Hopp til innhold

Etterlyser betre hjelp til hjelpetrengande barn

TORGALLMENNINGEN (NRK): Fleire hundre møtte opp for å demonstrere mot endringar i abortloven laurdag. Ein av dei var Olaug Nilssen, som er mor til eit funksjonshemma barn.

Forfatter Olaug Nilssen har et sterkt funksjonshemmet barn og forstår at enkelte opplever paragraf 2c i abortloven som diskriminerende. Likevel deltok hun i demonstrasjonen mot endring av loven.

Forfattar Olaug Nilssen har eit sterkt funksjonshemma barn og forstår at enkelte opplev paragraf 2c i abortloven som diskriminerande.

Forfattar Olaug Nilssen skreiv i fjor boka Tung tids tale, der ho omtalar sin kamp for sonen som lid av sterk autisme.

Tusenvis demonstrerte i dag mot endringar i abortlova på 33 stader i Noreg. Nilssen stilte på demonstrasjonen i Bergen laurdag.

Sjølv ønskjer ho ikkje å endre på lovverket slik det er i dag, men ho kan forstå kvifor enkelte kan oppfatte paragraf 2c som diskriminerande.

– Eg er mor til eit sterkt funksjonshemma barn, og eg ville syntest det hadde vore heilt forferdeleg viss enkelte opplevde han som eit abortargument.

Abortdemonstrasjon

DEMONSTRERTE: Fleire hundre demonstrerte mot endringar i abortlova på Torgallmenningen i Bergen laurdag.

Foto: Bergit Sønsteby Svendseid / NRK

Ho løftar fram appellantane som kritiserte det ho omtalar som eit sorteringssamfunn.

– Eg er òg veldig einig med dei appellantane som trakk fram at det verkelege sorteringssamfunnet er det vi får når familiar med sterkt hjelpetrengande barn ikkje får den hjelpa dei treng.

– Ei slik parole høyrer heime her

Olaug Nilssen stilte, saman med andre familiar, opp under den heimelaga parolen «Betre hjelp til barn med store behov».

Ho meiner det er viktig at ein i abortdebatten også fokuserer på familiar som har barn med funksjonshemming.

Abortdemonstrasjon

HEIMELAGA PAROLE: Fleire familiar stilte opp på demonstrasjonen og etterspurde betre krav til familiar som har barn som er alvorleg sjuke eller funksjonshemma.

Foto: Olaug Nilssen / PRIVAT

– I denne debatten har det vore mange som har snakka om at det er regjeringa som innfører eit sorteringssamfunn, ved å ikkje gi god nok hjelp til dei familiane som har alvorleg sjuke barn eller barn med funksjonshemmingar.

Forfattaren meiner mykje kan bli betre i omsorga for barn og familiar med funksjonshemming.

– Det er viktigare å sørge for at levande barn med levande familiar har den hjelpa dei treng enn å innskrenke abortrettane. Ei slik parole høyrer heime i ein slik samanheng.

Ønskjer betre støtteordningar

Under parolen var det fleire tekstplakatar med ønskje om meir støtteordningar, deriblant med krav om betre pleiepengeordning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

Olaug Nilssen

STØTTEORDNING: Under parolen «Betre hjelp til barn med store behov» stilte Nilssen og dei andre demonstrantane krav om betre støtteordningar.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

– Det er vanskelegare å velje å bere fram eit barn med funksjonshemming eller sjukdom viss ein ikkje trur på at samfunnet står klare til å hjelpe til.

Representant for SV i Bergen bystyre, Hilde Boberg, er einig med Nilssen om at det er behov for fleire støtteordningar til familiar som treng det.

– Men det er veldig komplekst. Vi må passe på at om vi til dømes gjer det enklare å få ei støtteordning, så gjer ikkje det at ein mistar BPA.

Ho meiner det er viktig å lytte til familiar som har barn med behov.

– Det er vanskeleg for familiar å navigere seg gjennom systemet og vite kva ein faktisk har rett på. Eg trur det er mange som føler at systemet er mot dei, og det er ikkje slik det skal vere.