NRK Meny
Normal

Han kan bli den siste høgskulesjefen

Sogn og Fjordane kan stå heilt utan toppleiarar i den nyfusjonerte Høgskulen på Vestlandet. Torsdag blir dei seks siste i leiargruppa peika ut.

Rasmus Stokke

MAKTAS ANDLET: Tidlegare høgskulerektor i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, og det tidlegare høgskulestyret frykta ei opphoping av sjefar i Bergen. Mindre enn eit år etter høgskulefusjonen kan det blir ein realitet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det vil vera ugunstig viss Sogn og Fjordane får dårleg utteljing, seier Rasmus Stokke, konstituert prorektor i Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Sogn og Fjordane kan tapa kampen om makta i den nyfusjonerte høgskulen på Vestlandet. Eit år etter at Høgskulen i Sogn og Fjordane slo seg saman med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund, har fylket så langt ingen i toppleiinga.

Tillitsvald Hege Gjerde Sviggum i Forskarforbundet

BEKYMRA: Tillitsvald Hege Gjerde Sviggum i Forskarforbundet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det uroar tillitsvald Hege Gjerde Sviggum i Forskarforbundet ved høgskulecampusane i Sogndal og Førde:

– Det vil gjera det vanskelegare for Sogn og Fjordane å få fram sine saker, og det betyr at me må jobba hardare for å få fram synspunkta våre.

Rektoratet, det er Bergen

Medan fusjoneringa av dei tre høgskulane gjekk føre seg i fjor, var mange redde for at ei samanslåing av høgskulane i vest skulle føra til ei opphoping av sjefar i Bergen.

Så langt er leiinga ved Høgskulen på Vestlandet dominert av vestlandshovudstaden:

  • Rektor Berit Rokne kom frå Universitetet i Bergen.
  • I april blei tre nestkommanderande – også kalla prorektorar – peika ut. Ingen av dei kom frå Sogn og Fjordane, sjølv om desse skal ha ansvaret for kvar sin tidlegare høgskule (også kalla nærregion).
  • Bjørg Kristin Selvik blei prorektor med ansvar for Sogn og Fjordane. Selvik kjem frå Høgskulen i Bergen, der ho har arbeidd i nesten tretti år. Ho skal ha kontorstad i Førde eller Sogndal
  • Gro Anita Fonnes Flaten blei prorektor med ansvar for Bergen. Ho er i dag direktør for campus Bergen og var forskingsdirektør ved Høgskulen i Bergen før det.
  • Liv Reidun Grimstvedt blei prorektor med ansvar for Stord/Haugesund. Ho var rektor for Høgskulen Stord-Haugesund frå 2011.
Tone Skjerdal

VIKTIG MED BALANSE I LEIINGA: – Det er viktig at den nye leiargruppa har med seg kunnskapen og erfaringa frå den gamle Høgskulen i Sogn og Fjordane, seier hovudtillitsvald Tone Skjerdal i Norsk tenestemannslag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kandidatar trekte seg

Sviggum i Forskarforbundet presiserer ho har stor tillit til Selvik som prorektor, men ho tykte det var «utruleg synd» at det ikkje blei nokon frå fylket.

Både dekan Anne-Grethe Naustdal og viserektor Erik Kyrkjebø, begge med kontorstad i Sogndal, søkte på prorektorstillinga, men trekte søknaden.

Naustdal ønskjer ikkje å kommentera saka. Kyrkjebø seier til NRK at han trekte søknaden sin fordi han – etter seks år som leiar – ønskjer å satsa på forskarkarrieren.

– Det var veldig synd at to så gode kandidatar trekte seg, seier Stokke:

– Det er viktig å ha representantar frå alle studiestadane i toppleiinga, fordi dei kjenner regionen sin og kan bringa synspunkta derifrå inn i leiinga.

Kamp om leiarjobbane

Torsdag skal HVL-styret tilsetja dei siste seks toppsjefane: to direktørar og fire avdelingsleiarar (såkalla dekanar). Frå Sogn og Fjordane har tre søkt:

  • Dekan Randi Skår ved Avdeling for helsefag i Førde har søkt på den nye dekanstillinga for helse- og sosialfag.
  • Økonomidirektør Karianne Bergheim i Sogndal er ein av tre aktuelle kandidatar som direktør for økonomi og arealforvaltning.
  • Dekan for lærarutdanninga Wiggo Hustad i Sogndal har søkt på stillinga som organisasjonsdirektør.

Dei møter hard konkurranse (sjå søkjarlista i eigen faktaboks).

Innstillinga er enno ikkje klar.

  • I innstillingsutvalet sit både rektor Berit Rokne og tidlegare styreleiar Trond Ueland frå Førde, som i dag sit som styremedlem i HVL-styret. Dei vil ikkje kommentera saka. Det vil heller ikkje dei to styrerepresentantane frå Sogndal, Gunnar Yttri og Ingrid Moe Albrigtsen.

«Ønskeleg»

Styreleiar for Høgskulen på Vestlandet, Arvid Hallen, seier det er ønskjeleg at Sogn og Fjordane er representert i toppleiinga, men vil ikkje vera konkret på kor mange det bør vera for at balansen er god.

Arvid hallen

LEIARKABAL: – Kvalifikasjonsprinsippet er det viktigaste, og styret er oppteke av å få inn veldig gode folk. Samstundes er dette fyrste året av ein fusjon, der tre sterke institusjonar har gått saman til ein, og då er det klart at me ønskjer å få gode søkjarar frå dei andre tidlegare institusjonane, seier styreleiar Arvid Hallen ved Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Forskningsrådet

Rasmus Stokke var ein av hovudarkitektane bak høgskulefusjonen på Vestlandet. På spørsmål om Sogn og Fjordane-miljøet har vore gode nok strategisk i kampen om leiarposisjonane, når dei no i verste fall risikerer å stå att med ingen i toppleiinga, svarar Stokke slik:

– Me har arbeidd med å få leiarar inn i desse kabalane, men det er utruleg mykje som skal klaffa.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.