Høyanger kommune bryt lova - gjer ikkje nok mot mobbing

I 2010 fekk Høyanger skule pålegg om å rette opp ei rekkje tilhøve i arbeidet mot mobbing. No seier Fylkesmannen at kommunen framleis bryt lova. – Vi har ikkje gjort nok, seier rådmannen.

Høyanger skule

ÅSTAD FOR MOBBINGA: Fleire alvorlege mobbesaker har funne stad på Høyanger skule dei siste åra. Rådmannen lovar betring.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Høyanger skule har vore åstad for fleire alvorlege mobbesaker dei siste åra.

I februar 2013 melde foreldra til ein ung gut Høyanger kommune til politiet. Sonen hadde vorte utsett for mobbing gjennom fleire år.

Ein annan gut skal ha blitt halden under vatn, fått hovudet dunka mot ein murvegg, og til sist vorte angripen med kniv av ein medelev. Mora melde også det til politiet.

– Det er ikkje greitt

– Éi mobbesak er ei for mykje, og dette er noko vi tek på høgste alvor, seier rådmann i Høyanger kommune, Arve Varden.

Det er Høyanger kommune som har det overordna ansvaret for at paragrafane mot mobbing i opplæringslova vert følgde. Dei skal syte for at skuleleiinga fylgjer krava og pliktene i lova.

– Som skuleeigar er ikkje desse sakene noko kjekke. Det er ikkje greitt. Vi er ikkje nøgde med å ha slike saker i kommunen, seier rådmannen.

Les meir om mobbesakene her:

– Dette er alvorleg

Fylkesmannen representerer staten i fylket. Gjennom sine tilsyn sjekkar Fylkesmannen at kommunane følgjer lova.

– Vi reiser då ut til kommunane og har samtalar med og intervjuar rektorar, lærarar og assistentar. Vi snakkar også med elevar og foreldre, fortel seniorrådgjevar i avdelinga for opplæring hjå Fylkesmannen, Helge Pedersen.

Pedersen var sjølv med på tilsynet i Høyanger i 2013.

– Vi fann ein del av det same som ved tilsynet i 2010. Vi meiner at kommunen ikkje følgt dei opp på ein god nok måte. Difor måtte vi gje nye pålegg til kommunen, seier han.

– De skriv mellom anna om lovbrot. Er dette ein alvorleg sak?

– Tilsyn er ein metode for å sjekke om kommunane følgjer lova. Og når vi finn tilhøve som er like som ved førre tilsyn, som ikkje er i tråd med lova, vil vi karakterisere det som alvorleg, seier Pedersen

– Vi har ikkje gjort nok.

I rapporten frå tilsynet skriv Fylkesmannen at lovbrot har skjedd både når det gjeld individuelt retta arbeid og brukarmedverknad, medverknad for elevar og foreldre.

– Vi fekk rapporten åttande november i fjor. I den fekk vi nokre alvorlege merknadar og avvik knytt til skulane våre. Som skuleeigar synest eg ikkje dette er greitt, seier Varden.

– Det fyrste tilsynet var i 2010, kvifor har de ikkje gjort meir for å ta tak i dette tidlegare?

– Det er eit godt spørsmål og eg har eigentleg ikkje noko fullgodt svar. Vi har stilt oss dei spørsmåla også internt. Og vi har, som fylkesmannen påpeikte, ikkje gjort nok for å rette opp i avvika frå 2010, svarer Varden.

– Vi tek det på alvor

– Høyanger skule har hatt fleire alvorlege mobbesaker dei siste åra. Mellom anna vart to saker meld til politiet i fjor. Tok det for lang tid før de tok dette problemet alvorleg nok?

– Vi har som du seier hatt nokre alvorlege mobbesaker knytt til Høyanger skule. Og det har ikkje vore kjekt. Det er noko vi tek på høgste alvor. Eg skulle som rådmann i kommunen svært gjerne ønskt at vi ikkje hadde slike saker. Dessverre oppstår dette av og til, seier rådmannen.

– Når de har hatt desse alvorlege sakene, så er det kanskje noko de i kommunen vil ta sjølvkritikk for: at de ikkje har teke det alvorleg nok og ikkje gjort nok for å løyse det?

– Vi har ikkje hatt gode rutinar til å fange opp mobbing. Og det har vi teke sjølvkritikk på. Og det er ein god del av grunnen til at vi har hatt ei grundig saksbehandling ut over hausten, som enda i kommunestyret syttande desember i fjor, seier han.

Har vedteke handlingsplanar

Rådmannen fortel at kommunen utover hausten har teke problemet opp i heile kommunen.

– Vi har prøvd no i ettertid å vere i dialog med foreldre og skulane for at dei skal setje dette på sakskartet. Vi har også hatt dialog med tillitsvalde, skuleleiinga, rektorane og politikarane. Tema var korleis vi skulle lukke desse avvika, seier han.

I kommunestyret mot slutten av fjoråret gjorde politikarane fleire vedtak, fortel rådmannen.

– Vi vedtok felles ordensreglement for skulane, handlingsplan mot mobbing, retningsliner for saker som gjeld mobbing etter opplæringslova. No har vi laga reglement som vi håpar skal gjere at vi skal behandle slike saker på ein betre måte enn tidlegare.

– Trur du no at de vil unngå slike saker framover?

– Vi håpar i alle høve at vi skal takle slik saker betre dersom dei skulle oppstå. Men vi må vere så ærlege med å sjølve å sei at mobbesaker vil dessverre vil dukka opp innimellom.

– Vi har kome lenger

Rådmannen seier at det viktige er at dei er budde dersom slike saker oppstår.

– Vi må ha eit system som gjer at vi kan gje både eleven, foreldre og dei involverte god oppfølging dersom slike saker dukkar opp.

– Og du meiner det no har fått på plass eit system som skal sikre det?

– Eg er trygg på at vi har kome mykje, mykje lenger i å få på plass eit system. No er det viktig at vi som skuleeigarar saman med rektorane innfører systemet. Det må vi gjere slik at alle som jobbar på skulane kjenner til det, og kan ta vare på elevane på ein god måte.