Hopp til innhold

Sogndal berga poeng i dramatisk bortekamp

Raudt kort. Straffe. Tre redningar på strek. Kvarteret før slutt eksploderte oppgjeret mellom Haugesund og Sogndal.

Eliteserien fotball 2017: FK Haugesund - Sogndal.

MATCHVINNAR: Mathias Dyngeland redda straffe og vart dagens helt for Sogndal.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Eit skadeskote Sogndal-lag tok eitt sterkt poeng med 0-0 borte mot Haugesund i kveld.

Men det kosta. Allereie etter fem minuttar kunne trenar Eirik Bakke føre Bjørn Inge Utvik opp på ei veksande skadeliste. Forsvarsspelaren måtte ut på båre etter ein overtrakk.

– Eg er veldig godt nøgd, men vi får som vanleg ei utfordring med skade. Men gutane står opp og fram, sa trenar Eirik Bakke til Eurosport i pausen.

Dyngeland hadde kjensla

Kvarteret før slutt vart Sogndal redusert til ti spelarar då debutant Ulrik Fredriksen då han redda ei Haugesund-scoring med handa. Soleklart raudt kort, og straffe til Haugesund.

Vertenes Filip Kiss nytta derimot ikkje høve. Sogndal-keeper Mathias Dyngeland gjekk til rett side og feia ballen vekk.

– Eg har studert han nok siste veka så eg hadde ei kjensle i dag. Kiss er ein veldig roleg og rutinert spelar. Han er kald og då puttar dei gjerne ballen til venstre for meg, seier Dyngeland til Eurosport.

– Veldig slitsamt

Resten av omgangen var det Haugesund som stod for det som skjedde på bana. Sogndal kjempa heroisk og stod i mot eit Haugesund-lag.

Tre gongar redda Sogndal på streken.

– Det vart veldig slitsamt. Eg trur det er den tyngste kampen eg har hatt. Det var tut og køyr i 90 minuttar, men vi rir det av med ti mann på slutten. Det er godt å få sesongens første «clean sheet», seier Dyngeland til Eurosport.

Laster innhold, vennligst vent..