Hopp til innhold

Han er mannen høgskulen har leita etter i ti år

SOGNDAL (NRK): Høgskulen i Sogndal er nærmare ei mastergradsutdanning i økonomi og administrasjon enn dei nokon gong har vore. Studentar og næringsliv gler seg over at ei slik utdanning er på trappene.

Peter Varley

FRÅ SKOTTLAND TIL NORGE: Peter Varley er nytilsett ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Å tilsetta ein professor er ein nøkkel for å gå vidare med å etablera ei mastergradsutdanning i Sogndal. Målet, eit hårete mål riktig nok, er at me er i gang hausten 2019, seier Leif Longvanes, instituttleiar for Økonomi og administrasjon i Sogndal.

Heilt sidan 2007, då HVL var Høgskulen i Sogn og Fjordane, har dei hatt lyst på ei slik utdanning. Med Peter Varley på laget, som er professor i forbrukaråtferd, har dei teke kvantesprang mot å få det til. Arbeidstittelen er det noko kryptiske «Master i marknadsinnovasjon med fokus på forbrukaråtferd».

Leif Longvanes

INSTITUTTLEIAR: Leif Longvanes er leiar for institutt for økonomi og administrasjon i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det handlar om å forstå korleis folk handlar, kva dei kjøper, kvar dei vil på ferie og kva dei vil oppleva. Det er relevant for reiselivet, marknadsføring, økonomi og administrasjon, seier Longvanes.

Knyt sterkt band til næringslivet

Varley, som er frå Skottland, er sosiolog og har forska på bygdeturisme og forbrukaråtferd. Dei siste åra har han hatt ei lita stilling som gjesteforskar ved høgskulen og Vestlandsforsking, samstundes som han har vore engasjert av Bratt moro i Sogndal. Han ser fram til at høgskulemiljøet og næringslivet no kan dra endå meir nytte av kvarandre til det beste for regionen.

Peter Varley

FLYTTAR OVER JUL: Peter Varley flyttar frå Storbritannia til Sogndal over jul.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg ser eit stort potensial her. Det sentrale er innovasjon: korleis finn me det som er innovativt og annleis med dette fantastiske området med har rundt oss, seier han.

Fleire frykta at høgskulefusjonen skulle gjera den gode kontakten til næringsliv og kommunar dårlegare . Men med ei slik utdanning på trappene, ser det lokale næringslivet lyst på situasjonen.

– At Høgskulen er relevant for næringslivet er særdeles viktig. Med dette studiet tek skulen eit stort steg i rett retning. Når Høgskulen blir i stand til å utdanna ferdige kandidatar på masternivå, så vil det vera mykje enklare for det lokale næringslivet å henta arbeidskrafta på vår lokale høgskule, seier Torgeir Skålid, dagleg leiar i Sogn Næring.

– Lettare å bli verande i Sogndal

– Det er fantastisk at studentane får sjansen til å ta mastergraden sin her, i staden for å reise vekk til dei store byane. No kan næringslivet huka tak i studentane medan dei studerer, seier Julie Stadheim, leiar for linjeforeininga for økonomistudentar i Sogndal.

– Ein bachelor i økonomi er det veldig mange som tek i heile landet, så det går litt inflasjon i det. At ein kan ta to ekstra år her for å få den kompetansen som veldig mange arbeidsgjevarar ønskjer seg, det er veldig bra, supplerer, Magnus Sollid, nestleiar i same foreining.

Magnus Sollid og Julie Stadheim

HÅPAR DET BLIR: Magnus Sollid og Julie Stadheim stressar med å gjera alt klart for ein konferanse linjeforeininga for økonomistudentar arrangerer. Dei håpar masterutdanninga kjem på plass.

Foto: Sondre Dalaker / NRK