Hopp til innhold

«Heilt håplaust at ein elev skal oppleve mobbing nesten halve livet»

Leiar i Foreldreutvalet for grunnopplæring (FUG), Elisabeth Strengen Gundersen, er hovudristande til mobbinga som dei mobberåka elevane i Høyanger har opplevd.

Høyanger skule/Strengen Gundersen

RYSTA: Leiar i FUG, Elisabeth Strengen Gundersen er rysta over mobbesakene ved Høyanger skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen/FUG / NRK/FUG

– Mobbehistoria har vart frå 2. til 6. klasse. Det vil seie at eleven har opplevd langvarig mobbing nesten halve livet på skulen. At skulen ikkje klarar å ta tak i det og stoppe det, er heilt håplaust, seier Gundersen.

I går vart det kjent at Høyanger kommune, som den første kommunen i landet, har fått ei bot på 100.000 kroner for å ikkje ha gripe inn, trass i at dei visste at to elevar ved Høyanger skule vart utsette for omfattande mobbing.

Gundersen har gjennom media fått med seg brotstykke av kva dei to elevane ved Høyanger skule har gått gjennom.

Har nesten ikkje ord

Den eine guten vart mobba og utsett for vald frå ein medelev frå 2. til 6. klasse. Han skal ha vorte halden under vatn i symjehallen til han mista pusten, samt at han fekk hovudet dunka mot ein murvegg. Saka eskalerte då ein medelev gjekk til angrep på guten med kniv.

– Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie. Det er hårreisande, seier Gundersen.

Ho er glad for at Høyanger kommune har fått ein reaksjon etter dei omfattande mobbesakene som har pågått i mange år.

– Den bota er eit viktig signal om at skulen har eit klart ansvar når det gjeld mobbesaker. Det gir eit håp til foreldre og elevar om at det nyttar å kjempe. Det er uhøyrt at ei mobbehistorie kan vare over så lang tid utan at ein får stoppa det, seier Gundersen.

Burde betalt med ein gong

Høyanger kommune har i dag fire dagar på seg til å bestemme seg om dei vil godta førelegget dei er ilagde. Det tykkjer Gundersen lite om.

– Eg tykkjer det er hårreisande. Først seier dei at dei legg seg flate, og etterpå seier dei at dei vil vurdere om bota er rett. Dei burde ha betalt utan å tenkje seg om. Her har dei fått ein klar dom, og dei har gjort nokon som ikkje skulle vore gjort, seier Gundersen.

I slike tilfelle har ikkje Fylkesmannen eller nokon andre noko sanksjonsmoglegheit for å få kommunen og skulen til å gjere det dei skal, meiner Strengen-Gundersen.

– Vi har etterlyst moglegheit for sanksjon til Fylkesmannen som har tilsynsmynde for skulane. Det er avdekt mange historier rundt omkring der Fylkesmannen påpeikar overfor kommunane at dei har gjort feil, og at dei bør rette opp. Vi ser gang på gang at kommunane startar ein prosess, men at tiltaka ikkje verkar og at mobbinga held fram, seier Gundersen.

Syner at det nyttar å kjempe

Foreldreutvalet for grunnopplæring får mange førespurnader frå foreldre som har born som opplever mobbing på skulen.

– Når dei ringjer til oss for å få hjelp, så er det ikkje berre ein elev som er i ein forferdeleg situasjon, det er ein familie som lir under det som går føre seg. Det finst nesten ikkje ord for kva som kan skje, og at skulen syner manglande evne til å ta tak i ting som burde vore løyste for lenge sida, seier Gundersen.

– Det at foreldra ser at det nyttar å kjempe og å halde fram, og at ein får oppreising, er viktig. Åra ein mista på grunn av mobbing, får ein aldri att, seier Gundersen.

Må ta tak før det er for seint

Barneombodet meiner det er rett og rimeleg at Høyanger kommune vert straffa for å ikkje ha gjort nok for å hindre mobbing.

– Dette gir eit veldig viktig signal, og eg er svært glad for den avgjerda som både Statsadvokaten og politiet har teke i denne saka. Det kan verke disiplinerande og oppdragande på andre kommunar, seier Lindboe.

