Hopp til innhold

Mor melder kommune til politiet

Sonen til Ingunn Eikås har i lengre tid blitt mobba i skuletida. No er ho så fortvila at ho melder Høyanger kommune til politiet.

Høyanger skule
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eikås seier til Firda at ho gjer dette etter at sonen over mange år har blitt mobba og trakassert ved Høyanger skule.

– Når ein 12-åring kjem heim frå skulen og seier han vert så mobba av medelevar at livet ikkje er verdt å leve, då er det mi plikt som mor å slå alarm, seier ho til avisa.

Sonen skal mellom anna ha blitt halden under vatn i symjehallen til han mista pusten og fått hovudet dunka mot ein murvegg. Sist veke eskalerte det, då ein medelev gjekk til angrep på sonen hennar med kniv.

Liknande sak tidlegare i år

Allereie i mars i fjor bad Eikås om at skulen sette i verk tiltak mot mobbinga av sonen, men dette vart ikkje gjort, skriv Firda. Dette har ho klaga inn til Fylkesmannen, som har slege fast at Høyanger skule i denne saka ikkje har handla i samsvar med opplæringslova.

At mobbesaker ved skulen blir melde til politiet har skjedd før. I februar melde foreldra til ein ung gut Høyanger kommune til politiet, etter at sonen deira hadde vore utsett for mobbing gjennom store delar av barneskulen.

Politiet la vekk saka, men tok initiativ til eit møte mellom partane.

Håpar noko blir gjort

Ingunn Eikås seier til Firda at ho håpar noko blir gjort ved Høyanger skule, og meiner dei må endre måten dei handterer mobbing og trakassering på.

– Eg ønskjer at Høyanger skule skal vere ein trygg og god lærestad for alle. Det oppnår vi ikkje dersom mobbing, trakassering og skremsler vert bagatelliserte og feia under teppet, seier Eikås til avisa.

Oppvekstsjef i Høyanger kommune, Bjørn Hjelmeland, vedgår ovanfor avisa at dei ikkje har hatt eit godt nok system for å handtere slike saker og hendingar.

Han seier vidare at kommunen skal bli flinkare på å følgje opp interne rutinar, og meiner det her er snakk om systemsvikt.