

– Eg hadde aldri vore i så sterk tvil som då.

Magnus Nordrum Brøste fortel om lagnadsstunda då han sat saman dei fem tilsetterepresentantane og studentrepresentant Trine Ludvigsen Rygg i særmøtet midt i fusjonsmøtet 9. juni i fjor.

– Eg hadde opplevd press frå deler av styret, leiinga og sentrale personar ved høgskulen – i settingar der fusjonsspørsmålet blei diskutert. Dei møtte argumenta mine med kritikk; dei meinte at meiningane mine var bekymringsfulle for framtida til høgskulen, seier Brøste, som ikkje vil nemna namn, men som fortel at han blei kontakta både før møtet og i matpausen, rett før fusjonssaka kom opp.

Studentleiarar i Sogndal

KRYSSPRESS: Studentrepresentantane Magnus N. Brøste (midten), Trine L. Rygg (t.h.) stod i ein vanskeleg skvis - mellom studentparlamentsleiar Ingrid Moe Albrigtsen (t.v.) som var ihuga mot fusjon på den eine sida - og høgskuleleiinga som på den andre sida argumenterte sterk for ein fusjon. Biletet er frå styremøtet 12. mai 2016

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I lunsjen i høgskulekantina hadde Wiggo Hustad og Randi Skår, dekanane (avdelingsleiarane) ved avdelingane for høvesvis lærarutdanning/idrett og helsefag, sett seg ned med Brøste og Rygg. Der byrja Hustad og Skår å argumentera for fusjonen.

– Tonen var relativt hard, men ærleg og open. Eg har respekt for synspunkta deira, og det må eg tola. Men det gjorde meg endå meir usikker, fortel Brøste.

Dekan Randi Skår seier at ho aldri bad studentrepresentantane om å røysta ja til fusjon, men stadfestar ho la fram argument for kvifor ho meinte det var rett å gå for ei samanslåing.

– Før møtet trudde eg at det var eit fleirtal i styret for ein fusjon. Men undervegs forstod eg at dette kunne bikka begge vegar. Dermed blei eg oppteken av å få drøfta saka med styremedlemmene og få lagt fram synspunkta mine, seier Skår.

– Studentane har all rett til å oppleva situasjonen slik dei gjer. Men dei blei ikkje sett under noko utilbørleg press; eg gjorde greie for alvoret rundt lærarutdanninga og uroa mi for om ho kunne vidareførast viss høgskulen blei verande åleine, seier dekan Wiggo Hustad.

Før styremøtet hadde Hustad oppfatta at studentrepresentantane var tydelege på å røysta nei til ein fusjon, men at dei samstundes lytta til argument. Dekanen avviser at det låg ein medviten strategi bak:

– Det var tilfeldig at me hamna på bordet med dei.

Tvilen vaks

Om det var planlaust å setja seg ned med nettopp studentrepresentantane, hadde dei to dekanane iallfall lukkast med å gjera Brøste meir usikker på standpunktet sitt. Og det skilsetjande alvoret i saka blei ytterlegare forsterka etter lunsjen då fusjonssaka blei opna inne i styrerommet:

Med forsterkande og ladde ord slo både rektor Rasmus Stokke og styreleiar Trond Ueland fast at høgskulen «står med eit veldig vegskilje», at «det valet me føretek no kjem til å føra oss i to heilt ulike retningar», og at fusjonsavgjerda vil få «store konsekvensar for høgskulen, for Sogn og Fjordane og for Vestlandet».

– Det dei sa gjorde inntrykk på meg, hugsar Trine Ludvigsen Rygg:

– At dei var så samstemte og så tydelege for ein fusjon, fekk meg til å tenkja på om dei hadde informasjon som eg burde ha tenkt meir gjennom, fortel ho.

– Svartmåling

– Eg blei provosert over svartmålinga deira, fordi argumenta for å stå åleine kom ikkje fram. Ein rektor har ansvar for å leggja fram fordelar og ulemper ved begge alternativa. Like fullt fekk innlegga deira fram endå meir tvil i meg, seier Brøste.

Den same kritikken blei sett fram av fleire styrerepresentar under møtet.

– Eg gjorde eit forsøk på å vera balansert, men det skein nok veldig gjennom at eg var sikker på standpunktet mitt. Dessutan var utfallet usikkert på førehand, og eg blei kanskje litt for oppteken av å selja argumenta for ein fusjon. Det ser eg i etterkant, seier rektor Rasmus Stokke.

