Ministeren ville lære om grøn skipsfart

HYEN (NRK): Brødrene Aa har vore pionerar innan marknaden når det gjeld å bygge båtar i karbonfiber. Tysdag vitja klima – og miljøminister Vidar Helgesen (H) bedrifta for få ei innføring i grøn skipsfart.

Anniken Rygg, Sven Flo, Tor Øyvin Aa og Vidar Helgesen

GRØN SKIPSFART: Gruppeleiar i Gloppen Høgre, Anniken Rygg, ordførar i Stryn, Sven Flo (H), administrerande direktør i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa og klima – og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Val

– Vi byrja å bruke Karbonfiber i 2002. Til å byrje med var det ein del skepsis til om materialet var så miljøvenleg og effektiv som vi som skipsbyggarar sa det skulle vere, seier Administrerande direktør, Tor Øyvin Aa.

I Hyen har Brødrene Aa produsert over 250 fartøy. Dei siste 15 åra er 52 av desse bygde i karbonfiber.

– For oss som bygger hurtigbåtar så det stort fokus på vekt. Klarer vi å redusere vekta på båten så vert dei meir driftsøkonomiske. Dei treng mindre motorar og forureinar mindre, seier Aa.

Ministerbesøk

Verksemda i Hyen er no leiande både nasjonalt og internasjonalt i det å bygge båtar i karbonfiber. Difor kom også klima – og miljøminister Vidar Helgesen tysdag på besøk til pionerbedrifta.

– Vi tykkjer det er svært kjekt at han kjem på besøk. Han veit kva som er viktig når det gjeld miljøproblematikken, seier Aa.

For Aa var det ekstra hyggeleg å høyre at klima – og miljøminister hadde brukt båtane frå Hyen som eksempel då han nyleg var på rundreise i USA.

Han brukte «Vision of the Fjords» som eksempel på norsk teknologi , og det tykkjer vi er svært hyggeleg å høyre, seier Aa.