NRK Meny
Normal

Næringa får diskutere omstridd problemstilling med ministeren

Samferdsleministeren tek ikkje sommarferie før ho har diskutert problemstillingar rundt utanlandsk transport i Norge. Det gler den norske transportnæringa.

Rolf Olav Tenden

GLAD: Rolf Olav Tenden i Lastebileigarforbundet her i fylket er glad næringa får diskutere temaet med ministeren.

Foto: Thor Tenden Transport

– Vi er veldig godt nøgde, seier Rolf Olav Tenden, leiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane.

Som resten av lastebileigarane i Norge er han uroa. Næringa meiner det er for mange utanlandske transportørar som driv transport i Norge, og hevdar mange driv med såkalla ulovleg kabotasjekøyring.

No skal dei få leggje fram tankane for samferdsleminister Marit Arnstad. Tysdag møter ho nemleg representantar frå Norges Lastebileigarforbund, Transportarbeidarforbundet og NHO Logistikk og Transport.

– Det er veldig bra at dette skjer før ferien, seier Tenden.

Fryktar for arbeidsplassane

Den norske transportnæringa har i fleire år uttrykt stor uro for at utanlandske transportørar skal ta over for mykje av innanlandstransporten i Norge.

Det er strenge reglar for korleis desse kan drive transport innanlands, men NLF har lenge etterlyst fleire og strengare kontrollar.

Reglane seier at utanlandske bilar berre kan ta maks tre turar i løpet av sju dagar i Norge, og så må dei ut av landet. Det er også krav om at bilen, før den kan ta på seg oppdrag i Norge, har hatt eit såkalla grensekryssande oppdrag.

Kvar tredje bil er utanlandsk

Sist veke stilte representantar frå næringa seg opp på 20 forskjellige teljepunkt landet over. Målet var å vise at det er fleire utanlandske vogntog på vegane enn det styresmaktene er klar over.

Resultatet av teljinga viste at meir enn kvar tredje lastebil på norske vegar i løpet av kontrolldøgnet var utanlandsk.

– Vi er klar over at dette ikkje er ein vitskapleg studie, men det er eit godt bilete på kven som køyrer på våre vegar gjennom eit vanleg døgn i juni, seier han.

– Resultatet underbyggjer langt på veg vår påstand om at norsk landtransportnæring er under sterkt press, sa administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund Geir A. Mo om resultatet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Teljing av vogntog i Stryn

TELJEPOST: I eitt døgn talde medlemer i Norges Lastebileigarforbund lastebilar som køyrde riksveg 15 gjennom Stryn sentrum.

Foto: Arne Vik

Strammar inn reglane

Allereie før næringa får møte minister i morgon, har ho teke grep. Samferdsleminister Marit Arnstad varslar nemleg innstrammingar.

For sjølv om reglane altså krev at utanlandske transportørar som skal drive innanlandsoppdrag i Norge må ha med seg ei internasjonal last inn i landet, er det mange som ikkje har det.

I desember i fjor kunne NRK fortelje at Tollvesenet hadde merka seg trenden med at mange utanlandske vogntog kom over grensa med svært lite last.

– Vi har ikkje noko statistikk på dette, men vi har registrert at det er ei auke i vogntog som kjem til Norge med svært lite last, eller utan lass i det heile tatt, sa vaktleiar ved tollstasjonen på Svinesund, per Kristian Grandahl, til NRK.no i desember.

Arnstad seier det no skal presiserast kva eit internasjonalt oppdrag er for å sikre at utanlandske godstransportørar ikkje kryssar grensa utan reell last.

– Det er ei reell innstramming, seier ho til NTB.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marit Arnstad

INNSTRAMMING: Det varslar Marit Arnstad.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Glad det skjer noko no

At utanlandske transportørar tek på seg kabotasjeoppdrag i Norge utan å ha hatt med seg internasjonal last inn i Norge blir det også funne bevis for her i fylket.

For to veker sidan vart to utanlandske selskap bøtelagde på grunn av dette.

Rolf Olav Tenden i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane er glad ministeren tek grep.

– Det har vore ganske tett dialog mellom forbundet og departementet. Eg er glad for at dei tek tak i dette og at det skjer fort slik at vi får kontroll på utviklinga av dette, seier han.

– Like vilkår

Lastebileigarforbundet er nemleg byrja bli utolmodige, og meiner styresmaktene snarast må gripe inn mot det dei har kalla piratverksemd på norske vegar.

Dei viser då til uverdige forhold for sjåførane, med uakseptable løns- og arbeidsvilkår, og at dei ikkje må betale skattar og avgifter.

Når dei utanlandske selskapa kan tilby transport for langt lågare prisar betyr det også tøffare konkurranse for norske firma.

– Vi føler at det er for mange utanlandske transportørar som køyrer i Norge utan at styresmaktene og vi som konkurrerer mot dei har kontroll over kva som skjer.

– Vi er ute etter like vilkår for transport som skjer på norske vegar, seier Tenden.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser