Hopp til innhold

Vil la utlendingar køyre meir - lastebilbransjen reagerer kraftig

Eit forslag om oppmjuking av reglane for bruk av utanlandske transportørar opprører lastebilbransjen.

trailer i grøfta

FLEIRE SLIKE? Talet på utanlandske trailerar og vogntog vil auke endå meir om NHO får det som dei vil.

Foto: Steinar Drægni

I dag kan utanlandske vogntog ta inntil tre oppdrag internt i Norge, før dei må ut av landet.

No tek NHO til orde for at utanlandske transportørar skal kunne ta så mange oppdrag dei klarer i løpet av ei veke. Dette bør dei ikkje få gjennomslag for, seier Rolf Olav Tenden, som er leiar for Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane.

– Dette framlegget har eg ikkje sans for i det heile. Eg ser jo deira haldning at dei vil ha auka konkurranse og dermed lågare pris på transport, men vi er ikkje med i EU og kan framleis ha særnorske reglar for den typen køyring i Norge.

(Artikkelen held fram under biletet).

Rolf Olav Tenden

- IKKJE SANS FOR FRAMLEGGET: Rolf Olav Tenden.

Foto: Birger Meland / NRK

– Billegare for næringslivet

I dag kan ein utanlandsk bil ta tre innanlandsoppdrag i Norge i løpet av sju dagar. Deretter må bilen ut av landet. I bransjen blir dette kalla kabotasjekøyring. Men i ein høyringsrunde til Samferdsledepartementet tek NHO Transport og logistikk til orde for å fjerne grensa.

Geir A Mo

IMOT NHO-FRAMLEGGET: Generalsekretær Geir A. Mo i Norges Lastebileierforbund.

Foto: Anna Gytri/NRK

Administrerande direktør Tom Rune Nilsen i NHO Logistikk og Transport vil halde på sjudagarsregelen, men la bilane ta så mange oppdrag dei vil.

– Ved å bruke kabotasje så blir det billegare for Norge og næringslivet. Det er heilt sikkert.

Men Rolf Olav Tenden meiner det i så fall blir konkurranse på svært ulike vilkår.

– Det gjeld særleg løns- og arbeidsvilkår, diesel må dei sjølvsagt kjøpe her. Men slik det er i dag slepp dei utanlandske vogntoga bompengar, det er ikkje mogeleg å krevje det inn. Dermed er dette ei konkurransevriding til fordel for utanlandske transportørar.

Tom Rune Nilsen

- TRENG UTLENDINGANE: Adm. dir. Tom Rune Nilsen i NHO.

Foto: Heidi Christine Lund / NHO

– Vanskeleg for dei norske

Geir A. Mo er generalsekretær i Norges Lastebileierforbund, og han er samd med Tenden.

– Dersom det skal vere slik som NHO føresler, at det skal vere fri køyring gjennom heile veka, så betyr det på sikt at det blir svært vanskeleg å drive norskeigd langtransportnæring med norske løns- og arbeidsvilkår.

Tom Rune Nilsen i NHO innser at det kan bli vanskelegare for norsk transportnæring.

– Det er klart at vi ser at det kan bety noko for lastebilnæringa, men ein må også tenkje på at det er svært få førarar som blir utdanna. Så vi må ha folk til å køyre lasta i Norge, og då treng vi utlendingane.

Trur ikkje NHO får viljen sin

Men Rolf Olav Tenden trur ikkje NHO vil få viljen sin.

– Nei, dette trur eg ikkje dei vil få gjennomslag for, og eg trur Lastebileigarforbundet vil kjempe så godt dei kan for å stanse den negative utviklinga og heller få inn regelverk som fører til like arbeidsvilkår for norske og utanlandske sjåførar og transportørar.