NRK Meny
Normal

Derfor trur han Sogndal hamnar på kvalifiseringsplassen

SOGNDAL (NRK): Med fire kampar att ligg Sogndal så vidt på trygg plass i eliteserien, men sportsjournalist i Sogn Avis, Endre Romøren, trur Tromsø vil gå forbi på slutten.

Endre Romøren, sportsjournalist, Sogn Avis

TETT PÅ: Endre Romøren følger Sogndal på heimebane, bortebane og trening gjennom året.

Foto: Håvard Nesbø / Sogn Avis

  • Sjå tabell nedst i saka.

– Eg trur at dei ender på kvalifiseringsplassen med tanke på at dei rota vekk to poeng mot Sarpsborg. På dei tre siste kampane har dei kasta vekk fem poeng på defensiv dødball, seier Endre Romøren.

Han er sportsjournalist i Sogn Avis og ingen journalistar i Norge følger laget frå Sogndal tettare.

Kampane han siktar til er 3–3 kampen mot Sarpsborg på heimebane søndag kveld. Der var dei framfor med 3–1, men fekk to baklengsmål i andre omgang. Borte mot Lillestrøm kom den avgjerande scoringa i mot heilt på tampen, og runden før kom Molde tilbake etter at Sogndal leda 2–0 og laga delte poenga.

Felles for alle dei tre kampane er at dei fleste baklengsmåla har kome etter frispark og hjørnespark i mot.

Tøft program

Slik det ser ut no, med fire serierundar att for alle laga i eliteserien, ligg Sogndal så vidt det er på trygg grunn med sin 13.-plass (sjå tabell lengre nede i saka). Men ned til Tromsø på plassen bak, som må spela kvalifisering for å unngå nedrykk, er det berre målforskjellen som skil laga. På poeng står dei heilt likt.

Eliteserien i fotball 2017: Lillestrøm - Sogndal

MÅL I MOT: På dei siste tre kampane har Sogndal tatt to poeng, trass i at dei har leda to av kampane med to mål. Keeper Mathias Dyngeland seier det er opp til dei sjølve å ta nok poeng til å halda plassen i divisjonen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Om ein ser på kampprogrammet til dei to laga så trur eg Tromsø vil gå forbi dei, seier Romøren.

For om to veker møtes laga på Fosshaugane, men før den tid skal Sogndal til Drammen for å spela mot formlaget Strømsgodset. Tromsø skal møte fortapte Viking på heimebane.

– Det vert ein tøff kamp og ein krig for å halda oss. Vi har fire «cupfinalar» att og skal møte Tromsø heime. Den kampen er det utruleg viktig å ikkje tapa, seier Sogndal-keeper Mathias Dyngeland.

Men – berre to poeng bak ligg Aalesund på direkte nedrykk. Samstundes er det berre to og tre poeng opp til Kristiansund og Lillestrøm. Men Romøren i Sogn Avis fryktar ikkje laget frå Sunnmøre.

– Dei har ikkje vunne på 12 kampar i serien og har tøffe kampar att. Eg trur dei rykker ned, seier han.

Brukbar stemning

Sjølv om det vert nok ein haust der Sogndal må kjempa med nebb og klør for å unngå nedrykk, er stemning i laget bra.

– Sjølv om det har vore surt å mista poeng i dei siste kampane så er humøret på plass i spelargruppa. Vi har levert gode prestasjonar, men vi har vore litt uheldige, litt udyktige og må ta oss saman i sesonginnspurten, seier Dyngeland.


  

Sjå saka frå Vestlandsrevyen om Sogndal sin kamp mot nedrykk.

Laster innhold, vennligst vent..
Vegopning på Bergum i Førde kommune