Hopp til innhold

Skadeskoten tabelljumbo på poengjakt i Rogaland

Eit skadeskote Sogndal-lag jaktar sin første siger på fire kampar når dei i dag gjestar Haugesund.

Eliteserien fotball 2017: FK Haugesund - Sogndal.

SKADD: Bjørn Inge Utvik måtte ut på båre etter ein overtrakk fem minuttar ut i kampen.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Etter storsigeren mot Stabæk, har det meste gått i motbakke Sogndal. Poengfangsten har vore laber og trenar Eirik Bakke sitt mannskap reiste til Rogaland som tabelljumbo.

Om ikkje det er nok, har fleire sentrale spelarar måtte kaste inn handkledet med skade.

Ole Amund Sveen i nemnde kamp, så Martin Ramsland og Christophe Psyché. Mot Haugesund er også kaptein Henrik Furebotn og Eirik Bergum Skaasheim ute med skade.

Etter fem minuttar mot Haugesund måtte i tillegg Bjørn Inge Utvik ut med skade etter ein overtrakk.

– Eg er veldig godt nøgd, men vi får som vanleg ei utfordring med skade. Men gutane står opp og fram. Truleg må vi også ta ut Taijo Teniste som også slit med eit lår, sa Eirik Bakke etter pause til Eurosport.

Med dei mange skadane var det duka for ein Sogndal-debutant på Haugalandet. Ulrik Fredriksen, son av tidlegare Sogndal-spelar Roar Fredriksen, får tillit frå start.

Laster innhold, vennligst vent..

På den positive sida er Haugesund eit lag Sogndal har godt tak på. I dag kan Sogndal ta sin fjerde strake siger på Haugalandet. Haugesund kjem på si side rett frå ein sterk 3-0-siger borte mot Stabæk.

SOGNDAL: Matias Dyngeland, Ulrik Fredriksen, Bjørn Inge Utvik, Per-Magnus Steiring, Taijo Teniste, Gilbert Koomson, Victor Grodaas, Eirik Birkelund, Eirik Schulze, Chidibiere Nwakali, Bendik Bye.

Laster innhold, vennligst vent..