Hopp til innhold

Overraska over få utanlandske bilar

– Eg er litt overraska. Det seier fylkesleiaren i Lastebileigarforbundet om teljinga dei har gjort av norske og utanlandske vogntog dei siste timane.

Teljing av vogntog i Stryn

FÅ UTANLANDSKE: Fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund, Rolf Olav Tenden, hadde trudd det skulle vere fleire utanlandske vogntog på teljepunkta i fylket.

Foto: Arne Vik

På nær 20 stader landet over har dei hatt folk ute for å telje norske og utanlandske vogntog. Lastebileigarforbundet meiner det går langt fleire utanlandske vogntog på norske vegar enn styresmaktene er klar over, og hevar mange av dei driv ulovleg transport.

Teljinga som er gjort i Stryn i løpet av natta overraskar Rolf Olav Tenden som er leiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane. Av 33 registrerte vogntog var berre tre av dei utanlandske.

– Eg er litt overraska over at det var så få utanlandske bilar i natt, seier Tenden til NRK.no tidleg onsdag morgon.

Strenge reglar, men...

I fleire år har Norges Lastebileigarforbund vore uroa for at utanlandske transportørar i stor skala driv ulovleg transport innanlands i Norge. Det er nemleg strenge reglar for korleis selskap frå utlandet kan drive transport i Norge, men kontrollane har til no vore svært mangelfulle meiner NLF.

Dei såkalla kabotasjereglane seier at eit utanlandsk vogntog som køyrer inn til Norge med internasjonal transport, etter dette berre kan køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innan for Norges grenser.

Deretter må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter, noko som vil seie at dei ikkje kan ha faste avtaler om køyring.

Lastebileigarforbundet hevdar mange utanlandske selskap snor seg unna reglane, og fryktar dette skal gå hardt utover norske sjåførarbeidsplassar.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I dag klokken 12 startet Norges Lastebileier-forbund en 24 timers landsomfattende telleaksjon. ALLE vogntog skal telles. Hensikten er å vise at det er flere utenlandske vogntog enn offentlige tall viser - og at mange av disse vogntog-sjåførene driver ulovlig transport rundt i Norge. Svinesund var ett av tellestedene.

24 TIMAR: I eitt døgn skal den norske transportnæringa telje vogntog langs vegane. Målet er å vise at det er fleire utanlandske vogntog langs vegane enn det offisielle statistikkar viser.

– Hadde trudd det var fleire

Rolf Olav Tenden

NYTTIG: Rolf Olav Tenden er overtydd om at tala dei samlar inn gjennom den landsomfattande teljinga blir nyttig for det vidare arbeidet til Norges Lastebileigarforbund.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sidan klokka 12 onsdag har forbundet hatt teljekorps ute landet over. Her i fylket har ein hatt teljingar både i Stryn og på Skei.

Dei endelege tala viser at det på Skei har passert 217 norske vogntog og 47 utanlandske. For Stryn er tala 109 norske og 36 utanlandske.

– Eg hadde trudd det var meir, seier Tenden om tala frå teljingane i fylket.

Han meiner samtidig ein må ta med i reknestykket at Sogn og Fjordane truleg skil seg ut frå resten av landet.

– Om vi tenkjer prosentvis andel av utanlandske vogntog så trur eg Sogn og Fjordane har færre enn resten av landet. Men vi kan nok vente oss fleire utanlandske transportørar på våre kantar også, seier han.

Også tidspunktet for teljinga kan ha noko å seie trur han.

– Hadde vi vore 14 dagar tidlegare ute, trur eg vi hadde sett fleire utanlandske bilar. Då har vi meir import av blomster og frukt, og det er også meir transport av fisk, seier fylkesleiaren.

– Svart marknad

Den norske transportnæringa seier dei stadig opplever at dei blir utkonkurrerte av utanlandske selskap, selskap som kan tilby heilt andre prisar.

Administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund, Geir A. Mo, er uroa for det han meiner er blitt ein svart marknad for transporttenester.

Med den marknaden følgjer også dårlege forhold for sjåførane, sosial dumping og urettferdige konkurranseforhold, meiner NLF.

– Når du køyrer ulovleg kabotasje betalar du ikkje verken moms, skatt eller bompengar, seier Mo til NRK.no.

Vil ha fleire kontrollar

Tenden er svært spent på dei samla resultata frå heile landet når teljingane blir avslutta klokka 12 i dag. Sjølv om han er overraska over at det ikkje var fleire utanlandske bilar forbi kontrollpunkta i Sogn og Fjordane trur han tala blir svært nyttige.

– Vi er ikkje ute etter å ta nokon, og har ikkje høve til å registrere verken registreringsnummer eller firma.

– Dette er mest for internt bruk, men også for å sjå om det er nokon delar av landet som har fleire utanlandske transportørar enn andre. Då kan vi eventuelt prøve å påverke styresmaktene til å ha fleire kontrollar i dei områda, seier Tenden.

Norges Lastebileigar Forbund er no i gang med å telje norske og utanlandske lastebilar fleire stadar i landet.

STRYN: Er ein av nær 20 teljeplassar landet rundt.