Hopp til innhold

Elev i Høyanger angreip medelev med kniv - lærar gjekk i mellom

Ein elev ved Barne- og ungdomsskulen i Høyanger gjekk til angrep på ein medelev i skuletida med kniv torsdag.

Høyanger skule

TIL ANGREP MED KNIV: Ein elev ved Høyanger barne- og undomsskule gjekk torsdag til angrep på ein medelev. Ingenv vart skadde i hendinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er Sogn Avis som skriv om hendinga som fann stad torsdag.

Ein elev på mellomsteget ved Barne- og ungdomsskulen skal ha angripe ein medelev med kniv.

Lærar gjekk i mellom

Ein lærar skal ha gått i mellom og det oppstod eit basketak då læraren freista å få tak i kniven. Til alt hell kom ingen til skade.

Lensmann i Balestrand, Kåre Jan Hoffrenning, seier til avisa at han ser alvorleg på hendinga.

Politiet har ikkje fått skriftleg melding frå skulen, men har sjølve oppretta sak på tilhøvet.

Stadfestar hendinga

Over helga skal politiet ha ein gjennomgang med skulen.

Ingen av elevane som var involverte i hendinga var på skulen fredag.

Rektor ved skulen, Solveig Berstad Sande, seier til avisa at dei handterer saka og at tiltak er iverksett.