Demonstrantane hadde ein bodskap til statsministeren

FØRDE (NRK): – Forhåpentlegvis får Erna Solberg det med seg: at dette finn ikkje kvinner og menn seg i. Dette er å gå over streken.

Arnhild Sollid Laukeland

APPELL: Arnhild Sollid Laukeland heldt tala under demonstrasjonen i Førde søndag kveld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ida Søgnen, og kring 100 meddemonstrantar, møtte søndag kveld opp ved Førde rådhus for å protestere mot ei endring av abortlova.

Demonstrantane hadde ein bodskap til statsminister Erna Solberg (H) og dei andre politikarane på stortinget.

– Abortlova er komen for å bli, og den skal ingen røre, seier Søgnen, som er leiar i Førde AUF.

Siste tida har tusenvis av demonstrantar over heile Noreg markert si misnøye med at abortlova i det heile er komen på forhandlingsbordet. Bakgrunnen er at Solberg har opna for å diskutere endringar i lova, dersom KrF går inn i regjeringa.

På Facebook er det planlagd demonstrasjonar i 30 byar, og kring 30.000 har vist interesse for arrangementa.

– Det er flott å sjå. Flott å sjå at så mange kom her også, seier Jorunn Russøy, som spelte under markeringa i Førde.

Ida Søgnen, leiar i Førde AUF

VIKTIG: Ida Søgnen, leiar i Førde AUF, meiner det er viktig å markere sitt syn i abortsaka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Demonstrasjonen viste også at unge engasjerer seg i saka.

– Dette er ei sak som gjeld alle kvinner, uansett alder. Dei fleste hamnar i ein situasjon der ein blir gravide, men så er det ikkje planlagt eller situasjonen slik ein drøymde om. Då er det kvinna sitt val. Ingen andre, seier Søgnen.

Russøy er samd.

– Det er heilt essensielt at kvinna får bestemme sjølv over sin eigen kropp og eige liv, seier ho.

Arnhild Sollid Laukeland, også ho Ap-politikar, heldt ein appell kanskje ikkje så mykje om abortlova og endringane som kan komme der.

– Eg vil heller rette fokus mot familiane som har sjuke og funksjonshemma barn. Kva treng familiane for at ungen skal få eit godt tilbod, eit normalt liv, vere ein arbeidstakar og god samfunnsdeltakar, seier ho.

Laukeland tykte det gjorde godt å få målbere tankane sine til eit publikum.

– Det er eit spesielt kampspel der dei på eine sida skal tvinge kvinner til å ta val som går på kryss av det dei føler dei kan klare, samstundes som dei tek vekk rettar og ytingar som dei treng for å stå i den same situasjonen, legg ho til.