Rasmus Stokke og Trond Ueland

UBALANSERT: - Eg blei kanskje litt for oppteken av å selja argumenta for ein fusjon, seier Rasmus Stokke, her saman med styreleiar Trond Ueland under styremøtet 9. juni, der begge argumenterte kraftfullt for ein høgskulefusjon.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Eit stykkje uti debatten skjedde noko som overraska: Dei to viserektorane, tre av dekanane, økonomidirektøren og personaldirektøren fekk plutseleg lov til å kunngjera synspunkta sine i fusjonssaka. Med unnatak av viserektor Terje Bjelle som argumenterte mot, og økonomidirektør Karianne Bergheim som stilte seg nøytral, argumenterte resten av leiinga kraftfullt for ei samanslåing.

– Dette var ny informasjon i styremøtet og eit sterkt og tungtvegande argumentet for ein fusjon, som gjorde meg endå meir i tvil, fortel Brøste.

Medan Brøste og Rygg følgde innlegga i debatten med ei stadig sterkare uvisse, sat altså studentparlamentsleiar Ingrid Moe Albrigtsen rett bak dei og følgde ordskiftet nøye. Sjølv om Brøste og Rygg formelt sett var uavhengige styremedlemmer, blei dei like fullt oppfatta som å representera studentane ved høgskulen, som hadde kjempa hardt mot fusjonen. Ein trengde difor ikkje å vera psykolog for å forstå det krevjande krysspresset dei var utsett for.

På gråten

– Det blei følelsesmessig sterkt.

Trine Ludvigsen Rygg fortel om kjenslene som vall fram i henne då ho kom inn i særmøtet med Fretland, Kleiven, Neraas, Auestad, Hoel og Brøste. Dei lagnadstunge profetiane frå høgskuleleiinga – både i dagane før, i lunsjen og undervegs i styremøtet – hadde gjort inntrykk, og det var difor to nærast fortvila studentrepresentantar som hadde rådslag med dei andre på grupperommet, før det endelege vedtaket skulle fattast.

Særmøtet Høgskulen i Sogn og Fjordane

KJENSLELADD: I dette særmøtet - midt under fusjonsdramaet 9. juni 2016 - fortalde dei to studentrepresentantane at dei var komne i sterk tvil om dei verkeleg skulle røysta nei til samanslåing. Frå venstre: Trine L. Rygg, Ole Kleiven, Oddmund Hoel, Åse Neraas, Magnus N. Brøste (med ryggen til), Inger Auestad og Jan Olav Fretland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg kom nesten på gråten. Eg forstod ikkje heilt kvifor, men eg var vel spent, saka var alvorleg og krevjande, og eg kjende på presset frå alle. Det var eit viktig og varig vedtak me skulle fatta, fortel Rygg.

– Eg hadde aldri vore i meir tvil, og det skuldast at leiargruppa var så samrøystes. Eg var blitt skikkeleg usikker på om eg verkeleg skulle røysta nei, fortel Brøste.

«Eg er litt tom no»

Med all denne uvissa som studentane bar på, oppfatta Fretland at han hadde fått ei fullmakt til å seia ja til fusjon. Men samstundes hadde han gjort det klart at det ville vera umogleg å røysta ja til fusjon «når fem høgskule-interne styrerepresentantar seier nei».

– Skal eg vera heilt ærleg, hadde eg nok kanskje forventa at eg blei beden om å røysta nei. Men det skjedde ikkje. Det skjedde snarare det motsette. Nokre på det særmøtet sa at eg skulle og måtte stemma på det eg meinte var rett, og at det ikkje var rett av den gruppa å påleggja meg å røysta annleis.

– Det blei raskt klart i særmøtet at det uansett ikkje ville bli eit fleirtal mot fusjon i styret. Dermed var det ikkje grunnlag for å be Fretland røysta saman med oss andre. Då hadde andre røysta ja, seier tilsetterepresentant og fusjonsmotstandar Oddmund Hoel.

Dermed gjekk det som det gjorde.

– Veit du kva, eg er litt tom no, sa ein nesten medteken styreleiar Trond Ueland rett etter møtet. Ueland, som brukar å sova godt, hadde knapt fått blund på augo natta i førevegen:

– Dette har vore ein lang og veldig krevjande prosess. Veldig krevjande. Eg ser det på styret og på dei tilsette – dette har vore veldig vanskeleg.

Oddmund Hoel og Ingrid Moe Albrigtsen

ETTER SLAGET: Fusjonsmotstandar Oddmund Hoel får rose av meiningsfelle Ingrid Moe Albrigtsen etter å ha tapt kampen for å halda fram med å styra høgskulen på eigen kjøl.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tysdag 10. januar opnar statsminister Erna Solberg (H) den nye Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen står for opninga i Bergen, medan statssekretær Bjørn Haugstad kjem til Haugesund.

Tidlegare styreleiar Heidi Katrin Osland ønskjer ikkje å kommentera saka «av respekt for dei som styrer høgskulen i dag».