NRK Meny
Normal

Dette flytande batteriet kan bli løysinga for hamner både i Noreg og utlandet

GUDVANGEN (NRK): Ein flytande ladestasjon, med ein innebygd tømmestasjon for kloakk. Kjempebatteriet i verdsarvfjorden er det første i verda.

Powerdocken i Gudvangen

NO BLIR DENNE SETT I DRIFT: Testane natt til torsdag gir grunn til optimisme, men alt har ikkje gått knirkefritt. Det er aldri greitt å vere først. Men alt nybrottsarbeid og innovasjon krev både tolmod og ståpåvilje, seier Rolf Andre Sandvik i The Fjords.

Foto: NRK

Den ubåtliknande flytebryggja skil seg merkbart ut der den ligg ved kaia i Gudvangen. Over den skin sola, himmelen er blå og fjorden rundt ligg blikstille. Ei perfekt ramme for Rolf Andre Sandvik i reiarlaget The Fjords.

– Dette er ein viktig dag for både båten «Future of the fjords» og miljøet.

Denne veka har Sandvik og The Fjords nemleg teke i bruk ei heilt spesiell nyvinning. Powerdocken som dei kallar den, er som er ei slags flytande ladebrygge.

Den skal lade opp dei batteridrivne båtane til selskapet, blant anna «Future of the Fjords». Båten er den aller første heilelektriske turistbåten i Noreg og vart sett i rute i Nærøyfjorden i mai. Båten er søsterskip til hybridbåten «Vision of The Fjords», som også har vekt internasjonal merksemd.

– Golvet forsvann under oss

The Fjords har satsa tungt på elektriske turistbåtar i Nærøyfjorden. Etter at dei bestilte den heilelektriske båten «Future of the fjords» kom det som eit sjokk at straumnettet i kraftkommunen Aurland ikkje var robust nok til å lade båten.

– Golvet forsvann litt under oss. Vi kunne jo bli ståande som nokre idiotar som hadde bestilt ein båt til over 100 millionar kroner, og så var det ikkje nok straum til å lade den, fortel Sandvik.

Heldigvis fekk Sandvik og kompanjongane raskt summa seg. Saman med Brødrene Aa, som har designa båtane «Vision of the fjords» og «Future of the fjords», kom dei fram til ei løysing, nemleg powerdocken.

– Dette er som ein batteripakke som jamt og trutt tappar straum frå straumnettet heile døgnet og når «Future of the fjords» kjem til kai, kan vi hurtiglade båten i løpet av 20 minutt, seier Sandvik.

Ifølgje han er batteripakken dei no har sett i drift den første av denne typen i verda.

– Ved å ha ein flytande batteripakke som dette, kan ein gjere det mogleg å ha ruter som ikkje ville kunne vore elektriske utan. Slik mogleggjer ein fleire grøne løysingar langs kysten, seier designar Torstein Aa i Brødrene Aa.

– Fantastisk idé

Seniorrådgjevar i Bellona, Jan Kjetil Paulsen, er imponert over løysinga dei har fått til.

– Det er ein fantastisk god idé. Elektriske båtar treng gjerne gode løysingar. Det som er interessant her er at dette er ein infrastruktur som burde ha kome frå hamna eller det offentlege. Her har ein privat aktør tatt initiativ med ei god løysing som fungerer, seier Paulsen.

– Trur du andre plassar vil gå for same løysing?

– På sikt skal jo utsleppsfrie båtar gå overalt så vil dette vera ein måte å løyse utfordringane med å få nok straum og reinsing av kloakk.

Rolf Andre Sandvik og Torstein Aa

KRY: Rolf Andre Sandvik i The Fjords og Torstein Aa i Brødrene Aa er begge stolte over nyvinninga. Her står dei på den vel 40 meter lange flytande ladestasjonen som ligg til kai i Gudvangen i Aurland.

Foto: Kaia Viki / NRK

Har blitt lagt merke til

Sandvik seier ladebryggja har vekt stor interesse både frå myndigheiter og maritime næringar andre stader i verda.

– Dette kan vere løysinga på utfordringar som andre hamner slit med.

Nyleg prata han i tre timar om den flytande ladebryggja med ein journalist frå IMO, som er den internasjonale skipsfartsorganisasjonen.

– Han var veldig ivrig og meinte dette kunne vere løysinga for mange hamner, der det i dag ikkje er tilrettelagt for elektrifisering av skipsfarten, seier Sandvik.

I tillegg til å vere eit flytande batteri har powerdocken også tankar for kloakk, slik at båtane ikkje lenger må sleppe kloakken ut på fjorden.

– Vi har vore skjemde kvar gong vi har tømt kloakken i sjøen. På denne måten blir båten eit reelt nullutsleppsprodukt på fjorden, seier Sandvik.

Future of The Fjords

HEILELEKTRISK: Future of The Fjords er den første heilelektriske turistbåten i Noreg. Når den legg til kai ved den såkalla powerdocken kan den lade opp batteriet sitt på berre 20 minutt.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune