Hopp til innhold

Så mykje kan Fosshaugane Campus vekse dei komande åra

SOGNDAL (NRK): Eigarane av Fosshaugane Campus i Sogndal la i dag fram framtidsplanane sine. At Campus kan bli dobbelt så stort som det er i dag er ikkje utenkjeleg.

Utviding av Fosshaugane Campus

DOBLE BYGNINGSMASSEN: Å bli dobbelt så store som i dag er ikkje utenkjeleg seier Yngve Hallen. Det grå er eksisterande bygg, medan det oransje syner framtidig planar i tillegg til moglegheiter for utbygging.

Foto: Rodeo Arkitekter AS / Sogndal kommune

– Bygningsmassen på Fosshaugane kan bli vesentleg større, og tenkjer ein 30 år fram i tid er den gjerne dobbelt så stor som den er i dag, seier Yngve Hallèn i Sogndal Fotball til NRK.

Saman med Sogndal kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Statsbygg og Høgskulen i Sogn og Fjordane utgjer Sogndal Fotball eigargrupperinga som no har utarbeida ein plan for kursen vidare for Fosshaugane Campus. Det er brukt ein million kroner på å utarbeide planen.

Hårete mål

Saman har dei store ambisjonar for anlegget. Bygget er heimen til saftbygda sitt fotballag, men husar også høgskulen, eit yrande forskingsmiljø og gründerverksemder som stadig veks fram.

– Den nye campusplanen viser korleis ein skal få til framtidig utvikling, nye bygg og nye aktivitetar, men det viktigaste no er å byggje vidare på den samhandlinga som har vore, og som igjen gjer at vi byggjer ny aktivitet dei neste åra, seier Hallèn.

(Artikkelen held fram under)

Eigarar Fosshaugane Campus

STORE PLANAR: F.v.: Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, Yngve Hallèn i Sogndal Fotball, Torbjørn Nævdal i Statsbygg, Jostein Aanestad i Sogndal kommune og Jan Tore Rosenlund i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Sogn Næring

Nytt bygg til hausten

Yngve Hallèn

UTVIDAR: Fosshaugane Campus utvidar bygningsmassen. Framfor Stadionbygget vil det kome eit innovasjonsbygg, fortel Hallèn i Sogndal Fotball.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I 2006 opna det som i vert kalla Stadionbygget, noko som var første steget på ein ny infrastruktur på Fosshaugane.

– I 2001 sa ein at ein skulle investere 800 millionar, og den gongen var det eit hårete mål. Til no har vi investert for over 1,5 milliard kroner, fortel Hallèn.

– All honnør til tiltaksverksemdene og gründerane som har vore her, og ikkje minst Høgskulen, kommune, fylkeskommune og fotballen. Det lovar bra for framtida at ein torer å tenkje store tankar også framover, seier Hallèn.

No er kapasiteten sprengd, og alt til hausten startar bygginga av eit innovasjonsbygg som skal huse enda fleire verksemder og gje enda fleire arbeidsplassar.

– Oppstarten er i september, og vi håpar å opne det i oktober neste år, seier Hallèn.

I tillegg til innovasjonsbygget har Statsbygg gjort avtale med fylkeskommunen om å overta gymnasbygget og setje det i stand og gjere betringar på uteområdet.

Kan byggje på 100.000 kvm

Dei nye planane for Fosshaugane Campus viser at det er store moglegheiter til å utvikle området vidare, fortel Sogndal-rådmann, Jostein Aanestad.

– Med denne planen vi har lagt fram no, så kan vi byggje 14 nye høgskulebygg, a 7000 kvm, innanfor dei rammene, seier Aanestad.

Han legg til at det sjølvsagt ikkje er nokon som veit korleis det vil bli, og kva som skal byggjast dei neste åra, men planen trekker opp visjonen og rammene for dei utbyggingane som dei håpar skal skje dei komande åra.

– Nokre av tiltaka er det gjort vedtak om og vil bli realisert, dei andre tiltaka må først planleggast formelt.

