Hopp til innhold

Meiner skulane gjer ein altfor dårleg jobb i arbeidet mot mobbing

Leiaren i Konfliktrådet meiner at skulane ikkje er gode nok til å løyse alvorlege mobbesaker. No vil han ha profesjonelle meklarar inn i skuleverket.

mobbing

VIL HA HANDLING: Bjarte Hauge i Konfliktrådet krev no handling i staden for planar mot mobbing i skulen.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

– For meg er det uforståeleg at ein ikkje tar litt meir tak i dei problema som heilt tydeleg er der.

Forskning syner at så mange som kvar fjerde elev i løpet av skuleåra vil oppleve mobbing. I stor grad er det skulane sjølve som prøver å ordne opp, og både lokale og sentrale styresmakter har mellom anna gått saman om eit manifest mot mobbing. Men det held ikkje med fine planar om mobbinga likevel held fram, meiner Bjarte Hauge i konfliktrådet.

Må sleppe meklarane til

– Du kan seie at planane er veldig bra, men det hjelper jo ikkje om det ikkje fungerer. Det hjelper ikkje å ha ein plan ståande i hylla som ein kan ta fram når det blir kontroll. Dersom mobbinga held fram, så fungerer jo ikkje planen. Eg har jo drive med trening og vektløfting, har du eit treningsprogram som ikkje virkar, så må du jo byte program, seier Hauge.

No må dei profesjonelle meklarane få lov å sleppe til i skuleverket, krev Hauge.

– Eg veit i alle fall ikkje om nokon andre som har noko betre metode enn konfliktrådet har. Det kan eg jo dokumentere opp og ned i mente med forsking og rapportar. Ein har dokumentasjon i bøtter og spann på at dette fungerer, då har eg store problem med dei som hevdar at det ikkje gjer det.

– Alldeles på viddene

Tor Bremer sit i utdanningskomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet og er oppteken av arbeidet mot mobbing. Han er meir usikker på kva rolle konfliktrådet kan spele.

Eg vil tru at dersom konfliktrådet skal inn, då har ei sak kome så alldeles på viddene og gått så langt at nokon har forsømt seg mykje. Eg skal ikkje utelukke det, men eg trur det er andre grep som kan vere meir målretta.

Høyanger skule

ALVORLEG SAK: Ein elev ved Høyanger skule vart fysisk og psykisk mobba av ein medelev i fem skuleår. No har skulen fått hard kritikk frå politiet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Juridisk ansvar

– Er skulane flinke nok til å ta tak i mobbinga?

– Skuleeigaren som er kommunen i dei fleste tilfelle, har eit juridisk ansvar for at det ikkje skjer mobbing og må ta det alvoret meir tydeleg. Så må vi ha ein sterkare gjennomgang av rektor- og lærarutdanninga der mobbing kjem sterkare inn som tema, seier Bremer.

Han trur likevel det vil dukke opp einskilde tilfelle, uansett kva tiltak og planar ein har mot mobbing.

– Då trur eg at kommunen skal ha eit beredskapsteam som fagleg er i stand til å rydde fort og effektivt opp i dette. Eg trur det er betre å få eit slikt beredskapsteam i alle kommunar, i staden for i eit konfliktråd som kjem for seint inn og kanskje ikkje har det faglege grunnlaget for å gjere ein god jobb, sler Bremer fast.

For lite kjend tilbod?

Leiar i utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Gunn Marit Haugsbø, trur at tilbodet frå konflikrådet er for lite kjend.

– Det kan kanskje vere ulike grunnar. Det kan vere at ein ikkje er godt nok kjend med den moglegheita ein har til å bruke konfliktrådet. Det kan vere at ein synes at ein har brukbare system lokalt til å handtere utfordringane. Dette er jo eit spørsmål som ein må stille til skuleeigarane, seier Haugsbø.

– Vi har vore rundt og informert, vi har faktisk vore i møte også, og dei har vore veldig positive. Men så skjer det ingenting. Så får vi då likevel høyre at det er store problem med mobbing, parerer Hauge i Konfliktrådet.

– Må vise handlekraft

Konfliktrådet står klar til å kalle både mobbarar, skulane og familiane inn til løysingsorienterte møter. Men Hauge er overtydd om at det no er på tide syne handlekraft mot mobbing.

– Eg trur kanskje at det er mykje feigheit der ein ikkje torer å ta den vanskelege samtalen og tenkjer at no er det mange som blir sinte og slik. Det er jo klart at eit problem forsvinn ikkje av seg sjølv. Det nyttar ikkje å koste det under teppet.Til slutt bular heile teppet seg. Ein er nøydd for å ta det før eller seinare. Då er det gjerne så gale at ein klarer ikkje å fikse det ein gong.