Hopp til innhold

Nedrykkstruga Sogndal rota vekk livsviktige poeng

Sogndal såg ut til å gå mot ein avgjerande siger for å unngå nedrykk til 1. divisjon. Men så kom medaljejaktande Sarpsborg sterkt i sluttminuttane.

Eliteserien fotball: Sogndal - Sarpsborg 08.

TIDENES SNUOPERASJON: Sogndal gjekk frå 0–1 til 3–1 på 17 minuttar i fyrste omgang, men det heldt ikkje heilt inn.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Vertane gjekk til pause med 3-1-leiing og tre viktige poeng godt i lomma. Kampen enda 3-3.

– Det skjer igjen. Vi rotar vekk ei tomålsleiing. Det er skuffande at vi ikkje klarer meir, men vi er ikkje konsentrerte og dyktige nok i det siste og avgjerande, seier ein skuffa Sogndal-kaptein, Even Hovland, til Eurosport.

Realt drama

Det blei eit realt drama på Fosshaugane Campus mellom nedrykkskandidat Sogndal og medaljejaktande Sarpsborg 08.

Når Tromsø på kvalikkplass tok ein sterk bortesiger mot Stabæk, måtte Sogndal, som låg på plassen føre, vinna for ikkje å hamna med begge føtene i nedrykksmyra.

Men at heimelaget hadde alt å spela for, var vanskeleg å få auga på i starten.

Magisk halvtime

Bortelaget frå Østfold tok leiinga allereie etter fem minuttar. Tidlegare Sogndal-spelar Ole Jørgen Halvorsen drog av to sogndalspelarar og la inn til stjerneskotet Krépin Diatta som ruva høgst på bakarste stope.

Starten på kampen kunne ikkje ha vore meir marerittaktig for heimelaget, som kjempar innbite for å berga plassen i eliteserien.

Men skjedde noko, som fekk erfarne heimesupporterar til omtala som tidenes snuoperasjon på Fosshaugane.

I det 22. minuttet dunka ringreven Kjetil Wæhler ballen i mål etter mykje klabb og babb føre målet til Sarpsborg.

Fire minuttar seinare sende Gilbert Koomson heimepublikummet til himmels då han venda vekk Amin Askar og skaut ballen til høgre for Sarpsborg-målvakt Kristiansen.

Og det stoppa ikkje der for sogningane: i det 39. minuttet avslutta Ole Martin Rindarøy ein kontring med å kippa ballen over bortemålvakta. Sogndal kunne gå til pause med tomålsleiing.

Nervøst i andre

Den andre omgangen starta, som den fyrste, med ein tidleg skåring til Sarpsborg. Etter det greidde ingen av laga å kjempa seg til noko overtak, sjølv om Sogndal var farleg frampå eit par gonger, mellom anna med målskårar Koomson.

Så kom Sarpsborgs Matti Lund Nielsen to minuttar før full tid og utlikna og sikra bortelaget eit viktig poeng i medaljekampen og vil liggja på bronseplass sjølv om Brann skulle slå Rosenborg på Brann Stadion seinare i søndag kveld.

– Etter pause hadde vi ikkje så mykje meir å miste, så det var berre å gi på. Etter det tidlege målet fekk vi trua på at det likevel kunne gå, seier tomålsscoraren til Eurosport.

Sogndal kjempar framleis ein desperat kamp for halda seg i eliteserien. Etter sigeren mot Stabæk ligg Tromsø framleis på kvalikkplass, men har like mange poeng som sogningane.

– Vi hadde fortent sigeren i dag. Gutane leverte ein fantastisk innsats og vi var det klart beste laget. Eg føler med dei no, men vi tek med oss poenget og kjempar vidare, seier trenar Eirik Bakke til Eurosport.

Laster innhold, vennligst vent..