Foreldre melder Høyanger barne- og ungdomsskule til politiet

Foreldra til ein elev ved Høyanger barne- og ungdomsskule melder skulen til politiet, fordi dei meiner det har vore mangelfull oppfølging i ei mobbesak.

Høyanger skule

MELDT TIL POLITIET: Høyanger barne- og ungdomsskule.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det er Firda som skriv om dette torsdag.

Etter det avisa kjenner til, skal politimeldinga ha kome fordi foreldra til ein elev meiner skulen ikkje har teke nok tak i ei mobbesak ved skulen.

– Tek det på høgste alvor

Arve Varden

– TRASIG: Rådmann i Høyanger, Arve Varden.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Eg tykkjer det er leit at me er i den situasjonen og at nokon opplever at det tilbodet dei får gjennom vårt tenesteapparat, i dette tilfellet Høyanger barne- og ungdomsskule, ikkje er slik som dei ønskjer det skal vera.

– Det er trasig og me tek det på høgste alvor, seier rådmann i Høyanger, Arve Varden, til nrk.no

Han fortel at dei vart gjort merksame på dette for nokre dagar sidan, og at dei tilsette ved skulen er informert om saka.

– Me snakkar også med politiet, og me vil sjølvsagt medverke til at alle fakta kjem på bordet, seier Varden til nrk.no

Følgt rutinane godt nok?

Rådmannen seier at dei so skal gå rutinane deira i saumane for å finna ut om dei er gode nok.

– Generelt so har me rutinar som skal handtera mobbesaker, det har me på alle skulane våre. So er spørsmålet i dette tilfelle om dei har følgt opp våre rutinar på ein god nok måte.

– Når nokon har ei oppleving at dei ikkje opplever tilbodet vårt som godt nok, må me sjå oss sjølve i korta og sjå om me gir eit tilfredsstillande tilbod, seier Varden.

– Har dette vore eit problem tidlegare på skulen?

– Generelt sett so opplever me at me har eit bra miljø på skulane i Høyanger. På so store skular, som Høyanger barne- og ungdomsskule med over 400 elevar, so vil det sjølvsagt oppstå hendingar av og til som ikkje er heilt optimale, men eg kjenner ikkje til at me har eit mobbeproblem ved skulen.