Knekte nasen på medelev

Ein 15 år gammal elev ved ungdomsskulen i Høyanger er dømd til 100 timar samfunnsteneste etter å ha sparka ein medelev i ansiktet.

Høyanger skule

HØYANGER SKULE: Valdsepisoden fann stad på Høyanger skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Valdsepisoden skjedde i november i fjor, og førte til at nasen til medeleven knakk.

Slåssing i etter gymtime

Valdsofferet har over tid blitt mobba av fleire elevar på skulen, og det oppstod ein konfrontasjon mellom dei to elevane i garderoben etter ein gymtime.

Den tiltalte 15-åringen mobba medeleven i garderoben. Medeleven har forklart at han har blitt såra og lei seg etter dei stadige og sjikanøse utsegnene frå tiltalte. Han tok dette opp med tiltalte i garderoben, og ba han slutte med sjikaneringa.

Det enda med ein slåsskamp mellom dei to. Fornærma forklarte at «begeret var fullt» og at han valgte å gå til fysisk angrep. Men klassekamaratar skilde dei to, og skuledagen heldt fram.

Vart kasta i bakken

Seinare på dagen tok ein annan medelev kontakt med fornærma, og spurte han om han hadde fått bank. Han lurte også på kva som var årsaka til at fornærma hadde grete tidlegare på dagen.

Han hadde gått opp i ansiktet til fornærma, men då hadde fornærma skubba han vekk. Fornærma fekk deretter eit slag i ansiktet. Eleven som slo har fått førelegg av politiet.

Ei jente i klassen gjekk i mellom dei to, men ho vart skubba vekk slik at han kunne halde fram med å plage fornærma, ifølgje dommen. Fornærma vart etter dette kasta i bakken.

«Har ikkje forstått alvoret i saka»

Medan guten låg nede, vart han sparka i ansiktet av tiltalte. Vitner har forklart at tiltalte sparka målretta, og at sparket kan samanliknast med måten ein fotballspelar sparkar til ein fotball.

Fornærma har forklart at smerta var stor etter sparket, og at han høyrde ein tydeleg knekkelyd, og at han begynte å fossblø.

Tiltalte forklarte at sparket var ein reflekshandling, og at grunnen til sparket var at han skal ha fått ein alboge av fornærma.

Retten skriv i dommen at det verkar som om tiltalte si forklaring er konstruert fordi han ønskjer å unndra seg straffeansvar. Retten meiner tiltalte har bagatellisert sin veremåte og at det verkar som om tiltalte ikkje har forstått alvoret i saka.

Retten meiner også at tiltalte har gitt uttrykk for at han ikkje oppfatta at fornærma syntes det var ubehageleg å bli mobba. Retten meiner dette gir grunn til bekymring, ettersom hendinga var prega av hensynslaus og brutal adferd.