– Det var både spennande og kjekt, smiler 42-åringen etter å ha møtt Erna Solberg (H) på Nordfjord Psykiatrisenter.
Betre kvardag
Han er ein av fleire som gjennom den såkalla IPS-modellen har fått seg både jobb og ein meiningsfull kvardag. Gjennom eit samarbeid mellom psykiatrisenteret og NAV-kontora i Nordfjord blir personar med langvarige og alvorlege psykiske lidingar integrert i ordinært arbeid.
- Les også:
Gjerde vart rusfri i desember 2010, men hamna på køyret att. 6. juni i fjor var han i tilbake i behandling og fekk jobb som kranførar hos entreprenørverksemda Dvergsdal & Sunde.
– Under behandlinga hjelpte dei meg i jobb att og kvardagen er blitt mykje betre. Eg kjenner meg som eit vanleg menneske, seier Gjerde.
Kortar ned tida
– Eg trivast veldig bra. Det beste er å ha noko å gjere på, legg han til.
Suksesshistoria til Gjerde gler Statsminister Solberg. Metoden er testa ut over fleire år i mange land. Den har vist seg effektfull.
- Les også:
– Særskilt om du har slite psykisk eller med rus, så er det å fylle dagen med aktivitet noko av det som verkeleg medverkar til å korte ned tida til ein blir frisk, seier Solberg.
19 av 39 i arbeid
Aslak Rune Lefdal er ein av to jobbspesialistar som sidan februar 2016 har hjelpt brukarar ut i jobb, følgd opp, støtta og hjelpt til med eventuelle jobbskifte.
- Les også:
Han seier at dei har mange suksesshistorier som Gjerde. Av til saman 39 brukarar, er 19 i alderen 18–65 år i ordinært løna arbeid. Stillingsstorleiken varierer for dei som er i jobb.
- YTRING:
– Ingen kan seie kven som lukkast, men så lenge brukaren er motivert og vi følgjer opp, så kan kven som helst lukkast, seier Lefdal.
– Må ha trua
– Det handlar om å ta jobbsøkjaren på alvor, finne rett arbeidsgjevar og å ha trua på dei. Du kan ikkje seie «nei, du er for sjuk» til ein som vil ha jobb, seier Lefdal og legg til at arbeidet skjer på brukaren sine premissar.
- Les også:
- Les også:
– Har ingen trua på dei, så misser dei trua sjølve, legg han til.
For dei mange brukarane betyr jobb stabilitet, tryggleik og ei kjensle av å vere verdifull.
– Det er fint å vite at arbeid ikkje er farleg, men godt for folk som også er sjuke, seier Solberg.