Hopp til innhold

Stang ut for Sogndal

Sogndal kom seg ikkje lenger vekk frå nedrykksstreken i dagens eliteseriekamp mot Lillestrøm der den einaste skåringa kom på overtid.

Lillestrøms Frode Kippe jubler for sin 1-0-scoring under eliteseriekampen i fotball mellom Lillestrø

SKÅRING: Frode Kippe jublar for skåringa som gav Lillestrøm sigeren over Sogndal i dagens eliteseriekamp på Åråsen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Dette var ein typisk 0–0 kamp. Vi følte eigentleg at vi fekk dei inn i vårt spor. Når det då kjem ei skåring på overtid så er det veldig skuffande, seier Sogndalstrenar Eirik Bakke etter kveldens eliteseriekamp mot Lillestrøm.

Sogndal-trener Eirik Bakke etter eliteseriekampen i fotball mellom Lillestrøm og Sogndal på Åråsen s

SKUFFA: Eirik Bakke hadde håpa på å få med seg poeng frå dagens kamp mot Lillestrøm. Det gjekk akkurat ikkje.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

I førre kamp enda det 2–2 mot Molde som no ligg på sølvplass. I dag kjempa Sogndal om viktige poeng i botnen av tabellen. Kampen var ganske treig og lite skjedde. Det såg lenge ut til å gå mot uavgjort, men så slo rutinerte Frode Kippe til med ei skoring på overtid.

– Vi hadde fortent å ta med oss poeng frå denne kampen. Vi lære av dette og røyse oss opp igjen. No ser vi framover mot kampen mot Sarpsborg neste helg, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..