Gut vart utsett for vald og mobbing frå medelev i fem år - no har politiet lagt vekk saka

Den unge guten vart mobba og utsett for vald frå ein medelev frå 2. til 6. klasse. No har politiet lagt vekk saka, men er uroa over korleis skulen har handtert den svært alvorlege mobbinga.

Høyanger skule

SKJEDDE HER: Ifølgje politiet vart guten utsett for så grov mobbing ved Høyanger skule at det ville vore råka av straffelova, dersom mobbaren hadde vore over den kriminelle lågalderen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I februar i år melde foreldra til ein ung gut Høyanger kommune til politiet, etter at sonen deira har vore utsett for mobbing gjennom store deler av barneskulen.

Av omsyn til sonen ønskjer ikkje familien å snakke om saka, men NRK har fått løyve til å referere brevet dei no har fått frå politiet. Eit brev der dei får beskjed om at saka er lagt vekk.

Politiet uroa over situasjonen


– Politiet har etterforska saka breitt, vi har henta inn dokumentasjon, vi har avhøyrd aktuelle lærarar og leiinga om kva som kan ha skjedd på skulen og kartlagt kva tiltak som vart sett i verk for å følgje dette opp, seier politiadvokat Anette Stegegjerde Norberg til NRK.no.

Dei vurderer det slik at det ikkje er nokon reglar i straffelova som kan seiast at skulen har brote.

– Politiet si oppgåve er å etterforske om det har foregått eit lovbrot. Det er bakgrunnen for at saka er lagt vekk som straffesak. Slik vi har vurdert det, så har mobbinga vore alvorleg og einskilde av hendingane som politiet har blitt kjende med, har vore så grove at det har foregått vald i straffelova sin forstand, seier Norberg.

Vil ha møte med alle partane

Ho tek no initiativ til eit felles møte mellom politi, familien og kommunen for å klargjere vegen vidare etter den grove mobbesituasjonen som har vore gjennom fleire år.

Slik vi har vurdert det så har mobbinga vore alvorleg og einskilde av hendingane som politiet har blitt kjende med, har vore så grove at det har foregått vald i straffelova sin forstand

Anette Stegegjerde Norberg, politiadvokat

– Løysinga blei frå vår side kanskje rekna for litt kreativ, men det er å rekne som eit tiltak som politiet kan ta initiativ til sjølv i regi av den rolla ein har som ordensmakt. Med heimel i politilova har vi teke initiativ til eit møte der dei involverte partane blir oppmoda om å møte. Det er eit tilbod dei no har og drøfte det som har skjedd. Og ikkje minst korleis ein kan forebyggje slike hendingar i framtida, seier Stegegjerde Norberg.

– Har teke saka på alvor

Fungerande rådmann og oppvekstsjef i Høyanger, Bjørn Hjelmeland, seier til NRK.no at dei først i dag vart gjort kjende med at politimeldinga mot kommunen er lagt vekk.

– Det vi vil seie at vi har teke denne saka på alvor frå første dag då den blei kjend for oss. Det er klart at vi er interessert i å følgje dette opp fordi vi er interessert i å bli betre på førebyggjande arbeid, seier Hjelmeland.

Vi må lære av denne saka og set den på dagsorden sånn generelt om korleis vi kan førebyggje mobbing

Bjørn Hjelmeland, oppvekstsjef

– Korleis har det vore å få denne alvorlege saka i fanget?

– Det er lite hyggjeleg, men vi ser at systema våre av og til ikkje fungerer godt nok. Det er inga god kjensle å sitje med. Det er mange spørsmål vi ikkje har svar på.

– God dialog med kommunen

– Føler du at kommunen har vore i ein god dialog med familien i denne saka?

– Eg føler at at eg og rådmannen har hatt ein god dialog med familien, og vi har støtta dei på dei skal ta vare på si rolle som foreldre. Når dei valde å melde dette, så syntes vi det var rett, seier oppvekstsjefen.

Han vonar no at dette er eit juridisk punktum for denne saka, for alle partar som er involvert.

– Vi må lære av denne saka og set den på dagsorden sånn generelt om korleis vi kan førebyggje mobbing.

mobbing 4

LAGT VEKK: Faksimile av brevet politiet no har send dei involverte partane i den alvorlege mobbesaka.