– Det som vi for nokre år sidan ikkje trudde var mogleg å få til er no realisert, og i raskare fart enn vi hadde trudd. Vi ønskjer å leggje til rette for ei tilsvarande utvikling i åra som kjem, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Jostein Aanestad

NY CAMPUSPLAN: Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad står med ein heilt fersk plan i hendene. Den stakar ut kursen for Fosshaugane Campus dei neste 30 åra. Planane er store.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Planen frå Sogndal Fotball si side har vore at eigedomsutviklinga skal bidra til at det vert skapt ny aktivitet og ikkje berre når det gjeld idrett.

– Eg er sikker på at den nye handlingsplanen gjer at vi tek nok re kjappe steg når det gjeld samhandling. Både nå det gjeld drift, men ikkje minst når det gjeld innovasjon og utvikling av nye område, nye fag og ny samhandling, forklarar Hallèn.

Byggjeplan Fosshaugane Campus 2016
Foto: Campusplan

Henta frå Fosshaugane Campusplan

Byggjetrinn Fosshaugane Campus

BYGGJETRINN 1

  • Innovasjonsbygget er under prosjektering. Ca. 2200 kvm. (Sogndal Fotball)
  • Gymnasbygget har gode sjansar til å tilføre Campus nye utoverretta funksjonar og møteplassar for kunnskapsdeling. (HISF/Statsbygg)
  • "Stripa" bør utviklast som ei intern gate med høve til opphald og sosialisering (Sogndal Fotball)

BYGGJETRINN 2

  • Utviding av Sognahallen. Ca. 3000 kvm hall og 4000 kvm parkering (Sogndal kommune/Sognahallen A/S)
  • Tribunebygget på Kvåle Stadion kan erstattast med nytt og større bygg knytt til stadionfunksjonar. Ca. 6000 kvm. (Sogndal Fotball)
  • Tomt ved Ingafossen kan utviklast som signalbygg ved inngangsportal som t.d. studentbustader. Ca. 4000 kvm. (Sogndal kommune)
  • Skotet har stort potensial for betring og auke utnytting. Ca. 6500 kvm. (Sognahallen A/S)
  • Guridalen – sjansar for studentbustader bør undersøkast nærare. Totalt 4600 kvm. Private eigarar.
  • Studenthuset (Ciderhuset) som erstatning for Meieriet i sentrum. Studenthuset kan kombinerast med lager, utleige, verkstad for studentane. Ca. 2800 kvm. (Sogndal kommune, delvis bortfesta)
  • Fortetting langs Fossvegen for å knyte sentrum og campus betre saman.

BYGGJETRINN 3

  • Kvåle skule – utviding av skulen, symjehallen eller barnehage. Ca. 2500 kvm. (Sogndal kommune)
  • Svingen – nytt bygg gir høve til auka fortetting og utviding av p-kjellar. Bør sjåast i samanheng med å erstatte Guridalsbygget med tanke på felles garasjeanlegg. Ca. 6600 kvm. (Sogndal Fotball)
  • Guridalsbygget – føreslege erstatta med to fløyer over ein felles sokkeletasje. Ca. 6200 – 7000 kvm. (Statsbygg)
  • Studentbustader som transformasjon av eksisterande bustader.
  • Studenthus som front ved tilkomst frå Fossvegen. Ca. 4300 kvm. (Private eigarar)

BYGGJETRINN 4

  • Lunnamyri 8–12 – transformasjon av bustader til vampusrelaterte formål for å få ei klarare avgrensing av campus. Ca. 19 200 kvm.
  • Ei utviding av SVGS mot Trolladalen. Ca. 5900 kvm (Sogn og Fjordane Fylkeskommune)
  • Trolladalen 20–24 – transformasjon av bustader til campusrelaterte formål. Ca. 5300 kvm. (Private eigarar)
  • Nytt Gymnasbygg. Ca. 4300 kvm (Statsbygg)