Barneombud Anne Lindboe

EFFEKT: Barneombod Anne Lindboe håpar saka i Høyanger kan ha oppdragande effekt på andre kommunar.

Foto: Beate Riiser / NRK

– Det er ikkje berre å neglisjere og oversjå desse sakene. Ein må ta tak og sørgje for at borna får hjelp, og at det ikkje blir slik som det er i dag at nokon av desse borna ikkje får oppreising for tapt skulegang før dei er vorte vaksne. Då er det faktisk for seint, seier Lindboe.

Barneombodet er klar på at hjelpa må inn på eit langt tidlegare tidspunkt.

– Vi må sørgje for at borna får hjelp medan dei framleis går på skulen, og medan dei framleis har noko att av barndommen, seier Lindboe.

Letta over å ha vorte tekne på alvor

Barneombodet er fornøgd med at politimeisteren i Sogn og Fjordane har gitt Høyanger kommune eit førelegg på 100 000 kroner for brot på opplæringslova.

Kommunen er bøtelagt for å ikkje ha gjort nok for å hindre mobbing dei kjende til. I Høyanger melde to foreldre kommunen til politiet i fjor fordi borna deira vart alvorleg mobba.

I dag ønskjer ikkje familien å kommentere saka av omsyn til borna. Advokat til den eine familien, Snorre Sæverås, seier familien i dag kan senke skuldrene.

– Min klient er letta over at politiet har teke dette på såpass stort alvor. Det har vore ein lang prosess, men dei er no letta, seier Sæverås.

Om det kan verte aktuelt med ei erstatningssak, kan ikkje advokaten svare på på noverande tidspunkt.

– Eg har berre fått orientering om at politiet har gitt ei føretaksstraff. Eg har ikkje fått drøfte med min klient om korleis ein eventuelt vil følgje dette opp seinare. Det må eg komme tilbake til, seier Sæverås.

Håpar det motiverer andre kommunar

Nestleiar i Utdanningsforbundet, Terje Skyvulstad, seier alle mobbesaker er alvorlege. Men han håpar saka frå Høyanger kan motivere kommunane til å jobbe meir mot mobbing.

– Når vi får opp saker som dette, så håpar eg at dette fører til at fleire skular og kommunar tek arbeidet mot mobbing meir på alvor, og at kommunane hjelper skulane med dette heile tida, slik at det ikkje blir skippertak, seier Skyvulstad.

Han peikar på at dei må lage planar som vert brukte, og som ikkje berre vert liggjande i ei skuffe.

– Det er viktig å ha gode rutinar og beredskapsplanar for å overvinne mobbing, seier Skyvulstad.

I Kommunenes Sentralforbund seier direktør Helge Eide at saka er uheldig.

– Vi tek dommen til følgje, og så må kommunane, KS og samarbeidspartnarane våre i stat og arbeidstakarorganisasjonane fortsette kampen mot mobbing, for det er ein viktig kamp å kjempe, seier Eide.

Han legg til at visjonen om null mobbing er levande til stades i skular og kommunar.

– Men så lenge visjonen ikkje vert nådd, så må vi halde fram med arbeidet, seier Eide.

Kan motivere og disiplinere andre

Men trass eit planrikt arbeid for å hindre mobbing, vert born mobba. Barneombod Anne Lindboe seier ho kjenner til mange tilsvarande historier om langvarig mobbing.

– Det veit eg, for vi får ganske mange tilbakemeldingar frå born og foreldra deira hjå oss i Barneombodet, der historia er at alvorlege mobbe- og krenkingssaker har gått føre seg i mange år, utan at borna og foreldra har fått naudsynt hjelp, seier Lindboe.

Ho presiserer kor viktig det er å få sett inn tiltak tidleg.

– Det å gripe inn tidleg og sørgje for at desse borna får hjelp før skaden er blitt for stor, og for mykje av skulegangen har vorte øydelagt, er ekstremt viktig. Ei slik føretaksstraff kan nok både motivere og disiplinere ein del kommunar til å bli betre, seier Lindboe.

Høyanger kommune har framleis ikkje bestemt seg for om dei skal vedta bota.