Hopp til innhold

Dette bildet uroar Sogndal-trenar Eirik Bakke

FOSSHAUGANE CAMPUS (NRK): Christophe Psyché måtte ut med skade etter åtte minutt mot Lillestrøm. No ryk heile vårsesongen for franskmannen.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Lillestrøm.

SKADA: Christophe Psyché måtte få medisinsk behandling etter å ha tråkka feil og kan vera ute i lang tid.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det ser ikkje bra ut. Eg trur det er ein akillesskade som vil halde han ute i lang tid, seier Bakke om skaden til Christophe Psyché.

Dryge fem minutt ut i 1–0 tapet mot Lillestrøm vart franskmannen liggande å vri seg i store smerter. Etter behandling på sidelinja kom han tilbake på bana, men halta rundt og klarte ikkje å fortsette kampen. Etter åtte minutt vart han bytta ut.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Lillestrøm.

UTFORDRING: Med fleire nøkkelspelarar ute har Sogndal-trenar Eirik Bakke fleire utfordringar i tida framover.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Christophe har ein delvis avriven akilles. Vårsesongen er over for hans del, seier medisinsk ansvarleg i Sogndal Fotball, Trond Vegard Ripe til Sogn Avis.

Til avisa seier Ripe at franskmannen skal under kniven ein av dei neste dagane, og at det tar fire til fem månadar å bli frisk frå ein slik skade.

Det er dårleg nytt for Sogndal og Eirik Bakke, som no ligg sist i eliteserien og har fleire nøkkelspelarar ute med skade.

  • Les meir om Sogndal Fotball her.

– Får finne fram att skoa mine

For skadelista til Sogndal byrjar å bli lang. Mot Vålerenga førre helg fekk Martin Ramsland eit kne i hofta og han vart ikkje klar til kveldens kamp. NRK møtte han i gangane på Fosshaugane Campus og spissen viste fram eit stort blåmerke på hofta.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Lillestrøm.

SKADELISTA: Ole Amund Sveen (t.h.) hinka rundt på krykker, medan Martin Ramsland (t.v.) har ei forslått hofte. Ramsland håpar å vera tilbake til neste kamp, Sveen sin sesong kan vera over etter beinbrotet.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Spisskollega Ole Amund Sveen braut begge leggbeina i venstrefoten då han scora 1–0 målet i 4–1 sigeren mot Stabæk og er truleg ute resten av sesongen.

– Det er tre veldig viktige spelarar for oss, så håpar eg Ramsland snart er tilbake på bana for oss, seier Bakke.

– Fleire nøkkelspelarar er ute og dokker ligg sist. Kva skal ein gjera for å snu dette?

– Eg og Rune Bolseth får finne fram att fotballskoa våre og trå til, seier Eirik Bakke med eit smil, før han vert meir alvorleg.

– Vi ligg sist så no kan det berre gå oppover. Vi har utfordringar fram til sommaren, men må bretta opp erme og kjempa for kvart poeng, seier Bakke.

Spesielt på spissplass har det blitt tynt i rekkjene, men i Bodø har Sogndal ein spiss som er på utlån til Bodø/Glimt. Kristian Fardal Opseth har scora fire mål på fire kampar for dei gulkledde, men han får dei eventuelt ikkje henta tilbake før overgangsvindauget opnar 22. juli.

Laster innhold, vennligst vent..