Hopp til innhold

Støre og Solberg usamde i om abortlova diskriminerer folk med Downs

Abortlova er diskriminerande for menneske med Downs syndrom, slår statsministeren fast. Det er Ap-leiar Jonas Gahr Støre usamd i.

Jonas Gahr Støre og Erna Solberg i klinsj om kor vidt paragraf 2c i abortlova er diskriminerande for menneske med Downs syndrom.

– Abortlova må bli endra dersom ein skal fjerne den sjølvstendige retten til å få abort når ein har barn med Downs syndrom. Det er slik rettspraksisen har utvikla seg, seier statsminister Erna Solberg (H).

Onsdag føremiddag måtte ho og fleire statsrådar svare på ei rekke spørsmål om abortlov, «sorteringsparagraf» og hjelpeordningar då Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti utfordra dei i den ordinære spørjetimen på Stortinget.

Først måtte Solberg svare på spørsmål om regjeringa vil endre abortlova slik at kvinner som med dagens lovverk får innvilga abort, ikkje vil få det.

Ho understreka at det ikkje er eit mål, men at det no handlar om paragraf 2c i abortlova. Paragrafen blir opplevd som diskriminerande for menneske med Downs syndrom og andre kromosomavvik, fordi ein eigenskap dei har i praksis gir gravide lov til å få innvilga seinabort, påoeika ho.

Ap avviser diskriminering

Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre avviste at formuleringa i lova er diskriminerande.

– Det er ikkje nemnd ein enkelt sjukdom i den paragrafen. Eg viser til praksisen. Dei som gjer vedtak i abortnemndene gjer kompliserte vurderingar og tek ikkje lett på den oppgåva, sa Støre.

Stortingets spørretime

Jonas Gahr Støre er leiar for Arbeidarpartiet.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Han viste til at dei som opplever seg diskriminert er dei som har barn med alvorlege sjukdomar og er sterkt pleietrengande.

– Dei stangar hovudet mot veggen, og får seine svar og lite og mangefull hjelp. Det er der vi må setje inn tiltak. Her må samfunnet stille opp, i staden for eit spel om abortlova, sa Ap-leiaren.

– Må ei lovendring til

Men statsministeren peika på at rettspraksis over fleire tiår har gjort at Downs syndrom er blitt eit sjølvstendig kriterium for å få innvilga seinabort. Altså må det ei lovendring til for å fjerne eventuelle diskriminerande element, meiner ho.

Solberg innleia fleire av svara sine med at ho svara som Høgre-leiar og ikkje som statsminister, og at ho som statsminister kunne ha avvist å svare spørsmål som gjeld regjeringsforhandlingar og arbeid med partiprogram.

– Spørsmål knytt til ei ny regjeringsplattform kan vi svare på når den er ferdig.

Seinabort og sortering

I spørjetimen ba Ap-nestleiar Hadia Tajik Solberg om å forklare kvifor ho meiner at kvinner som tek seinabort på grunn av alvorleg sjukdom hjå fosteret ber eit ansvar for å ha bidrege til sortering.

– Det vil aldri vere ansvaret til den enkelte kvinne, men eit ansvar som vi politikarar har og skal ha. Vi må ha ein debatt utan å forskyve ansvaret eller individualisere det, sa Høgre-leiaren.

Paragraf 2c i abortlova blir av høgresida omtala som «sorteringsparagrafen» og «Downs-paragrafen», fordi den gir kvinner høve til å ta seinabort på foster med Downs syndrom og andre kromosomavvik.

Solberg peikar på at regjeringa ikkje har nokon politikk for å endre abortlova, men at dei har opna for å endre på ordlyden i paragraf 2c og sjå nærare på fosterreduksjon i eventuelle regjeringsforhandlingar med KrF.

– Det vil skje med føresetnad om at rettane til kvinner ikkje blir svekka, at livssituasjonen til kvinner blir lagt større vekt på, og at kvinner framleis skal kunne ta abort når fosteret ikkje er levedyktig, seier statsministeren.

– Ap tåkelegg debatten

Ho understrekar at ein må vere varsom med kva omgrep ein nyttar, men at ein også må kunne nytte omgrep som illustrerar kva debatten handlar om.

– Særleg når Aps representantar prøver å tåkelegge kva debatten handlar om.

Ho viser til at Aps helsetalskvinne Ingvild Kjerkhol i oktober sa til NRK at Solberg feilinformerer når ho kallar paragraf 2c «Downs-paragrafen» fordi Downs syndrom av medisinarar ikkje blir rekna som ein alvorleg sjukdom.

