Hopp til innhold

Flo om skadesituasjonen: – Det er veldig utfordrande

HAUGESUND/SOGNDAL (NRK): Med sine to førsteval på stopparplass og toppscoraren frå i fjor ute med langtidsskadar, har Sogndal store utfordringar fram til sommaren.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Lillestr¯m (0-1)

UTE: Bjørn Inge Utvik (f.v.), Ole Amund Sveen og Christophe Psyché er alle nøkkelspelarar for Sogndal, men no er alle tre ute med skade i lang tid.

Foto: Christian Blom/Terje Pedersen / NTB scanpix

Håvard Flo

SPORTSSJEF: Håvard Flo i Sogndal Fotball.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Det er veldig utfordrande for oss. Overgangsvindauget er stengt og vi har dei spelarane vi har. Vi kan hente kontraktlause spelarar, men det er vanskeleg å finna nokon som kan gjera ein jobb her og no, seier sportssjef i Sogndal Fotball, Håvard Flo.

For på dei sju første kampane har skadelista til Sogndal berre blitt lengre og lengre:

Erstatta ikkje Patronen

Med både Utvik og Psyché ute, samt at innleigde Walid Atta også slit med skade er det tynt i bakre rekker hos Sogndal. 20-åringen Per-Magnus Steiring er den einaste reine midtstopparen att i stallen, i tillegg til 17-åringen Ulrik Fredriksen som vart utvist i debuten mot Haugesund søndag, for å ha redda ballen på streken med handa.

Endre Romøren, sportsjournalist, Sogn Avis

TETT PÅ: Sportsjournalist i Sogn Avis, Endre Romøren, følger alle Sogndal sine kampar.

Foto: Håvard Nesbø / Sogn Avis

Sportsjournalist i Sogn Avis, Endre Romøren, er den som følgjer Sogndal tettast.

– Med begge førstevala i forsvar ute i lang tid, samt fjorårets toppscorar er det ein kritisk situasjon.

– Kva konsekvensar kan det få?

– Det kan gjera at ein rykker ned og at det blir vanskeleg å ta poeng framover, seier Romøren.

Han meiner problema starta før sesongen vart sparka i gang.

– Det overraskar meg at dei ikkje erstatta Hannu Patronen. Han var der i fem år og var blant dei aller beste spelarane. Dei har mista han, Jukka Raitala og Rune Bolseth som alle hadde masse rutine, men ikkje fått inn erstattarar, seier Romøren.

Sportssjef Flo seier tida vil visa om dei har gjort ein god nok jobb på overgangsmarknaden.

– Det er vanskeleg å vera bastante på det. Vi har henta inn ein del unge spennande typar, som vi har gjort tidlegare. Men vi skal vera klare på at Bolseth, Patronen og Raitala ikkje er lett å erstatta, seier han.

Sogndal har tatt fem poeng på dei først sju kampane og ligg med det nest sist på tabellen. Dei har fått nest flest mål imot med sine 12 og det har gått 329 minutt sidan sist dei scora.

Til helga møter dei det einaste laget som ligg bak dei på tabellen, då Viking kjem på besøk til Fosshaugane campus.

Laster innhold, vennligst vent..