– Det er slik at paragraf 2c uomtvisteleg gir grunnlag for at påvisning av Downs syndrom gir rett til å ta abort i Noreg. Då må vi vere ærleg og seie at det er der og at det spørsmålet blir opplevd som diskriminerande. Egenskapar ved individ som veks, lever og har eit godt liv i vårt samfunn, er eit sjølvstendig grunnlag for abort, seier statsministeren.

Downs og homofili

Også helseministeren måtte svare for seg i spørjetimen. Han blei utfodra på korleis han definerer eit «ikkje levedyktig» foster, og på om han samanliknar Downs syndrom med homofili.

– Eg har aldri meint at alvorleg sjukdom er samanliknbart med homofili, slår Bent Høie fast.

Overfor SV-representant Freddy André Øvstegård peika han på at menneske ofte kan bli diskriminert ut i frå ein enkelt eigenskap, som kjønn, hudfarge, seksuell legning, funksjonshemmig eller eit ekstra kromosom.

– Eg har gitt uttrykk for ei felles erfaring. Dette er ei erfaring som gjer at det går ei linje mellom borgarrettskampen i USA, likestillingskampen, kampen for rettane til lesbiske og homofile, og dei funksjonshemma sin kamp mot diskriminering og for eit universelt utforma samfunn, seier helseministeren.

– Meiner verkeleg statsråden at det å innskrenke abortlova er løysinga for å bygge eit samfunn med plass til fleire, følgde Anette Trettebergstuen (Ap) opp.

– Alle vi som har opplevd diskriminering har eit solidarisk ansvar for å stå opp for andre som har opplevd det same, svara Høie.

Sosial ulikskap

Høie blei også utfordra av Ap-representant Tellef Inge Mørland på kor vidt ei innstramming i paragraf 2c kan føre til sosial ulikskap dersom kvinner må dra til utlandet for å få utført seinabortar.

– Eg godtek ikkje premisset om at endringar vil føre til sosial ulikskap, svara helseministeren.

Han viste til føresetnadane for ei endring som statsministeren nemnde tidlegare.

Internasjonalt omdøme

Ap er bekymra for kva omverda tenker om Noreg når vi no diskuterer abort att.

– Kva signal meiner utanriksministeren det sender til land som USA, Polen og Brasil at norske regjeringsmedlemar opnar for innstramming av abortlova, spurde Espen Barth Eide, tidlegare utanriksminister for Ap.

Han peikar på «ein internasjonal utvikling mot fleire autoritære regime, der såkalla «sterke menn» tek makta, bore fram av populistiske rørsler».

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide påpeika at det ikkje er nokon motsetning mellom å jobbe for abort i utlandet og å ha ein diskusjon i Noreg om enkelte etiske problemstillingar, med føresetnad om at rettane til kvinner ikkje blir svekka.

Også arbeids- og sosialministeren blei dratt inn i abortdebatten, då SV kom inn på ordningar som skal hjelpe familiar med alvorleg sjuke og funksjonshemma barn i kvardagen.

– Når kjem forslaget om å oppheve tidsavgrensinga for pleiepengeordninga, spurde Karin Andersen (SV).

– Det er ingen som mister pleiepengane dei neste fem åra om ein tek ut 100 prosent. Det er viktig å hugse på at endringane vi har gjort er ei betydeleg forbetring, samanlikna med ordninga som Karin Andersen aldri såg grunn til å forbetre, svara statsråd Anniken Hauglie.

Trur Solberg vil tape

SV arrangerte onsdag føremiddag eit mobiliseringsmøte mot svekking av abortlova på Stortinget for ulike kvinneorganisasjonar.

– Vi ønskjer svar på kva regjeringa eigentleg driv med, seier SV-leiar Audun Lysbakken til NRK.

Han trur at Solberg og KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad vil tape når det gjeld å endre på paragraf 2c i abortlova.

– Erna Solberg har laga eit frykteleg bråk og har utløyst mykje raseri. Vi skulle gjerne vore utan denne saka, men når regjeringa set det i gang, blir det sjølvsagt ei sak i Stortinget, og då blir det mobilisering, seier han.

Komikar Sigrid Bonde Tusvik var konferansier på møtet og er engasjert i abortsaka.

– No blir det demonstrasjonar i 15 byar på laurdag. Vi får sjå om vi ser forbanna nok ut eller ikkje. Folk er generelt rasande på at vi må diskutere abortlova gang på gang. Rettane til kvinner står på spel, ikkje for eller mot eit sorteringssamfunn, seier ho.

Sjå heile abortdebatten i den ordinære spørjetimen på Stortinget som starta like før klokka 11.30 onsdag.

AKTUELT NÅ